Ingunn

Artikkelstart

Ingunn er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ing-unnr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet -unnr i norrønt går tilbake til verbet unna som tyder ‘elske’.

Namnet har fleire variantar: Ingund, Ingunn, Inngunn, Ingun.

Namnedag er 10. juni. Ingolf har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Ingunn

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Ingun Jørstad fødd 1880 i Lyngdal (Vest-Agder), busett i Nannestad i 1900.

Kulturell bruk

  • Ingunn er gift med Olav i Sigrid Undsets mellomalderroman «Olav Audunssøn» (1925–1927).

Kjende personar med namnet Ingunn

Eit utval personar med namnet Ingunn, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 6300 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ingunn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg