Cathrine er eit kvinnenamn som lengst bak har opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.
Cathrine
Kjende personar med namnet Cathrine
Eit utval personar med namnet Cathrine, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Elisabeth Cathrine Welhaven (1815)
- Anne Cathrine Knudsen (1819)
- Maren Cathrine Dahl (1855)
- Anna Cathrine Sethne (1872)
- Else Cathrine Heiberg (1910)
- Cathrine Holst (1935)
- Cathrine Smith (1961)
- Cathrine Maske (1966)
- Cathrine Svendsen (1967)
- Cathrine Grøndahl (1969)
- Cathrine Winnes (1977)
- Linda Cathrine Hofstad Helleland (1977)
Namnestatistikk
I 2022 var det 6 563 kvinner i Noreg som hadde Cathrine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Katrine, Kathrine og Cathrine slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. På 1800-t gjekk det gradvis nedover med Katrine (inklusive variantar), og nedgangen heldt fram utover på 1900-talet til oppsvinget byrja omkring 1960. Da fekk dei tre variantane ei bratt stigning til ein topp i 1975–1979 (for Kathrine) og i 1985–1989 (for Katrine og Cathrine). Desse tre namneformene har tre stavingar og endar på -e, og ein liknande kurveprofil med tidleg topp på 1800-talet og ny topp mot slutten av 1900-talet kan også påvisast i nokre andre namn med tre stavingar og ending på -e, til dømes Helene og Malene.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.