Faktaboks

Administrasjonssenter
Lyngdal (Alléen)
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Vest-Agder)
Innbyggjartal
10 480 (2022)
Landareal
606 km²
Høgaste fjell
Ørnemyrfjellet (578 moh.)
Innbyggjarnamn
lyngdøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
4225 (frå 01.01.2020, tidlegare 1032)
Kommunevåpen fra 2020
Kart: Lyngdal kommune i Agder
Lyngdal kommune i Agder fylke.
Kart: Lyngdal kommune i Agder
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Audnedal

Audnedal vart ein del av Lyngdal kommune i 2020. Frå Konsmo, som var administrasjonssenter i tidlegare Audnedal kommune. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Lyngdal

Lyngdal. Grønsfjorden sett mot søraust, frå brua over Jåsund. Dette tronge sundet bind saman Grønsfjorden og Lenefjorden innenfor. Grønfargen på vatnet kjem av algar. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Lyngdal er ein kommune i Agder fylke. Kommunen vart til ved samanslåing med Audnedal kommune i 2020, som del av den landsomfattande kommunereforma.

Den tidlegare kommunen Lyngdal omfatta kysten mellom Grønsfjorden/Lenefjorden i aust og Åptafjorden i vest, landet på båe sider av Lyngdalsfjorden sin indre del og dalføret rundt Lygna innanfor, til litt nord for Birkeland, i tillegg til heiane omkring.

Frå 2020 omfattar kommunen òg tidlegare Audnedal kommune i nordaust, det vil seie øvre del av Audnedalen med elva Audna, og dessutan bygda Sveindal i Mandalen, begge med heiane omkring.

Lyngdal vart oppretta som kommune som ledd i innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837. Kvås og Austad vart i 1908 skilde ut som eigne kommunar. I 1963 vart Lyngdal slegne saman med Kvås og Austad igjen, og vart samstundes tillagd Gitlevåg-området, av dåverande Spangereid kommune. Lyngdal fekk dei noverande grensene sine i 2020, då kommunen vart samanslegen med Audnedal.

Lyngdal grensar etter dette til Hægebostad i nordvest, Åseral i nord, Evje og Hornnes i nordaust, Lindesnes i aust og søraust og Farsund og Kvinesdal i vest.

Kommunestyret vedtok i 2002 at tettstaden Lyngdal kan bruke nemninga by.

Natur

Alleen i Lyngdal

Berggrunnen i heile kommunen er grunnfjell og består hovudsakleg av gneis og granitt. Båe dei to hovuddalføra, Lyngdalen i vest og Audnedal i aust er tronge, med relativt slakt fall og bratte dalsider. Lyngdalen opnar seg lengst sør til Lyngdalssletta, som er vid og open.

I det tidlegare Lyngdal i vest når heiane opp i 300–500 meter over havet; høgast her er Kalåskniben, nær grensa til Farsund, med 504 meter over havet. Heiane i det tidlegare Audnedal i nordaust når noko høgare. Her ligg den høgaste toppen til kommunen, Ørnemyrfjellet (578 meter over havet), nær grensa mot Hægebostad og Åseral. Praktisk talt heile arealet til Lyngdal ligg under skoggrensa. Vel halvparten av kommunen sitt areal er skog, medan seks prosent er dekt av elvar og vatn.

Jordbruksareala i Lyngdal er relativt småe og utgjer noko under fem prosent av kommunearealet. Dei største jordbruksareala finn me på Lyngdalssletta. Elles er det ein del jordbruksareal i Audnedalen, nedanfor morenen som demmer opp Ytre Øydavatnet i sørenden, dessutan stadvis ved Øvre Øydavatn og Ytre Øydavatnet i Audnedalen, og i Sveindal, lengst nordaust i kommunen, der Mandalselva renn gjennom.

Klima

Den kaldaste månaden er februar, med normal på 1,2 °C, og den varmaste er juli, med normal på 16,4 °C. Mest nedbør er det i oktober, med normal på 148,7 millimeter, og minst er det i mai, med normal på 60,6 millimeter. Målingane er gjennomførte ved Mandal III målestasjon.

Busetjing

Folketalet i Lyngdal viste ein monaleg nedgang frå siste halvdelen av 1800-talet og fram til 1930-åra. Dette var særleg eit resultat av fråflytting frå heiegardane og ei betydeleg utvandring til Amerika, i tillegg til den meir generelle utflyttinga frå landsbygda til byane. Etter andre verdskrigen har folkemengda i Lyngdal stort sett vakse; i tiårsperioden 2009–2019 auka han til dømes med gjennomsnittleg 1,2 prosent årleg (etter grensene frå 2020), mot 1,0 prosent i Agder fylke generelt.

Av befolkninga i den nye kommunen bur 56 prosent på Lyngdalssletta, det vil seie i området mellom botnen av Lyngdalsfjorden/Rosfjorden og tettstaden Lyngdal (Alléen, Rom og Årnes), administrasjonssenteret i kommunen. I alt bur 83 prosent av befolkninga i den tidlegare Lyngdal kommune og 13 prosent i tidlegare Audnedal (2019).

Bustadbygginga har dei siste åra vore særleg konsentrert til området Rom, ved E39, nordaust i tettstaden Lyngdal. Alléen har utvikla seg til eit handel- og servicesenter for Lyngdal og bygdene omkring. Andre tettstader er Skomrag og Svenevik, som båe ligg i indre delen av Rosfjorden. I alt bur 54 prosent av innbyggjarane til kommunen i tettstader (2018), mot 79 prosent i tidlegare Vest-Agder fylke samla sett.

Tidlegare Audnedal har ingen tettstader. Busetjinga her er for det meste konsentrert til Audnedalen, særleg områda rundt Konsmo og Helle i sør, og Byremo i nord.

Kart over Lyngdal kommune
Kart over Lyngdal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er varehandel-, overnattings- og serveringsverksemd den viktigaste næringa i Lyngdal, måla i sysselsetjing, med 24 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2018). Industrien er nest største næringa, med 15 prosent av arbeidsplassane, 26 prosent, dersom ein inkluderer byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning.

Industrien byggjer i stor grad på skogbruket, og den dominerande industribransjen etter sysselsetjing er trelast- og trevareindustri med 83 prosent av dei tilsette i industrien (2017). I Lyngdal er dette mellom anna Fibo-Trespo AS på kommunen sitt industriområde på Kvåvikmoen ved botnen av Lyngdalsfjorden og BerryAlloc AS på Rom. Audnedal òg har mykje verksemd i denne bransjen, som sagbruk, høvleri og ferdighusproduksjon (Konsmo Fabrikker AS). Særskilt for kommunen er at dei har mykje foredling av lauvtrevirke (Øydna Sagbruk AS) og ein tradisjonsrik tønnestavproduksjon.

Andre viktige industribransjar i Lyngdal er (prosentdel av dei industrisysselsette i 2017): verkstadsindustri (tolv prosent), næringsmiddelindustri (fire prosent) og gummi-, plast- og mineralsk industri (seks prosent).

Jordbruket er i hovudsak basert på husdyrhald, i fyrste rekkje storfe og sau. Det er elles noko hønsehold. Det blir dyrka noko poteter og grønsaker. Sidan 1950 har Lyngdal hatt éin av dei statlege planteskulane, noko som har vore viktig for skogplantinga i fylket. Skogavverkinga i 2020 utgjorde 50 250 kubikkmeter.

Lyngdal er den viktigaste turistkommunen i fylket etter Kristiansand, ikkje minst på grunn av sommartrafikken på og nær kysten. Kommunen har i alt rundt 1200 kommersielle overnattingsplassar (2015), og i tillegg rundt 2000 private hytter og 1000 oppstillingsplassar for campingvogner ved campingplassane. Nye hytteområde er under utvikling. Ein anslår at folketalet i kommunen meir enn doblar seg om sommaren.

Av dei busette yrkestakarane i Lyngdal har 34 prosent arbeid utanfor kommunen. Av desse arbeider sju prosent i Mandal, seks prosent i Farsund og Flekkefjord, fem prosent i Kristiansand, tre prosent i Lindesnes og to prosent i Kvinesdal (2018).

Samferdsel

Markøy fyrstasjon var tvillingfyr med Lindesnes fyr i over hundre år.
Markøy fyrstasjon var tvillingfyr med Lindesnes fyr i over hundre år.

Sørlandsbanen fylgjer Audnedalen frå Konsmo til Audnedal stasjon (54 kilometer frå Kristiansand), og går så vestover gjennom Hægebostadtunnelen, til Snartemo stasjon i Hægebostad. Herfrå er det bussamband sørover til Lyngdal tettstad og Farsund. Lyngdal har elles bussamband med Mandal og Kristiansand.

E39 (Ålborg–Kristiansand–StavangerBergenTrondheim) går gjennom Lyngdal. Ved Rom kryssar den fylkesveg 43 (Farsund–Lyngdal–Eiken), som knyter saman E39 og indre veg gjennom Agder, fylkesveg 42 Arendal–Evje–Egersund. Gjennom nordre del av Lyngdal går fylkesveg 461 over heia frå Liknes til Kvås og vidare til Konsmo i Audnedalen, og så til fylkesveg 455 i Lindesnes kommune. Fylkesveg 460 følgjer Audnedalen, og knyter saman E39 i Vigeland i Lindesnes med fylkesveg 42, som kryssar dalen i nord.

Lyngdal har moderne djupvasskai i Agnefest. inst i Rosfjorden.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Grindheim kyrkje
Grindheim kyrkje
Kvås kyrkje
Kvås kyrkje

KVS-Lyngdal, tidlegare Lyngdal jordbruksskule, ligg i kommunen, og er ein vidaregåande skule eigd av Indremisjonsforbundet, med ei rekkje yrkesfaglege linjer. Nord i kommunen ligg Kvås folkehøgskule, som tilhøyrer Norsk Luthersk Misjonssamband. Det er fylkeskommunal vidaregåande skule, med yrkesretta linjer, på Byremo.

Lyngdal høyrer til Agder politidistrikt, Agder tingrett og Agder lagmannsrett.

Lyngdal er med i regionrådet Lister interkommunale politiske råd, saman med Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal og Sirdal.

Lyngdal kommune omfattar dei tre sokna Lyngdal, Grindheim og Konsmo, i Lister og Mandal prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde tidlegare Lyngdal til Lister fogderi i Lister og Mandals amt. Tidlegare Audnedal høyrde til Mandal fogderi i same amt.

Delområde og grunnkrinsar i Lyngdal

Luftfoto av Rosfjorden, sett sørover frå fjordbotnen med Agnefest og Rosfjordsanden ved fjordbotnen
Luftfoto av Rosfjorden, sett sørover frå fjordbotnen med Agnefest og Rosfjordsanden ved fjordbotnen

For statistiske formål er Lyngdal kommune (per 2020) delt inn i fire delområde, med til saman 25 grunnkrinsar:

  • Lyngdal vestre: Meland, Årnes, Hårikstad, Omland
  • Lyngdal østre: Rom/Bringsjord, Foss, Oppsal, Vemestad/Brådland, Kvås
  • Lyngdal søndre: Ådnesgård, Bruseland, Alleen/Berge/Rosfjord, Eikeland, Jåsund, Austad, Belland, Korshamn
  • Audnedal: Brastad, Viblemo, Konsmo, Audnedal, Ågedalstø, Øydna, Byremo og Håland/Sveindal

Historikk og kultur

Lyngdalskua
Lyngdalskua
Lyngdalskua
Lisens: CC BY SA 3.0

Lyngdal har talrike oldtidsfunn. Vest for Konsmo finn ein restar etter ei bygdeborg frå folkevandringstida. Ifølgje sagaen vitja Heilag-Olav Seløy i Lyngdal hausten 1028; restane av ei steinkyrkje der blir sett i samband med dette. Ved Lyngdal kyrkje står Per Palle Storms minnesmerke over Heilag-Olav. På Markøy står restane etter eit kolblussfyr, som vart nedlagt i 1844, etter å ha fungert som tvillingfyr for Lindesnes fyr frå 1725.

Lyngdal og Austad kyrkjer er båe trekyrkjer med krossplan, frå høvesvis 1848 og 1803. Også Grindheim (frå 1783) og Konsmo (frå 1802) er trekyrkjer med krossform. Grindheim kyrkje er rikt dekorert innvendig. Kvås kyrkje er ein langkyrkje i tre frå 1836.

Nordvest i kommunen ligg Undalens molybdengruver, som var i drift under fyrste verdskrigen. Det har i tillegg vore sporadisk drift på jernmalm i Brandsdalen. På Hausvikodden, ved munninga av Rosfjorden, ligg eit kystfestningsanlegg frå andre verdskrigen.

Audna er den nest-viktigaste fiskeelva på Sørlandet, etter Mandalselva. Elva var den første i landet som vart fullkalka, for å eliminere skadane etter sur nedbør. I Lyngdalsvassdraget går laksen opp til den 36 meter høge Kvåsfoss.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet til Lyngdal før 2020

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kommunevåpenet til nye Lyngdal kommune (godkjent i 2020) viser eit kvitt tre ved ei elv på grøn bakgrunn. Det symboliserer at skogbruk og landbruk står sterkt i den nye samanslåtte kommunen, men også at folket der er oppteke av vekst og rørsle.

Namnet kjem av elva Lygna, avleidd av norrønt logn, ‘stille, roleg', som siktar til dei mange rolege partia til elva gjennom Lyngdalen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Eikeland, Sigmund: Lyngdal: fra istid til nåtid, 1981
  • Knudsen, Sigurd Ernst, red.: Lyngdal kirke 150 år 1848–1998, 1998, isbn 82-994729-0-3
  • Lian, Oddleif og Klev, Ådne Fardal: Lyngdal, 1981–99, sju bind, isbn 82-991979-0-2
  • Lyngdal i bilder i det 20. århundre, 2003, to bind
  • Bergstøl, Tore: Konsmoboka, 1964–66, to bind
  • Breilid, Magnus: Bjelland, bind 1: Gards- og ættesoge, 1965
  • Breilid, Magnus: Grindheim, bind 1: Gards- og ættesoge, 1966
  • Breilid, Magnus: Kultursoga for Bjelland og Grindheim, 1974

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg