Jofrid

Jofrid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Jo-fríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hest’ og etterleddet ‘vakker’.

Dette namnet vart brukt på Island i mellomalderen, men i Noreg vart det fyrst tatt i bruk i 1887.

Namnedag er 12. september. Jorid har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 580 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Jofrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg