Monika er kanskje eit gammalt fønikisk kvinnenamn, men det har seinare vore knytt til det latinske verbet monere med tydinga ‘å minne om, oppmode’. Dessutan har Monika vore sett i samanheng med det greske monachos som tyder ‘einebuar, munk’.
Monika
Personar med namnet Monika
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet, var Monika Lundh fødd 1860 i Råde (Østfold).
Kulturell bruk
- Filmen «Sommaren med Monika» (1953) av Ingmar Bergman.
Kjende personar med namnet Monika
Eit utval personar med namnet Monika, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Monika Maron (1941)
- Monika van Paemel (1945)
- Monika Fagerholm (1961)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 075 kvinner i Noreg som hadde Monika som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Kvinnenamn med minst tre stavingar har oftast utanlandsk opphav. Dei som endar på -a, var lite brukte på 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Frå då av – eller litt seinare – byrja dei å bli populære. I tillegg til Monika og varianten Monica (begge med topp 1970–1974) gjeld dette mellom anna Anita og Camilla. Sidan år 1900 har Monica vore brukt nesten fem gongar meir enn Monika.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.