Cecilie er eit kvinnenamn som er e-form av det latinske Cecilia som går tilbake til det romerske slektsnamnet Caecil-ius/-ia laga til adjektivet caecus som tyder ‘blind’.

Namnet har fleire variantar: Cecelia, Cecelie, Cecilia, Cecilie, Ceselie, Cesilia, Cesilie, Cicilie, Cisilie, Secilie, Seselia, Sesilie, Sisilie.

Namnedag er 22. november. Silje og Sissel har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Cecilie

Kulturell bruk

  • Cecilie er eldste dotter i «Kommandørens døtre» (1886) av Jonas Lie.

Kjende personar med namnet Cecilie

Eit utval personar med namnet Cecilie, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 350 kvinner i Noreg som hadde Cecilie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Cecilie var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 9 jenter som fekk namnet Cecilie.

Utvikling i bruk av namnet

Cecilie låg på topp 1975–1979, og dette var noko før topp-perioden for andre firstava kvinnenamn på -ie, til dømes Amelie, Emilie og Nat(h)alie som var på topp rundt år 2000.

Utvikling i bruk av namnet Cecilie frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Cecilie frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg