Leikny er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Leik-ný. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘kamp’ og etterleddet ‘ny’.

Det finst eitt belegg på namnet på Island cirka år 1000.

Namnedag er 9. februar. Levi og Lone har også namnedag denne dagen.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var kontordame Leikny Kaarbø fødd 1879 i Trondenes (Troms).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 420 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Leikny som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Leikny frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Leikny frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg