Herdis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Her-dís. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hær’ og etterleddet ‘dis; kvinne’.

Namnedag er 29. januar. Hermann og Hermod har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Herdis

Kulturell bruk

  • Herdis er hovudperson i noveller og romanar av Torborg Nedreaas.

Kjende personar med namnet Herdis

Eksempel på ein person med namnet Herdis som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 621 kvinner i Noreg som hadde Herdis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Det lite brukte Herdis følgjer dette mønsteret.

Utvikling i bruk av namnet Herdis frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Herdis frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg