Nora er eit kvinnenamn som er kortform av Leonora og Eleonora. Nora kan også vere gitt som eit symbolsk namn for Noreg på same måte som kvinnenamna Svea og Dana symboliserer Sverige og Danmark.

Namnet har fleire variantar: Nora, Norah.

Namnedag er 14. april. Ellinor, Noa og Noah har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Nora

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Nora Muller fødd 1811 i Flekkefjord, busett i Norderhov i 1865.

Kulturell bruk

  • Den svenske diktaren Esaias Tegnér lét Nora personifisere Noreg i «Mor Norge» (1820).
  • Nora i Henrik Ibsens «Et Dukkehjem» (1879). I nokre land, f.eks. Russland, heiter skodespelet ganske enkelt «Nora».

Kjende personar med namnet Nora

Eit utval personar med namnet Nora, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 11700 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Nora som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg