Oddfrid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Odd-fríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘odd, spiss; spyd’ og etterleddet ‘vakker’.

Namnet vart brukt på Island i mellomalderen.

Namnet har fleire variantar: Oddfrid, Odfrid.

Namnedag er 15. november. Eira og Oddvar har også namnedag denne dagen.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var legedotter Oddfrid Steinberg fødd 1891 i Åsnes (Hedmark).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 320 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Oddfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg