Marguerite

Artikkelstart

Marguerite er eit kvinnenamn som er fransk form av Margareta. Dette namnet er laga til det greske ordet margarites som tyder ‘perle’. Dette ordet er opphavleg lånt frå persisk.

Det franske Marguerite kan assosierast med blomenamnet margeritt.

Kjende personar med namnet Marguerite

Eit utval personar med namnet Marguerite, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Marguerite som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Marguerite i perioden 1900–2017, var det 65 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Marguerite. Dette inneber at 35 prosent hadde Marguerite som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg