Suldal er ein kommune i Rogaland, nordaust i Ryfylke og er den største kommunen i Rogaland etter areal.
Suldal omfattar, forutan den eigentlege Suldal (dalføret med Suldalslågen og Suldalsvatnet) med sidedalar og omliggjande fjelltrakter, også landa omkring Sandsfjorden og Hylsfjorden og dessutan ytre del av Saudafjorden. Kommunen når i vest fram til Vindafjorden og omfattar såleis heile Ropeidhalvøya, og den når i sørvest til Jelsafjorden/Erfjorden. Til Suldal høyrer òg Foldøyna utanfor munningen av Vindafjorden og Sandsfjorden.
Suldal kommune vart oppretta i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret. Sauda vart skilt ut frå kommunen i 1842. Sidan hadde Suldal uendra grenser til 1965 då dei tidlegare kommunane Sand, Erfjord, Imsland sine område sør for Vindafjorden, og Jelsa (unnateke Buergårdene på Ombo, som vart overført til Hjelmeland), vart lagt til kommunen.
Dei noverande grensene sine fekk Suldal i 1978 då Vormestrand-området nordvest på Ropeidhalvøya, med 13 innbyggjarar (før 1965 i Vikedal kommune), vart overført til Suldal frå Vindafjord.
Suldal grensar i nordvest til Vindafjord (Rogaland) og Etne (Vestland fylke), i nord til Sauda (Rogaland) på begge sider av Saudafjorden, i nordaust til Ullensvang (Vestland), i aust til Vinje (Vestfold og Telemark) og Bykle (Agder) og i sør til Hjelmeland (Rogaland). I sjøen i sørvest grensar Suldal til Stavanger og Tysvær, begge i Rogaland.
Kommentarer (1)
skrev Olav Veka
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.