Albert er eit tysk mannsnamn som går tilbake til Adal-bert. Forleddet tyder ‘edel (av slekt)’ og etterleddet ‘lysande’.

Namnedag er 24. april. Olaug har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Albert

Eit utval personar med namnet Albert, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 199 menn i Noreg som hadde Albert som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 108 gutar som fekk namnet Albert.

Utvikling i bruk av namnet

Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin i siste halvdel av 1800-talet, og ein god del av dei fekk ein ny toppfase rundt år 2000. I tillegg til Albert gjeld dette Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto, Sivert og Wilhelm.

Utvikling i bruk av namnet Albert frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Albert frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Albert på 1800-talet.

Albert var mest brukt i Bergen og Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Albert på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Albert var mest brukt i Bergen og Nordland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Alberth.)

Historisk bruk av namnet Albert
Historisk bruk av namnet Albert
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lind, E.H. 1905–15: [Norsk-isländska dopnamn ock fingerade namn från medeltiden]. Uppsala–Leipzig.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg