Siv er eit kvinnenamn som kjem av det norrøne namnet Sif som er laga til ordet sif som tyder ‘slektskap’.

Det finst nokre sporadiske belegg på namnet Sif på 1800-talet, men det er på 1900-talet namnet blir populært (med fyrste belegg på Siv i 1918).

Namnet har fleire variantar: Sif, Siv, Siw.

Namnedag er 6. september. Siril har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Siv

Kulturell bruk

  • Siv i Agnar Mykles «Lasso rundt fru Luna» (1954).

Kjende personar med namnet Siv

Eit utval personar med namnet Siv, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 593 kvinner i Noreg som hadde Siv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Siv var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Siv og Siw låg på topp 1965–1974, og dermed nådde dei toppnivået innanfor perioden (1935–1974) då dei fleste andre einstava nordiske namna var på topp, til dømes Aud, Bjørg, Gerd, Gro, Gry, Gunn, Liv og Unn. Sidan år 1900 har Siv vore brukt 3,5 gongar så mykje som varianten Siw.

Utvikling i bruk av namnet Siv frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Siv frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg