Faktaboks

Otra Kraft DA
Forretningsadresse
Rysstad
Dagleg leiar
Grunde Johnsen

Otra Kraft DA er eit kraftproduksjonsselskap som held til i Bykle kommune i Agder. Kontoradresse er 4748 Ryssdal.

Selskapet eig kraftverka Holen, Brokke og Skarg, som alle ligg i Otravassdraget. Dei tre kraftverka har ein samla maskininstallasjon på 681 MW, og produserer i eit normalår 2520 GWh elektrisk kraft. Otra kraft eig og to 132 kV regionalnettliner; frå Brokke til Knardalsstrand og frå Brokke til Senumstad. Selskapet har sett bort oppgåvene knytt til drift, vedlikehald og kraftsal til Agder Energi. Sjølv har selskapet berre fire tilsette.

Otra Kraft DA er eigd av Skagerak Energi (31,4 prosent) og Agder Energi AS (68,6 prosent).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Otra Kraft DA
Sektorkode
1520 Kommunalt eide aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
35.111 Produksjon av elektrisitet fra vannkraft

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg