Tor er eit mannsnamn som kjem av norrønt Þórr som går tilbake til ein ordstamme *zún. (Verbet dundre inneheld denne ordstammen.).

I ordet tor-den svarer tor- til gudenamnet Tor, og etterleddet -den er det same som dønn.

Namnet har fleire variantar: Thor, Tor.

Namnedag er 10. september. Tord har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Tor

Eit utval personar med namnet Tor, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 22 488 menn i Noreg som hadde Tor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Tor var det tiande mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 39 gutar som fekk namnet Tor.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Tor og Thor slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tor var på topp seinare enn Thor (i 1960-åra), og heilt allment er det vanleg at nordiske namn på Th- er tidlegare på topp enn dei på T-. Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf.

Utvikling i bruk av namnet Tor frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Tor frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tor på 1800-talet.

Tor var klart mest brukt i Telemark og Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tor på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tor var klart mest brukt i Telemark og Aust-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thor.)

Historisk bruk av namnet Tor
Historisk bruk av namnet Tor
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg