Solveig er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Sǫl-veig. Forleddet tyder ‘hus, sal’. Etterleddet -veig tyder truleg ‘styrke, dugleik’ eller ‘stridande, stridsfør’.

Namnet har fleire variantar: Solvei, Solveig.

Namnedag er 1. september. Solvor har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Solveig

Kulturell bruk

  • Solveig i «Peer Gynt» (1867) av Henrik Ibsen.
  • «Solveigs sang» frå scenemusikken til «Peer Gynt» (1874–1875) av Edvard Grieg.

Kjende personar med namnet Solveig

Eit utval personar med namnet Solveig, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 14 647 kvinner i Noreg som hadde Solveig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Solveig var blant dei 50 mest brukte namna blant norske kvinner. I 2022 var det 141 jenter som fekk namnet Solveig, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Solveig som var på topp 1920–1924.

Utvikling i bruk av namnet Solveig frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Solveig frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Solveig på 1800-talet.

Solveig var klart mest brukt i Kristiania og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Solveig på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Solveig var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også éin eller fleire stavevariantar, til dømes Solvei.)

Historisk bruk av namnet Solveig
Historisk bruk av namnet Solveig
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer 1994: Opphavet til trøndernamnet [Sollaug]. [Namn og Nemne 11].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg