Vigdis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Víg-dís. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘kamp’ og etterleddet ‘dis; kvinne’.

Namnet har fleire variantar: Vigdis, Wigdis.

Namnedag er 15. juni. Viggo har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Vigdis

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Vigdis Duklet, fødd 1887 i Fosnes (Nord-Trøndelag).

Kulturell bruk

  • «Fortællingen Viga-Ljot og Vigdis» (1909) av Sigrid Undset.
  • Filmen «Vigdis» (1943) førte til stor popularitet for namnet. Filmen, som vart regissert av Helge Lunde, bygde på romanen «Vigdis og hennes barns fedre» av Albert Wiesener. Eva Sletto hadde rolla som Vigdis,.

Kjende personar med namnet Vigdis

Eit utval personar med namnet Vigdis, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 758 kvinner i Noreg som hadde Vigdis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

På grunn av filmen «Vigdis» (1943) fekk namnet Vigdis eit oppsving under krigen, og populariteten for dette samansette namnet var størst etter krigen (1945–1954). Dette var i etterkant av glanstida for dei fleste andre samansette nordiske namna (1920–1949).

Utvikling i bruk av namnet Vigdis frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Vigdis frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Windt, Benedicta 2007: Navn og navnebruk i «Fortællingen Viga-Ljot og Vigdis». [Namn og Nemne 24].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg