Faktaboks

Administrasjonssenter
Evje
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Aust-Agder)
Innbyggjartal
3 653 (2022)
Landareal
549 km²
Høgaste fjell
Midtstrandnuten (790 moh.)
Innbyggjarnamn
evdøl, horndøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
4219 (frå 01.01.2020, tidlegare 0937)

Kommunevåpen

Kart: Evje og Hornnes kommune i Agder
Evje og Hornnes kommune i Agder fylke.
Kart: Evje og Hornnes kommune i Agder
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Evje og Hornnes

Evje og Hornnes ligg på begge sider av elva Otra. Biletet viser Hornnes tettgrend, på vestsida av elva, med Hornnes kyrkje, ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1828. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Evje og Hornnes er ein kommune i Agder, om lag 50 kilometer nord for Kristiansand. Evje og Hornnes omfattar begge sider av elva Otra og strekkjer seg frå Byglandsfjord i nord til Hodnesund i sør. Evje og Hornnes er handels- og skulesenter for dei indre bygdene på Agder. Evje er administrasjonssenteret i kommunen.

Evje og Hornnes var to kommunar fram til 1960. Evje var eiga kommune frå 1877 då Evje og Vegusdal vart delt i to kommunar, Hornnes frå 1886 då Hornnes og Iveland òg vart delt. I 1986 blei òg området Lislevand i Birkenes innlemma i kommunen. Eit område i Hovlandsdalen vart flytta frå Birkenes kommune til Evje og Hornnes 1. januar 2020.

Kommunen grensar i nord til Bygland, i nordaust til Froland, i søraust til Birkenes, i sør til Iveland og Vennesla, i sørvest til Lindesnes og i vest til Lyngdal og Åseral.

Natur

Evje mineralsti.
Evje mineralsti.
Otra.

Berggrunnen i heile kommunen høyrer til grunnfjellet, i hovudstad ulike gneisar og granitt, stadvis av overgangsformer mellom desse. I søraustre del av kommunen består berggrunnen av gabbro. I berggrunnen opptrer det ei rekkje sjeldne mineral, mellom anna mineral til produksjon av smykkesteinar, og Evje er i så måte kjent blant geologar og mineralogar. Elles er det ein betydeleg førekomst av nikkel i kommunen, som vart drive i perioden 1872–1946 (Flåt gruver).

Otra fell frå 203 meter over havet i Byglandsfjorden til 170 meter over havet i Kilefjorden på sitt 27 kilometer lange løp gjennom kommunen. På begge sider av dalen reiser skogkledde heiar seg bratt opp. Heiene aukar i høgd nordover, og den høgaste toppen til kommunen, Midtstrandnuten på grensa til Åseral lengst nordvest i kommunen, er på 790 meter over havet. Skoggrensa ligg jamt over på rundt 600 meter over havet.

Kommunen har åtte naturvernområde:

  • Dåsvassdalen naturreservat, skogvern, 3 024,4 daa, Verna i 2017.
  • Frubæråsen naturreservat, skogvern, 923,7 daa. Verna 2019.
  • Grøneliane naturreservat, skogvern, 1 542,7 daa. Verna 2020.
  • Hovassdalen naturreservat, skogvern, 12 118,1 daa. Verna 1993.
  • Hålandsheia naturreservat, skogvern, 7 495,4 daa. Verna 2018.
  • Linddalsfjellet og Sydalen naturreservat, skogvern, 6 825,6 daa. Verna 2020.
  • Røyrtveit naturreservat, skogvern, 48,5 daa. Verna 1917.
  • Storslåtta naturreservat, myrvern, 506,7 daa. Verna 1986.

Klima

Kaldaste månad er februar med ein normal på –1,4 °C, og varmaste månad er juli med ein normal på 16,1 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 137,7 millimeter og minst er det i april med normal på 60,1 millimeter. Målingane er gjorde ved Byglandsfjord, Neset målestasjon.

Busetjing

Folketalet i kommunen auka fram mot 1946, mellom anna på grunn av verksemda i nikkelgruva, som var i drift 1872–1946. Folketalet minka deretter langsamt fram til byrjinga av 1970-talet då ny aktivitet og utvikling av Evje som handelssentrum for Setesdal førte til ein tiårsperiode med ein viss auke av folketalet. På 1980- og 1990-talet var folketalet relativt stabilt, og i tiårsperioden 2010–20 hadde kommunen ein gjennomsnittleg årleg vekst på 0,7 prosent mot 1,0 prosent i Aust-Agder fylke samla sett og 0,2 prosent årleg i dei fem Setesdalskommunene samla.

Busetjinga i Evje og Hornnes er i vesentleg grad samla i hovuddalføret, først og fremst i tettstaden og administrasjonssenteret Evje, som er kommunes einaste tettstad med 69 prosent av folkemengda til kommunen i 2019 mot 79 prosent i Agder fylke samla sett. Det er elles ein viss konsentrasjon av busetjinga ved Moi lengre sør i dalen, likeins i dei viktigaste sidedalane, Dåselva sitt dalføre og Stavedalen med fylkesveg 42 i vest, og i Flatebygd og langs Arendalsvegen (fylkesveg 42) i aust.

Kart over Evje og Hornnes kommune
Kart over Evje og Hornnes kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jord- og skogbruk er framleis ei viktig næring i kommunen sjølv om den dyrka jorda berre utgjer to prosent av kommunearealet (2020), og primærnæringane berre vel tre prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019). Av det totale arealet i kommunen utgjer skogarealet 73 prosent. Fôrproduksjon og husdyrhald er viktigaste driftsform i jordbruket. Det blir elles dyrka ein del frukt, og kommunen har betydeleg jordbærproduksjon.

Industrien i Evje og Hornnes er totalt sett beskjeden når det gjeld sysselsetjinga med berre tre prosent av dei stadlege arbeidsplassane, 13 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2019). Industrien blir prega av gummi-/plast-/mineralsk industri, tre- og møbelindustri og transportmiddelindustri. Desse tre gruppene har til saman 2/3 av kommunens sysselsette i industri (2019). Evje er utpeika som industrivekststad, men det har vist seg vanskeleg å etablere varige arbeidsplassar i næringa.

Evje og Hornnes er beskjeden som kraftkommune, med ein samla mellomliggjande årsproduksjon på 68 gigawattimar (GWh) per 2019 fordelt på fire kraftverk i kommunen. Størst enkeltverk er Uleberg med 38 GWh og fallhøgd 180 meter.

I 2019 hadde 31 prosent av kommunens busette yrkestakarar arbeid utanfor kommunen, 11 prosent i Kristiansand/Vennesla, ni prosent i resten av Setesdals-kommunane og seks prosent i Agder elles.

Samferdsel

Evje er eit trafikknutepunkt. Her møtest fylkesveg 42 (Arendal–Egersund) og riksveg 9 (Kristiansand–Haukeligrend) gjennom Setesdal. Vegnettet bidreg til rimeleg gode vilkår for handel og industri i kommunen.

Evje har bussforbindelse med Arendal. Denne går via Hynnekleiv stasjon på Sørlandsbanen. Bussforbindelse òg på strekninga Haukeli – Kristiansand.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sør for Evje sentrum ligg Evjemoen militærleir (nedlagt i 2002), Hornnes har vidaregåande skule (tidlegare landsgymnas).

Evje og Hornnes høyrer til Agder politidistrikt, Agder tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Setesdal Regionråd saman med Bygland, Bykle og Valle.

Evje og Hornnes kommune svarer til soknet Evje/Hornnes i Otredal prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Evje og Hornnes til Sætersdalen fogderi i Nedenes amt.

Delområde og grunnkrinsar i Evje og Hornnes

For statistiske formål er Evje og Hornnes kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 18 grunnkrinsar:

  • Evje: Syrtveit, Kyrkjebygda, Evje sentrum, Klepp, Åneland, Flatebygd, Gautestad
  • Hornnes: Birkeland, Senum-Moseid, Vetrhus, Dåsvatn, Kallhovd-Uleberg, Hornåsen, Fennefoss, Tveit-Hannås, Bjørndalen, Abusdal-Abusland, Fjelestad

Historikk og kultur

Kommunen har fleire geologiske attraksjonar, mellom anna Mineralparken i Evje, Evje mineralsti (nedlagde pegmatittgruver), Landsverkgruvene og Flåt nikkelgruve. I tillegg til ei rekkje kulturminne frå kommunen si bergverkshistorie, finst det eit geomuseum på Fennefoss som viser samlingar av lokale bergartar og mineral. Også Setesdalen Mineralpark på Hornnes viser fram mineral frå heile verda i ei utstilling som tek oss med på ei reise inn i fjellet.

Evje kyrkje er ein langkyrkje i tre, reist 1890–1891. Hornnes kyrkje er ei åttekanta lafta trekyrkje, bygd 1828. I Evje og Hornnes finn vi òg ei rekkje eldre kulturminne, mellom anna restar etter bygdeborgene på Horgeknipen, Kallshovet, Kleveknutten og Urdalsfjell.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1992) har to svarte gruvevogner mot ein gullfarga bakgrunn og viser til den sterke tradisjonen til gruvedrifta og betydning i kommunen.

Namnet evje står for ‘vik', siste namn er samansett av horn og nes, der ‘horn‘ blir brukt som namn på gardar 'der elva krummar seg'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Uleberg, Olav O. & Olav Arne Kleveland: Kultursoge for Evje og Hornnes, 1990-, 2 b.
  • Uleberg, Olav O., red.: Hornnes : gards- og ættesoge, 1969

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg