Jasmin er eit kvinnenamn som via engelsk Jasmine går tilbake til arabisk Yasmin med opphav i det persiske kvinnenamnet Yasämin laga til det likelydande blomenamnet i persisk.

I Noreg er namnet ofte skrive Yasmin som er i samsvar med den arabiske varianten. Døme på andre kvinnenamn som går tilbake på blomenamn er Iris, Linnea og Rose.

Namnet har fleire variantar: Jasmin, Yasemin, Yasmin.

Kulturell bruk

  • Namnet Jasmin har vorte kjent gjennom ei slavinne i «Tusen og ei natt».

Namnestatistikk

I 2022 var det 551 kvinner i Noreg som hadde Jasmin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 jenter som fekk namnet Jasmin.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Jasmin frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Jasmin frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg