Agder hadde på slutten av 1800-talet over åtte prosent av befolkninga i landet. Ved overgangen frå seglskip til dampskip oppstod ei krise i skipsfarten, ei svært viktig næring i Agder, noko som gav langvarige verknader på befolkningsutviklinga i fylket. Frå denne tida og fram til 1960-talet søkk den relative delen av Noregs befolkning busett i Agder til 5,2 prosent. Frå midten av 1960-talet har fylket hatt ein relativt sterkare befolkningsvekst enn landet samla sett og dermed ein aukande del av folketalet i landet; i 2023 låg denne på 5,7 prosent.
I tiårsperioden 2013–2023 auka folkemengda i Agder med gjennomsnittleg 0,9 prosent årleg, ein marginalt sterkare auke enn i landet samla sett som hadde ein auke på 0,8 prosent i same periode. Etter kommuneinndelinga frå 2020 var veksten i denne perioden størst i Kristiansand-området (Kristiansand og Vennesla), og svakast i Flekkefjord-området (Flekkefjord, Sirdal og Kvinesdal) og i Setesdal (Evje og Hornnes, Iveland, Bygland, Valle og Bykle).
Sju av dei 25 noverande kommunane i fylket hadde lågare folketal i 2023 enn i 1950. Alle desse ligg i innlandet, to i Setesdal (Bygland og Valle), to høyrer blant dei indre skogbygdene aust i fylket (Gjerstad og Åmli), og to ligg i øvre del av dei nord-sørgåande dalstrøka i vest (Hægebostad og Åseral). Den siste av kommunane med lågare folketalet i 2023 enn i 1950 er Tvedestrand.
Dei områda som har svakast befolkningsutvikling, har også stort sett den lågaste tettstadsdelen i befolkninga. Agder samla sett hadde ein tettstadsdel på 80 prosent i 2022 mot 83 prosent i landet samla sett. Tettstadsdelen er størst i Kristiansand-området (Kristiansand og Vennesla) og i kystkommunane i austre del av fylket (Risør, Tvedestrand, Arendal, Grimstad og Lillesand) der høvesvis 93 og 82 prosent av befolkninga bur i tettstader (2022).
Til samanlikning har dei indre stroka av Agder, som i aust omfattar dei indre skogbygdene (Gjerstad, Vegårshei, Åmli, Froland og Birkenes), likeeins dei fem kommunane i Setesdal, og i vest dei øvre dalstroka (Åseral, Hægebostad og Sirdal), ein betydeleg lavere tettstadsdel. Samla sett budde berre 43 prosent av befolkninga i dette området i tettstader i 2022.
Kristiansand er den klart største tettstaden i Agder med 65 506 innbyggjarar (2022). Deretter følgjer Arendal (44 352), Korsvik (18 802), som ligg i Kristiansand, på austsida av Topdalsfjorden, Grimstad (13 956) og Vennesla (13 617). Over 10 000 innbyggjarar har også Mandal (11 122) og Søgne (10 661). Agder har ytterlegare tre tettstader med fleire enn 5000 innbyggjarar i 2022, og alle desse ligg ved kysten: Lillesand (8148), Flekkefjord (6049) og Lyngdal (Alleen; 5271).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.