Gustav er eit mannsnamn med omdiskutert tyding. Den tradisjonelle forklaringa er at namnet har nordisk bakgrunn og tyder ‘gøtanes stav’; ‘gøtanes støtte’. Ei nyare tolking går ut på at namnet har slavisk opphav: Gosti-slav der forleddet tyder ‘gjest’ og etterleddet ‘ære’. Det skal ha komme til Sverige ved kontakt mellom slaviske og svenske kongeslekter i sein vikingtid.

Namnet har fleire variantar: Gustaf, Gustav.

Namnedag er 6. juni. Gyda har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Gustav

Eit utval personar med namnet Gustav, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 984 menn i Noreg som hadde Gustav som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 208 gutar som fekk namnet Gustav, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Gustav hadde den fyrste toppfasen sin i 1880–åra og fekk eit nytt oppsving på 2000-talet. Populariteten på 1800-talet kan ha samanheng med at Gustav har vore eit kongenamn i Sverige.

Utvikling i bruk av namnet Gustav frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Gustav frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gustav på 1800-talet.

Gustav var mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gustav på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Gustav var mest brukt i Kristiania.

Historisk bruk av namnet Gustav
Historisk bruk av namnet Gustav
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Holm, Gösta 1997: Namnet [Gustav]. [Studia anthroponymica Scandinavica 15].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg