Faktaboks

Administrasjonssenter
Åmli
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Aust-Agder)
Innbyggjartal
1 801 (2022)
Landareal
1 058 km²
Høgaste fjell
Trongedalsnuten (929 moh.)
Innbyggjarnamn
åmling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4217 (frå 01.01.2020, tidlegare 0929)

Kommunevåpenet til Åmli har ein oppreist bever i sølv med bakovervendt hovud på blå bakgrunn.

Kart: Åmli kommune i Agder
Åmli kommune i Agder fylke.
Kart: Åmli kommune i Agder
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Åmli er ein kommune i Agder fylke, omkring dalføret til Nidelva og sidedalen Gjøvdal med skog- og heietraktene på begge sider, og dessutan Tovdal med Tovdalselva i sørvest. Åmli grensar i nord til Telemark fylke (Fyresdal og Nissedal kommunar), i vest til Bygland, i sør til Froland og i aust til Vegårshei.

Åmli kommune blei oppretta ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837. Seinare blei tre av sokna skilde ut og oppretta som nye kommunar: Mykland i 1879 og Tovdal og Gjøvdal i 1908. I 1960 blei Gjøvdal slått saman med Åmli, og kommunen fekk dei noverande grensene i 1967, då også Tovdal blei tilbakeført til Åmli. Gjøvdal og Tovdal var ved samanslåinga med Åmli blant dei aller minste kommunane i landet etter folketal, og hadde då høvesvis 362 og 161 innbyggjarar.

Natur

Rjukanfossen i Tovdalselva

Berggrunnen i heile kommunen høyrer til grunnfjellet, hovudsakleg ulike typar granitt, men også noko gneis. Gneisen opptrer særleg i tre område: i Tovdal nordvest i kommunen, i eit område lengst aust i kommunen, aust for Åmli tettstad, og dessutan på vestsida av sjøen Nelaug lengst sør i kommunen.

Kommunen har store heiområde som stort sett ligg under skoggrensa (700–800 meter over havet). Høgast når Trongedalsnuten (929 meter over havet) på Storrfjellet nord i kommunen, mellom Tovdal og Gjøvdal. Nordover i kommunen strekk Austheiene seg, eit mykje besøkt hei- og fjellområde med mange merka fotturruter og turisthyttene Skarsvassbu og Grunnetjørnsbu.

Dei viktigaste dalføra går i nordre del av kommunen mot søraust. Sør for Åmli tettstad og Nelaug bøyer dalane av mot sørvest. Nidelva (med tilløpet Gjøv) munnar ut i Arendal, Tovdalselva i Topdalsfjorden aust for Kristiansand. I øvre del av Tovdalselva ligg den flotte Rjukanfossen nord for Dale.

Landskapet er dominert av skog (78 prosent av totalarealet). Ni prosent av arealet ligg over skoggrensa. Den dyrka jorda er svært beskjeden, som elles i dei indre bygdene i fylket og utgjer berre ein prosent av totalarealet.

Kommunen har 21 naturvernområder. Dei største er alle oppretta for å verne skog:

  • Urdvatn og Kallingsheii naturreservat, skogvern 34 101,5 dekar, verna 2019
  • Årdalen naturreservat, skogvern, 21 260,6 dekar, verna i 1993
  • Rukkevatn naturreservat, skogvern, 19444,1 dekar, verna 1993
  • Skjeggedalsheii naturreservat, skogvern, 27 795, 3 dekar, verna 2020
  • Vardeheia naturreservat, skogvern, 20 495,2 dekar, verna 2017
  • Vereknutane naturreservat, skogvern, 17 504,4 dekar, verna 2007

I tillegg har kommunen to naturvernområder som er oppretta for å ta vare på myr:

  • Furubuheii naturreservat, verneplan for myr, 1 890.8 dekar, verna 1986
  • Reismyr naturreservat, verneplan for myr, 1 143,9 dekar, verna 2017

Klima

Den kaldaste månaden er januar med normal på −1,6 °C, og den varmaste månaden er juli med normal på 16,7 °C. Mest nedbør er det i november med normal på 164,4 millimeter, og minst er det i april med normal på 68,4 millimeter. Målingane er gjorde ved Nelaug målestasjon.

Busetjing

Busetjinga er tettast rundt administrasjonssenteret Åmli (702 innbyggjarar i 2015), som også er den einaste tettstaden i kommunen. Kommunen hadde med dette 39 prosent av innbyggjarane busette i tettstader, mot 73 prosent i fylket samla sett. Det er ei mindre tettgrend ved Nelaug stasjon søraust i kommunen og ein viss konsentrasjon av busetjing også i Tveitområdet rett aust for kommunesenteret. Elles er det noko spreidd busetjing i dalføra. Dei vestre og nordre heieområda er derimot så å seie utan busetjing.

Folketalet i kommunen gjekk — med unntak for 1970-åra — stort sett tilbake frå andre verdskrigen og fram til omtrent hundreårsskiftet. Deretter har det vore relativt stabilt. I tiårsperioden 2005–2015 viste det ein liten vekst på gjennomsnittleg 0,2 prosent årleg, mot 1,0 prosent årleg i fylket samla sett.

Kart over Åmli kommune
.
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Treforedling er viktig i Åmli
Åmli er ein skogkommune, langs Gjøvdalsvegen, fylkesveg 3384

Åmli er den viktigaste skogbrukskommunen i fylket målt etter avverka tømmer. Kommunen hadde i 2016 ei avverking på 64 900 kubikkmeter, som utgjorde 16,5 prosent av den totale avverkinga i fylket. Jordbruket i Åmli har allsidig drift, men med hovudvekt på husdyrhald, særleg sau. Det blir også drive ein heil del birøkt. Samla har primærnæringane åtte prosent av arbeidsplassane i kommunen (2016).

Av arbeidsplassane i Åmli er 20 prosent innan industri, 33 prosent dersom ein inkluderer byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning (2014). Dette utgjer til samanlikning 22 prosent i fylket samla sett. Trelast- og trevareindustri er den dominerande industribransjen i Åmli med 76 prosent av arbeidsplassane i industrien (2013).

Åmli er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 406 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er åtte kraftverk i kommunen, og den største fallhøgda er 54 meter. Kraftverket med høgast snittproduksjon er Jørundland kraftverk (i drift frå 1970).

Åmli har aukande turisttrafikk, og det er etablert fleire hytteområde i kommunen.

Mange i Åmli har arbeid i andre kommunar. I 2014 gjaldt dette 37 prosent av dei yrkesaktive som er busette i kommunen. 21 prosent hadde arbeid i resten av kommunane i fylket, og 12 prosent i Arendal og 16 prosent i andre fylke.

Samferdsel

Sørlandsbanen kryssar kommunen i søraust, med stasjon på Nelaug og sidelinje herfrå til Arendal.

Den såkalla Telemarksvegen, riksveg 41 KviteseidKristiansand, går nord–sør gjennom kommunen. Frå Åmli tettstad går fylkesveg 415 søraustover mot Tvedestrand. Fylkesveg 3706 fører nordvestover gjennom Tovdal til Dale. Fylkesveg 3384 går nordvestover gjennom Gjøvdal over til Fyresdal i Telemark fylke.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Åmli høyrer til Agder politidistrikt, Agder tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Østre Agder regionråd saman med Arendal, Froland, Gjerstad, Grimstad, Risør, Tvedestrand og Vegårshei.

Åmli kommune svarer til Åmli sokn i Aust-Nedenes prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja. Det er tre kyrkjer i kommunen: Åmli, Gjøvdal og Tovdal.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Åmli til Nedenæs fogderi (futedømme) i Nedenes amt.

Delområde og grunnkrinsar i Åmli

For statistiske føremål er Åmli kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 15 grunnkrinsar: Gjøvdal, Homdrom, Sandå, Åmli 1, Åmli 2, Tveit, Skeimo, Simonstad, Mosberg, Flaten, Nelaug, Tovdal, Skjeggedal, Åmli 3 og Eppeland.

Historikk og kultur

Åmli kyrkje
Åmli

Åmli. Åmfoss bru over Nidelva i Åmli sentrum. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

I Årdalen naturreservat er det funne 6-7000 år gamle gamle boplassar.

Åmli kyrkje er ei langkyrkje i tre (nygotisk stil) frå 1909. I tettstaden ligg Elvarheim museum for jakt og fangst og Åmli Bygdetun. Her fører Åmfoss bru (1918), truleg ei av dei lengste steinbruene i Nord-Europa (135 meter), over Nidelva.

Tovdal kyrkje er ei lita langkyrke i tre frå 1820

Det er restar av eit gardsanlegg frå jernalderen på Jørundland i Gjøvdal.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har ein oppreist bever i sølv med bakovervendt hovud på blå bakgrunn. Kommunen har tradisjonelt hatt fast beverstamme.

Namnet er sett saman av trenamnet alm og li. Åm for alm er vanleg i dialektane på Sørlandet og deler av Telemark.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Hodne, Torgils. Åmli: ætt og heim. Bind 1 og 2
  • Fiane, Egil. Åmli - Ætt og heim Bind III - IX

Kommentarar (1)

skreiv Halvard Skårdal

Offentlige institusjonerÅmli svarer til sognene Åmli og Gjøvdal i Åmli prestegjeld, Aust-Nedenes prosti i Agder og Telemark bispedømme, Åmli lensmannsdistrikt i Arendal politidistrikt og hører under Aust-Agder tingrettÅmli vidaregåande skole.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg