Furu
Pinus sylvestris, vanleg furu, er den einaste viltveksande arten i furuslekta i Noreg.
Furu
Av .

Furu er eit bartre som høyrer til furuslekta. Det finst 100 artar i denne slekta, men vanleg furu er den einaste av dei som veks vilt i Noreg. Til gjengjeld finst furua i alle norske fylke, og ho har den største utbreiinga av alle treslag i Noreg. Av dei norske skogane utgjer furu litt meir enn fjerdeparten.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pinus sylvestris
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Vanleg furu er den furuarten med størst utbreiing i verda. Arten finst i store delar av Eurasia, frå Skottland, Noreg og nordlege Spania i vest og nesten til Stillehavet i Aust-Sibir. I sør når han ca. 37° N i Spania og Tyrkia, og i nord til over 70° N i Finnmark. I Nord-Amerika er furu ein innført art som har spreidd seg frå utplantingar, særleg i nordaustlege USA og dels også i sørlege Canada.

Furua er hardfør. Ho veks til store tre heilt opp til 1000 meter over havet i Sør-Noreg. Enkelte småfuruer går heilt opp til 1300 meter over havet. Sjølv i dei harde klimatiske forholda i Finnmark veks furutre opp til 380 meter over havet.

Furu høyrer til dei tidlege innvandrarane i Noreg og kom like etter at isen trekte seg tilbake etter siste istid. Furu dominerte då saman med hassel i den første delen av borealtida.

Tilarbeiding av furu er lett, og treslaget blir ofte brukt til trelast (materiale og trevarer). Haldbarheita er god for kjerneveden. Yteveden blir derimot lett angripen av sopp og insekt, men lèt seg, i motsetnad til gran, lett impregnere, og haldbarheita aukar dermed vesentleg.

Eigenskapar

Furu Pinus sylvestris
Furu (Pinus sylvestris). Dette treet står i Ås, Akershus fylke.
Furu Pinus sylvestris
Lisens: CC BY SA 3.0

Vanleg furu høyrer til den gruppa i furuslekta som har to nåler i kvart knippe. På unge tre er borken matt gråbrun, sidan blir han på den øvre delen av stammen lyst raudbrun og blank, men nedst på stammen tjukk og grov og til slutt sterkt oppsprokken. I Sør-Noreg blir trea ofte 20—30 meter høge. Dei høgaste furuene som er målte i Noreg, finst i TodalenNordmøre, med høgder opptil 40 meter. Dei tjukkaste trea kan få ein diameter på over halvannan meter, og alderen kan gå opp i 500—600 år. Bjønnafurua i Druggudalen (550 meter over havet) i Orkland kommune skal vera den furua i Noreg som har størst stammevolum, berekna til 12,3 kubikkmeter i 2014. Treet var då 15,7 meter høgt og hadde ein omkrins på 5,23 meter, det vil seia ein gjennomsnittleg diameter på cirka 1,69 meter.

Vanleg furu er formrik og blir i Skandinavia ofte delt inn i to underartar: skogfuru (Pinus sylvestris subsp. sylvestris) og lappfuru (Pinus sylvestris subsp. lapponica). Underarten skogfuru i Sør-Noreg har tjukk bork og brei krone, over 3,5 centimeter lange nåler, grå frøkongler og mørke frø med brunfiolette venger. Underarten lappfuru veks i nordboreal vegetasjonssone (subalpin sone, også kalla fjellskogen). Denne har tynnare bork og smal krone. Nålene er ikkje over 3,5 centimeter, og frøa er lysare med raudgul venge. Begge underartane er vurderte som livskraftige (LC) i den norske raudlista for artar (2021).

Vanleg furu har gulaktig ved og mørkare, ofte raudleg til raudbrun kjerneved med temmeleg markerte årringar. Fargetonen mørknar noko ved påverknad av lys og luft.

Røter

Furutre utviklar ei kraftig, djuptgåande pælerot – i midten av rota utviklar det seg ein kraftig rotpæl som veks rett ned i bakken. Denne sørgjer for at furutrea er svært stormsterke. Men pælerota klarer ikkje å utvikle seg på stader med lite lausmassar, der berggrunnen går nesten heilt opp til markoverflata (grunnlendt mark). Her klarer røtene berre å spreie seg utover, og furua blir med det langt meir utsett for stormfelling.

Tettleik og styrke

Vedkubbar
Furu blir nytta til ved. Furuved inneheld cirka 12 prosent mindre energi enn bjørk. Det er ikkje større risiko for soting og pipebrann under fyring med furuved enn med andre treslag.

Furuveden er hard, sterk og rik på harpiks (kvae).

Furuvirke har tettleik ved 15 prosent fukt på cirka 0,52 g/cm³. Dette gjer treslaget omtrent 10 prosent tyngre enn gran. Styrkeeigenskapane er omtrent dei same som for gran og kan karakteriserast som generelt gode til alle vanlege føremål.

Normalt har nåletre med tette årringar høgare densitet og betre styrke enn tre med breiare årringar. Furu som har vakse særleg langt mot nord (til dømes i Pasvik eller Nord-Finland), har likevel ofte så ekstremt langsam vekst at dei vil få såkalla «hungersved» med svært tette årringar (mindre enn 1 mm). Slikt virke vil ha lågare densitet og svakare styrkeeigenskapar enn normalt.

Bruksområde

Furupanel
Panel av furu (Pinus sylvestris) impregnert med kopar (Cu). Under gunstige vekstforhold gir furu verdifullt tømmer. Furuvirke er mykje brukt til panel og golvbord, og kan impregnerast til å stå imot soppangrep.
Av /NIBIO.

Furu er eit anerkjent materiale til ei rekkje føremål, som innreiings- og møbelsnikring, båtbygging, listverk og leiketøy, og i impregnert tilstand til ei rekkje utandørs konstruksjonar, som kai- og undervassbygging, bruer, stolpar for elektrisitets- og telefonlinjer, gruveføremål og anna.

Innan husbygging blir furu brukt til dei fleste føremål der tre er aktuelt, og det er særleg ettertrakta til synlege føremål som panel og golv, noko som kjem av at den mørkare kjerneveden og dei raudlege kvistene gir treet ein kraftig karakter. Vidare blir furu brukt til finér og som råstoff for trefiberplater, sponplater og for sulfatcellulose. Enkelte delar av treet, som stubbar og tørrtoppar, er særleg rike på harpiksar (tyri) og blir brukte til utvinning av tjære, samstundes som dei er ettertrakta som peisved.

I dei norske skogane veks det meir gran enn furu, og til føremål der det blir stilt særlege krav til kvalitet (panel, golv), vil prisen på furu oftast liggje noko høgare. For å dekkje behovet, blir det importert ein del furu, særleg frå Sverige. I oversjøisk handel går furu ofte under nemninga redwood, men må ikkje forvekslast med kalifornisk redwood, som det blir importert ein del av i Noreg.

Utbreiing

Utbreiing av furu

Utbreiing av furu (Pinus sylvestris). Dei markerte områda er baserte på observasjonsdata frå GBIF. Arten går lenger aust enn dette kartet viser, heilt til Okhotsk i Aust-Sibir (nær Stillehavet). Den markerte utbreiinga i austlege Nord-Amerika viser eit område der arten er meir eller mindre naturalisert etter å ha spreidd seg frå utplantingar.

Utbreiing av furu

Vanleg furu har den største utbreiinga av alle treslag i Noreg. Trevirket får best kvalitet på veksestader med middels og låg bonitet, det er også på desse stadene vi finn det meste av furuskogane i Noreg.

Furu er eit nøysamt og hardført tre. Det trivst godt på næringsfattig grunn på aur- og sandmoar og på harde bergartar med lite jorddekke. På Austlandet ligg tregrensa for furu på cirka 1000 meter, på Vestlandet 400–500 meter og i Nord-Noreg 300–400 meter over havet.

Furuskogen i Stabbursdalen i Finnmark (ein skog på cirka 10 000 daa) blir rekna som den nordlegaste barskogen i Noreg. I Kistrand i Børselv ligg den nordlegaste mindre førekomsten i verda.

Eit lyskrevjande treslag

Furu
Den lysopne fjellfuruskogen er svært attraktive friluftsområde.

Furu og gran er ulike på ein del område. Barnålene til grana toler skugge godt. Furua har derimot lyskrevjande barnåler. Innan skogbruket er det difor svært viktig å pleie furuskogen slik at ein held oppe god lystilgang. Dersom furutrea blir ståande svært tett, døyr mange av barnålene på grunn av mangel på lys. Det vil redusere barmassen som produserer cellulose, noko som igjen vil få volumproduksjonen til å minke mykje. I alt for tett ungskog av furu får vi svært tynne stammar med berre ein liten dusk av greiner med levande barnåler på toppen, der det er god lystilgang. Slike tre har stor risiko for å bli brotne over ende av større snøfall.

Dersom furutrea blir ståande med for stor avstand, får dei likevel så mykje tilgang på sollys nedover stammen at det blir utvikla mange og kraftige greiner også ned mot rota. Dette vil reduserer kvaliteten på trevirket. God skogskjøtsel er difor ekstra viktig i furuskog.

Formeiring

Kongler

Hann- og hokongler på same tre: Hannkonglene (pollenkonglene) er gule og sit nede på langskotet, dei unge hokonglene (frøkonglene) er raude og sit i skottoppen.

Kongler
Lisens: CC BY SA 3.0

Som enkelttre kan furua setja frø i ein alder av 10—15 år. Tre i furubestand set frø etter 30—50 år. Den største frøproduksjonen skjer i alderen 60—100 år.

Dei aller fleste furutrea er sambu, noko som betyr at det både er hanlege og holege formeiringsorgan – pollenkongler og frøkongler – på same tre. Desse blir populært kalla «blomar». Enkelte stader, til dømes i Finnmark, er furutrea ofte særbu, altså tre anten med hanlege eller med holege formeiringsorgan.

Pollenkongler og frøkongler veks fram i mai—juni, og då kan det produserast enorme mengder furupollen. I nokre år blir det produsert så mykje at pollenet som vinden blæs med seg, nærast dannar tåkeskyer over skogen. Det gule pollenet kan leggje seg som svært synlege lag på verandagolv, utemøblar, bilar med meir.

Frøa blir først modne hausten etter befruktninga, og blir så sleppte i mars—april våren etter. Furua treng altså to år frå «bløming» til frøslepp.

Professor i skogskjøtsel Ola Børset berekna gjennomsnittleg frøproduksjon i ein furubestand. Frå 50 kongleberande tre fann han ein frøproduksjon på heile 200 frø per kvadratmeter, eller 200 000 frø per dekar. Ved planting av furu blir det vanlegvis sett ut omtrent 200—300 planter per dekar, avhengig av boniteten.

Som alternativ til planting kan det leggast til rette for naturleg forynging når ein avverkar i furuskog, mellom anna ved hjelp av frøtrestilling. Då blir enkelte tre sette igjen på hogstfeltet, og desse sørgjer for god frøforsyning. Ei anna aktuell hogstform i furuskog er kanthogst. Då baserer ein seg på naturleg forynging av hogstfeltet frå frøforsyninga som kjem frå tre langs hogstkanten.

Sentral statistikk

Ståande volum (utan bork) på skogbruksmark

Med skogbruksmark siktar ein til produktiv skog bortsett frå område der det ikkje kan drivast eit økonomisk skogbruk på grunn av restriksjonar. Døme på slike restriksjonar er vernereglar i verneområde og kraftgater som må haldast opne. Med produktiv skog siktar ein til skog som produserer minst 0,1 kubikkmeter virke per dekar (1000 kvadratmeter).

Kubikk (m³)
Volumet av norske treslag, totalt 862 435 000
Volumet av furutrea, inklusiv introduserte artar 255 180 000

Kjelde: NIBIO rapport nummer 142/2021.

Ståande volum av furutre utgjer altså 30 prosent av det samla volumet av alle norske treslag på skogbruksmark.

Tilvekst

Furutre utgjer også ein stor del av den årlege tilveksten av norske treslag på skogbruksmark.

Kubikk (m³)
Tilvekst av norske treslag, totalt 22 044 000
Tilvekst av furu, inklusiv introduserte artar 4 743 000

Kjelde: NIBIO rapport nummer 142/2021

Furutilveksten utgjer altså 22 prosent av den totale tilveksten på skogbruksmark.

Treantall og furuareal

Furu utgjer også ein stor del av talet på tre.

Tabellen viser talet på tre med brysthøgdediameter på minst 5 cm i både produktiv og uproduktiv skog. Med uproduktiv skog siktar ein til skog som produserer mindre enn 0,1 kubikkmeter virke per dekar.

Tal
Talet på tre i Noreg totalt 10 874 000 000
Talet på furutre 1 518 000 000

Kjelde: NIBIO rapport nummer 142/2021

Det prosentvise talet på furutre i forhold til det samla talet på tre i Noreg er altså 14 prosent.

Den produktive furuskogen utgjør ca. 24 millioner daa. I tillegg er det ca. 10 millionar dekar furu på uproduktiv skogsmark. Desse 34 millionar dekar utgjer ca. 28 prosent av skogarealet ( ca. 120 millionar dekar). Skogarealet er altså summen både av produktiv og uproduktiv skog.

Daude tre

Låg
Daudt virke, både ståande og liggjande, er svært viktig for det biologisk mangfaldet i skogen. Biletet viser ei låg av furu som har lege svært lenge på bakken og såleis blitt levestad for mange organismar.
Rotvelte
På grunnlendt mark, der berget går heilt opp til markoverflata, klarer ikkje furua å utvikle den vertikale pælerota. På slike stader blir furutrea lett utsette for stormfellingar.

Daude furutre er ekstra viktig for det biologisk mangfaldet.

Når furutre døyr på rot, blir det gradvis utvikla tyri i kjerneveden. Dette er trevirke som er fylt opp med harpiks og terpentinar som vernar svært godt mot nedbryting av rotesoppar. Særleg oppe i fjellskogen kan slike daude furutre bli svært gamle. Då blir dei gjerne kalla furugaddar og kelonar.

Daude furutre er svært viktige levestader for mikroorganismar, lav, mosar, insekt og fuglar. I tillegg nyttar både mår og ekorn desse stammane, som ofte har store hol etter hakkespetter, både til yngle- og tilhaldsstader.

Tabellen nedanfor viser ståande og liggjande daudt virke av furu i produktiv skog, fordelt på skogtypen furuskog, målt i kubikkmeter.

Kubikk (m³)
Total mengd daudt virke i Noreg 95 180 000
Førekomst av daudt virke i furuskog 19 430 000

Kjelde: NIBIO rapport nummer 142/2021

Mengda daud ved av furu i forhold til den totale mengda daud ved i Noreg er altså 20 prosent.

Produksjon av trevirke

Tømmervelte
Furu er Norges nest viktigaste økonomiske treslag. Kvart år blir det avverka mykje furutømmer.
Tømmervelte

Tabellen nedanfor viser omløpstid og middelproduksjon for furu på aktuelle bonitetar.

F-talet for boniteten angir høgda til dei 100 grovaste furutrea per hektar ved 40 år, altså per 10 000 kvadratmeter. F20 betyr at på slike veksestader vil dei 100 grovaste trea per hektar nå ei gjennomsnittshøgd på 20 meter ved 40 års alder.

Bonitet F20 Bonitet F17 Bonitet F14 Bonitet F11 Bonitet F8
Omløpstid (talet på år mellom kvar sluttavverking) 80 år 90 år 100 år 120 år 140 år
Middelproduksjon per daa og år 0,9 m³ 0,7 m³ 0,5 m³ 0,35 m³ 0,2 m³

Avverking

Hogstmaskin i furuskog
Furu er eit lyskrevande treslag, og god pleie med blant anna tynning er viktig for produksjon av kvalitetsvirke.
Hogstmaskin i furuskog

I 2020 var den totale avverkinga i norske skogar på 12 089 685 kubikkmeter trevirke. Dette talet inkluderer avverking til ved, som utgjorde 1 848 000 kubikkmeter. Den såkalla industriavverkinga, altså den totale avverkinga minus vedavverkinga, låg på 10 241 685 kubikkmeter. Industriavverkinga er av SSB fordelt på gran, furu og lauv. Industriavverkinga av furu var i 2020 på 2 771 555 kubikkmeter og utgjorde altså 27 prosent av denne avverkinga.

Avverkinga til vedføremål er av SSB registrert på lauvtrevirke og bartrevirke. Sidan bartrevirke inneheld både gran og furu, finst det ikkje offisiell statistikk over avverkinga til ved fordelt på gran og furu. Den totale avverkinga av bartre til ved låg i 2020 på 628 000 kubikkmeter.

Skadar og sjukdommar

Tyritoppsopp

Tyritoppsopp

Tyritoppsoppen angrip av og til furutre. Soppen veks sakte rundt heile stammen og bryter såleis transporten av vatn og næring vidare oppover. Den delen av treet som er ovanfor angrepspunktet, døyr, og her utviklar det seg etter kvart tyri. På biletet ser vi eit mørkt område på stammen rett ovanfor dei grøne greinene, dette er angrepspunktet til soppen.

Tyritoppsopp

Under ferdsel i furuskog kan ein nokre gonger sjå litt spesielle furutre der toppen er daud, medan det er levande greiner vidare nedover. Dette er resultatet etter angrep av tyritoppsopp (Cronartium flaccidum), som også blir kalla ramtoppsopp. Andre brukte namn er brannaks, flaretopp, skat og spik. Sporar av denne soppen vil alltid finnast i skogen, og dei kan angripe furutrea. Soppen kan angripe inn i friske barnåler eller via små sår i borken. Han ringar seg etter kvart rundt heile stammen, og med det bryt han transporten av vatn og næringsstoff til stammen ovanfor. Den delen av treet som er ovanfor angrepspunktet, døyr, men dette kan ta fleire år. Den daude stammedelen utviklar etter kvart mykje tyri, noko som har gitt namn til soppen.

Det vestamerikanske treslaget vrifuru (Pinus contorta), som også blir kalla kontortafuru, blir ikkje angripe av tyritoppsoppen. Her i Noreg vart det difor planta mellom 60 000 og 80 000 daa med dette utanlandske treslaget. Utplantingane fann særleg stad i Innlandet og opp mot fjellet.

Furutoppar som er drepne av tyritoppsoppen, er svært populære blant flaggspettene. Denne hakkespettarten lever mykje av konglefrø om vinteren, men han klarer ikkje å hakke ut frøa frå ei kongle som heng og dinglar på kvist. Difor må hakkespetten hakke ut eit feste for kongla, ei såkalla spettesmie. Dette er enklast å gjera i trevirke som er litt porøst, til dømes i tyritoppane. Så fraktar flaggspetta kongler hit frå furutre i nærleiken. Under enkelte furutre kan ein difor finne mengder med uthakka kongler. Ofte har desse trea ein tyritopp med spettesmie.

Blåvedsopp

Angrep av blåvedsopp i yteveden, kjerneveden utan angrep.
Furutre som blir hogde om sommaren blir raskt angripe av blåvedsoppen som fargar yteveden blåsvart. Kjerneveden blir ikkje angripen.
Angrep av blåvedsopp i yteveden, kjerneveden utan angrep.

Blåvedsoppane bidreg til ein fargeskade på furuvirket. Omgrepet «skade» er her litt relativt. I dei fleste tilfelle vil ein vurdere blåvedfarging av furuvirke som ein skade, men i nokre typar produkt ønskjer ein faktisk denne fargen. Enkelte møbelsnikkarar lagar furumøblar der sjatteringar med blåfarge etter slike angrep av blåvedsopp er ønskt. Desse sjatteringane bidreg til at møblane får eit heilt spesielt preg, noko somme kundar set stor pris på.

Mange soppar lever av cellulosen i trevirket, og då blir sjølvsagt virket svært påverka og ikkje minst svekt. Men blåvedsoppen lever av væska i celleholromma i virket. Celleveggene blir stort sett ikkje angripne. Difor er nyleg angripe virke av blåvedsopp like sterkt som andre furuvirke, og soppen utviklar seg ikkje vidare i tørt virke.

Snøskytte

Særleg oppe i fjellskogen kan ein av og til sjå små furutre på rundt ein halv til éin meter, der den nedste delen av barmassen er brun og daud. Dei daude nålene har ei rekkje svarte prikkar. Dette er angrep etter soppen snøskytte (Phacidium infestans).

Soppen angrip barnåler under snøen ved temperaturar ned mot 0 grader. Slike temperaturar er det ofte i snøen om våren. Sjølv om snøen i løpet av vinteren dekkjer heile det vesle treet, er ikkje soppen aktiv då, på grunn av lågare temperaturar. Men utpå våren, når snødekket blir redusert og temperaturen stig, går soppen til angrep. Og viss heile treet framleis er dekt av snøen, kan det drepast.

Heksekostar

Heksekost på furu
Heksekost på furu i Trillemarka. Bildet er teke mot Numedal. Årsaka til desse vekstforstyrringane på furu er ifølgje Norsk institutt for bioøkonomi førebels ukjend, men dei fleste meiner det kjem av ein mutasjon.
Heksekost på furu
Av .

Heksekostar blir danna i fleire treslag. Det blir då utvikla svært mange forgreina skot frå ein enkelt knopp. Skota er svært korte. På gran og furu er det sjeldan meir enn ein heksekost i kvart tre, i lauvtre kan det vera svært mange. Heksekostar førekjem oftare i høgareliggjande skogar enn i lågareliggjande, men fenomenet er ikkje vanleg.

Soppangrep er årsaka til heksekostar på ein del lauvtre. På gran og furu er årsaka førebels ikkje sikkert klarlagd, men det er grunn til å tru at det kan koma av ein mutasjon.

Furu som mat for elg

Elgen et mykje furubar om vinteren. Furubar og kvister av furu er svært attraktiv vintermat for elg. Ofte oppheld elgane seg på faste, avgrensa skogsområde i vinterhalvåret, og i desse områda kan det bli svært store beiteskadar, spesielt på plantefelt og ungskog av furu.

Ein elg treng cirka 7—15 kg furubar per dag, avhengig av kjønnet og alderen på elgen. Gjennom vinteren kan det difor gå med så mykje som 100 000—150 000 furuskot. I løpet av ein vinter vil ein elg kunna konsumere mellom 1 og 1,5 tonn furubar og annan kvist.

Nokre område har så omfattande beiteskadar om vinteren at det er problem med å få opp ny furuskog.

Tradisjonsbruk av furuvirke

Kåte

På nokre furutre utviklar det seg store utvekstar, kalla kåter eller rirkuler. Desse er svært populære å produsere boller og fat av, men dei er også ein stor opplevingskvalitet i furuskogen.

Gamle stubbar og røter med mykje tyri har i uminnelege tider vorte nytta til utvinning av tjære. Frå slike trerestar har ein også vunne ut trekol ved tørrdestillasjon i kolmiler.

Tyristikker og tyrifaklar vart mykje nytta til belysning før parafinlampene – både til innandørs belysning i bustader og uthus, og dessutan i samband med gruvedrift.

Utviklinga av tyri i furuvirket nytta ein for å produsere materiale til bruk på ekstra utsette stader, til dømes vindaugsmateriale. Fleire år før ein skulle bruke materialet, flådde ein av delar av borken på ståande tre. Med det starta utviklinga av tyri, og etter nokre år var trevirket ekstra haldbart.

Det er også mogleg å laga tau av furuvirke. Trevirket vart kappa i meterlange stykke og så firkløyvd. Deretter spalta ein stykka langs årringane med ei spesialøks i såkalla pertar, og monterte sluttproduktet til tau.

Toppskot med siste sidegreiner på furu vart tidlegare svært mykje nytta som kjøkkenreiskapar, i form av tvarar. Toppen under dei siste sidegreinene vart kappa av og reinska for bork og barnåler. Deretter kappa ein det heile til, batt sidegreinene inn til toppskotet og hengde dette opp til tørk. Etter nokre månaders tørking hadde sidegreinene stivna i si nye form inntil toppskotet, og ein hadde ein utmerkt tvare til å røre i grytene med. Slike tvarar er altså svært enkle å laga, og dei blir produserte også i dag.

Til taktekking var flistak av furu mykje nytta i tidlegare tider. Ein stor høvel for hestedrift vart utvikla. Denne vart dregen over stokkar som var kappa delvis gjennom i passande flislengder. Det vart også nytta spontak av furuvirke. Spona er tjukkere enn flisa.

Furubork er korkje særleg næringsrik eller smakfull, men den har blitt nytta for å dryge mjølet, til dømes i borkebrød, flatbrød og graut. Den ytste såkalla korkborken vart først flengd varsamt av. Så skrella ein av og tok vare på den inste, lyse borken for vidare tilarbeiding og bruk. Skrellinga gjekk særleg føre seg om våren, då innerborken var mest saftig og losna lett frå stammen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Børset, Ola (1985). Skogskjøtsel 1, skogøkologi. Landbruksforlaget
  • Storaas, Torstein og Langdal, Kjell (2014). Ikkje berre ulv og bly: Glimt frå forskinga på Evenstad. Høgskolen i Innlandets publikasjoner
  • Heje, K.K og Nygaard Julius (1994). Produksjonstabeller. Norsk Skoghåndbok 1994. Landbruksforlaget
  • Høeg, Ove Arbo (1974). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget
  • Larsen, Øyvind Stranna (1997). Skogskjøtsel for kvalitet og mangfold. Landbruksforlaget
  • Larsen, Øyvind Stranna (2008). Skogbrukslære. Tun forlag

Faktaboks

furu
Pinus sylvestris
Tidlegare vitskapleg namn
Pinus silvestris
Artsdatabanken-ID
103825
GBIF-ID
5285637

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg