Gulatingslova

Manuskriptet Codex Rantzovianus (E Don Var 137 4to, bl. 7r), Rantzau-boka, det einaste fullstendige pergamenthandskriftet av den eldre Gulatingslova som eksisterar i dag. Manuskriptet oppbevarast i Det kongelige bibliotek i København.

Av /Handbok i norrøn filologi.

Eit av handskriftene til Gulatingslova. Orda «þat er fyst» («det er fyrst») innleiar kapittelet om mannhelg, det vil seie rettsvern mot overgrep på liv, legeme eller ære.

Av /KF-arkiv ※.
Lisens: Gjengitt med tillatelse

Gulatingslova er ei samling rettsreglar som gjaldt for Gulating. Gulating var saman med Frostating, Borgarting og Eidsivating eitt av fire lagdøme på det norske fastlandet i mellomalderen. Kvart lagdøme hadde sin eigen landskapslov. Ein skil mellom den eldre Gulatingslova, som gjaldt fram til 1267, og den nye Gulatingslova, som gjaldt frå 1267 til 1274. I 1274 fekk heile Noreg for fyrste gong ein felles lov, kong Magnus Lagabøters Landslov.

Gulatinget vart opphaveleg holdt i Gulen like sør for Sognefjorden og vart truleg oppretta om lag 930. Lova vart framført munnleg fram til rundt 1100, da ho vart skreve ned. Det eldste eksisterande manuskriptet av den eldre Gulatingslova er frå slutten av 1100-talet, medan den eldste komplette utgåva er frå midten av 1200-talet. Av den nye Gulatingslova frå 1260-åra er kun Kristendomsbolken bevart.

Den nye Gulatingslova vart avløyst av Landslova i 1274.

Manuskriptdatering

Opphaveleg har Gulatingslova vorte framført og overført munnleg. Truleg ein gong mellom siste halvdel av 1000-talet og midten av 1100-talet var retten i Gulating nedskriven.

Det har vorte hevda av fleire at den eldre Gulatingslova vart nedskriven alt på siste halvdel av 1000-talet. Den lærde skrifttradisjonen var tilstrekkeleg utbreidd og sterk i Noreg på det tidspunktet til at det er mykje mogeleg. Frå om lag midten av 1100-talet var det fleire personar i den norske styringseliten med inngåande kunnskap om romerrett og kanonisk rett, som var velutvikla skriftlege rettstradisjonar. Ei fyrste nedskriving av Gulatingslova seinare enn midten av 1100-talet er difor lite truleg.

Det eldste eksisterande manuskriptet av den eldre Gulatingslova er frå slutten av 1100-talet. Det einaste komplette manuskriptet, kalla Rantzau-boka (etter Christian Rantzau), vert datert til midten av 1200-talet. Til dømes historikar Knut Helle ser revideringa av den eldre Gulatingslova på dette tidspunktet som ein del av førebuinga av ei riksdekkjande lovbok. I så fall er det naturleg å datera Rantzau-boka meir presist til om lag 1260.

Innhald

Den eldre Gulatingslova er sett saman av fjorten bolkar. Kvar bolk består av fleire kapitel, og det er vanleg å delta heile rettsboka opp i 319 kapitel. Kvart kapittel er igjen sett saman av ulike rettereglar. Det er ei svært stor breidde i dei mange saksområde som er regulert i den eldre Gulatingslova.

Fyrst i den eldre Gulatingslova står Kristendomsbolken, som inneheld reglar som følgjer direkte av at samfunnet og retten har fått eit kristent verdigrunnlag, og om relasjonen mellom individ og kyrkja. Deretter kjem Kaupbolken med reglar om avtaleinngåing og gjeld. Vidare kjem ein bolk med reglar om giftarmål, og så ein om reglar for trælar og trælhald. Landsleigebolken inneheld reglar om eigedom og naturressursutnytting i vid forstand, medan arvebolken inneheld eit ganske vidt spekter av reglar om arv.

Bolken om tingbod har ein lengre regel om tinghald, eit sett med reglar om eider som kan sverjast på tinget i samband med ei rettssak, og inneheld elles det som ein kan mistenkja er ei laus samling lovreglar gjeve av ulike kongar saman med tinget. Deretter kjem nettopp ein bolk med rettarbøter (særlover gjeve av kongen), men den inneheld bare tre korte kapitel. Den påfølgjande bolken om kvalrett er òg heilt kort. Det er ikkje Mannhelgbolken, som utgjer ein vesentleg del av heile den eldre Gulatingslova, og inneheld det ein i dag vil kalla straffe- og erstatningsrettsreglar. Deretter følgjer tjuvbolken, og så ein bolk med reglar som gjeld odel. Den eldre Gulatingslova vert avslutta med saketalet til Bjarne Mårsson, som er ei oppramsing av nære slektningar si rett på og plikt til å betala bøter ved drap.

Innhaldsopphav

1800-talet var stordomstida for forsking på norsk mellomalderrett. Då vart den eldre Gulatingslova gjerne lest som produkt av ein germansk rettstradisjon som hadde gått tapt elles i Europa etter påverknad frå særleg romersk rett. Klare parallellar mellom rettsreglar i den eldre Gulatingslova og nettopp romersk rett vart difor oversett.

Den germanske innfallsvinkelen til studiet av norsk mellomalderrett vart forlatt i løpet av 1900-talet. Til dømes Knut Robberstad, professor i rettshistorie frå 1941 til 1969, peika på påfallande likskap mellom einskilde rettsreglar i den eldre Gulatingslova og utanlandsk rett. Seinare forsking har vist at særleg romersk og kanonisk rett har klart påverka innhaldet i rettsboka.

Ein har etter kvart òg forlete ein meir einsidig fokus på opphavet til reglane i den eldre Gulatingslova, og i staden hatt meir fokus på korleis reglane er omdanna og tilpassa ein ny kontekst.

Innhaldsdatering

Fyrst i den eldre Gulatingslova står altså Kristendomsbolken. I fleire av dei bevarte manuskripta vert det i denne bolken skild mellom rettsreglar som ein tilskriv kongane Olav den heilage og Magnus Erlingsson. Ein refererer gjerne til Olavsteksten og Magnusteksen. Olavsteksten skal vera den kristenretten som Olav den Heilage fekk vedtatt i 1024 på tinget på Moster i Sunnhordland. Den eksakte dateringa kan diskuterast. Men til dømes Besses lov i kristenretten for Borgarting viser at det på fyrste halvdel av 1000-talet var eit behov for reglar om kristen livsførsel. Biskop Grimkjell, som var i følgjet til Olav den heilage, hadde òg etter Olav sitt fall ein karrière som indikerer at han sat inne med ein kunnskap som gjorde at han kunne ha vore med å formulera ein kristenrett.

Magnusteksten er det vanleg å sjå som gjeve av Magnus Erlingsson etter at han vart krona av erkebiskop Øystein til norsk konge i 1163 eller 1164. Ein har sett på desse endringane i og tillegga til Kristendomsbolken som initiert av erkebiskopen. Det er grunn til å ha eit meir nyansert syn på opphavet til Magnusteksten, og ikkje mista av syne at reglane i stor grad gjev kongsmakta ei klarare styringsoppgåve og ansvar for lov og rett enn tidelgare.

Det er òg andre deler av den eldre Gulatingslova som med stor visse kan førast tilbake til fyrste halvdel av 1000-talet. I kapittel 314 i den eldre Gulatingslova heiter det at reglane som vart nedteikna om leidangen, det sjøbaserte forsvaret av landet, vart føresett å vera i samsvar med det som Atle hadde sagt fram på Gulating. Mellom anna Knut Helle reknar at han sa fram reglane om leidangen rundt 1040. Det er om lag samstundes som rettarbøtene til Magnus den gode vart laga, som og tatt inn i den eldre Gulatingslova i ein eigen bolk saman med ei rettarbøter av Håkon Toresfostre.

I den eldre Gulatingslova finn ein at det er gjort ein ganske konsekvent bruk av 20 år som hevdsfrist. Teknikken med bruk av eksakte tidsfristar skrive seg frå studiet av romersk og kanonisk rett frå midten av 1100-talet, og vart ikkje aktivt brukt i rettspraksis før på byrjinga av 1200-talet. Det gjer at ein kan hevda at den eldre Gulatingslova har vorte redigert, og truleg fått ein del nye reglar, om lag på det tidspunktet. Særleg tolvte bolk om odel ber preg av sein redigering.

Sist i den eldre Gulatingslova står det alt nemnte saketalet til Bjarne Mårsson. Bjarne Mårsson er nemnt i Håkon Håkonssons saga som lagmann i Hålogaland i 1223, så denne delen av den eldre Gulatingslov må skriva seg frå fyrste halvdel av 1200-talet.

Dei ulike delane av den eldre Gulatingslova ber preg av ulik grad av revisjon og gjennomarbeiding. Til dømes Mannhelgbolken, som er den mest omfattande av dei fjorten bolkane, ser i liten grad ut til å ha vorte oppdatert. Den alt nemnte Odelsbolken er eit døme på det motsette.

Tilhøvet mellom den eldre og den nye Gulatingslova

Det har vore vanleg å rekna den nye Gulatingslova som ein revisjon av den eldre Gulatingslova, gjort av kong Magnus Lagabøter som fyrste del av eit større revisjonsarbeid av rettsbøkene for alle dei fire lagtinga. I ei rettarbot frå 1271 heiter det at færøyingane no skal bruka den nye lovboka, og bare bruka busetnadsbolken frå den gamle. Dette indikerer at det med den nye Gulatingslova skjedde ei samordning av retten i Gulatinget, som òg omfatta skattlanda Færøyane, Shetland og Orknøyane.

Ebbe Hertzberg, og seinare Magnus Rindal og Anna Catharina Horn, har hevda at den nye Gulatingslova derimot var gulatingsversjonen av ei ny landsdekkjande lov. Frå den synsstaden var den nye Gulatingslova i all hovudsak lik dei lovbøkene som seinare vart vedtatt på Borgarting og Eidsivating i 1268, som vart forsøkt vedtatt på Frostating i 1269, og som låg til grunn for den islandske lovboka Jarnsiða frå 1271.

Det einaste ein har bevart frå lovarbeidet i 1260-åra, er Kristendomsbolken frå den nyare Gulatingslova og om lag ein tredjedel av Kristendomsbolken frå Borgartingslova. Som Bjørg Dale Spørck har peika på, er det ein stor grad av samanfall mellom dei to, men dei er ikkje identiske. Det er mogeleg det same var tilfelle for resten av lovbøkene og ikkje bare Kristendomsbolken, utan at ein kan vita dette sikkert. I så all var den nye Gulatingslova ein del av eit landsomfattande og ikkje regionalt lovarbeid, men resultatet var ikkje meint å vera så sameint som det var med Landslova av 1274.

Utgåver og litteratur

Den eldre Gulatingslova er i dag tilgjengeleg i original språkdrakt i fyrste bind av Norges gamle love, utgjeve av Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch i 1846. Den eldre Gulatingslova er ei kjeldekritisk utgåve utgjeven av Bjørn Eithun, Magnus Rindal og Tor Ulset i 1994.

Den eldre Gulatingslova er omsett til nynorsk av Knut Robberstad og utgjeven fyrste gong i 1937. Den vart omsett til engelsk av Laurence Marcellus Larson og utgjeven i The Earliest Norwegian Laws: Being the Gulathing Law and the Frostathing Law frå 1935. Den vart omsett til tysk av Rudolf Meissner og utgjeve i serien Norwegisches Recht i 1935 med tittelen Das Rechtsbuch des Gulathings. Erik Simensen arbeider med ei ny omsetjing av den eldre Gulatingslova til engelsk.

Standardverket om den eldre Gulatingslova er Gulating og Gulatingslov av Knut Helle frå 2001. Dei nyare kristenrettane er handsama i Nyere norske kristenretter utgjeve av Bjørg Dale Spørck i 2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Knut Helle: Gulatinget og Gulatingslova, 2001, isbn 82-7959-022-6

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg