Linnea

Artikkelstart

Linnea er eit kvinnenamn som kjem av blomen linnea. Blomen fekk namnet sitt etter den verdskjente svenske botanikaren Carl von Linné 1707–78. Linnea vart naturleg nok fyrst brukt i Sverige.

Andre kvinnenamn som kan assosierast med blomar er Anemone, Iris, Jasmin/Yasmin, Lilje, Rose, Myrt, Symre, Viola og Norna.

Namnet har fleire variantar: Linea, Linnea.

Namnedag er 16. september. Lillian og Lilly har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Linnea

Eit utval personar med namnet Linnea, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 5200 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Linnea som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg