Arve er eit mannsnamn som er yngre form av Arvid som går tilbake til det norrøne Arn-vid. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘ved’ (substantivet).

Namnedag er 1. april. Aron og Arvid har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Arve

Eit utval personar med namnet Arve, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 098 menn i Noreg som hadde Arve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. I tillegg til Arve gjeld dette til dømes Are, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Arve frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Arve frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Arve på 1800-talet.

Arve var klart mest brukt i Østfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Arve på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Arve var klart mest brukt i Østfold.

Historisk bruk av namnet Arve
Historisk bruk av namnet Arve
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg