Merete er eit kvinnenamn som er dansk form av Margareta.

Namnet har fleire variantar: Merete, Merethe.

Namnedag er 25. oktober. og Margrete har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Merete

Eit utval personar med namnet Merete, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 050 kvinner i Noreg som hadde Merete som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Merete i perioden 1900–2017, var det 63 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Merete. Dette inneber at 37 prosent hadde Merete som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Til liks med trestava namn på -a har også nokre trestava namn på -e vore mest populære i siste del av 1900-talet eller tidleg på 2000-talet. I tillegg til Merete og Merethe gjeld dette til dømes Adele, Anine, Irene, Jannicke, Kathrine, Marlene og Vibeke. Sidan år 1900 har Merete vore dobbelt så mykje brukt som stavevarianten Merethe. For opphavsforma Margarethe er det omvendt, for Margarethe er over dobbelt så vanleg som Margrete.

Utvikling i bruk av namnet Merete frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Merete frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg