Daisy

Artikkelstart

Daisy er eit engelsk kvinnenamn som går tilbake til gammalengelsk dæges-age som tyder ‘dagens øye’ (jamfør blomen tusenfryd).

Frå cirka 1865 var Daisy brukt som engelsk kjæleform av Margaret (jamfør parallellen mellom blomenamna margeritt og daisy). Også dronning Margrethe av Danmark har i uformelle samanhengar vorte omtalt som Daisy.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Daisy som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg