Ingeborg er eit kvinnenamn som kan karakteriserast som eit parallellnamn på -borg til Ingebjørg. Forleddet er gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet tyder ‘berging’.

Etterleddet -borg vart tatt i bruk seinare (1300-talet) enn -bjørg. Ingeborg er innlånt frå Sverige og Danmark.

Namnedag er 14. september. Ingebjørg har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Ingeborg

Kulturell bruk

  • Ingeborg i Esaias Tegnérs «Frithiofs saga» (1825).

Kjende personar med namnet Ingeborg

Eit utval personar med namnet Ingeborg, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 726 kvinner i Noreg som hadde Ingeborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 63 jenter som fekk namnet Ingeborg.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Jorunn, Tordis og Svanhild. Ingeborg – saman med Gun(n)hild – skil seg klart frå desse namna ved at dei var på topp tidleg på 1800-talet. Da låg Ingeborg som nummer 2 på ranglista (1800–1804). Deretter gjekk det nedover med Ingeborg.

Utvikling i bruk av namnet Ingeborg frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ingeborg frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ingeborg på 1800-talet.

Ingeborg var mest brukt i Telemark, Aust-Agder og Sør-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ingeborg på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ingeborg var mest brukt i Telemark, Aust-Agder og Sør-Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ingebor.)

Historisk bruk av namnet Ingeborg
Historisk bruk av namnet Ingeborg
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Johannessen, Ole-Jørgen 2004: [Anne] og [Maren]. [Ingeborg] og [Berit]. Bergenske kvinnenavn på 1600-tallet i et sammenliknende perspektiv. [Nordica Bergensia 30].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg