Margot er eit fransk kvinnenamn som via Margherite går tilbake til Margareta. Dette namnet er laga til det greske ordet margarites som tyder ‘perle’. Dette ordet er opphavleg lånt frå persisk.

Namnet har fleire variantar: Margodt, Margot, Margoth.

Namnedag er 15. august. Marielle og Mary har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Margot

Eit utval personar med namnet Margot, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 833 kvinner i Noreg som hadde Margot som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009, t.d. Annette, Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate, Madeleine og Mariell. Margot følgjer ikkje dette mønsteret i og med at det var på topp 1920–1924. Margot er heller ikkje i samsvar med fransk uttale, for på norsk blir namnet uttalt med trykk på fyrste staving.

Utvikling i bruk av namnet Margot frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Margot frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Margot på 1800-talet.

Margot var mest brukt i Kristiania, Vest-Agder, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Margot på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Margot var mest brukt i Kristiania, Vest-Agder, Møre og Romsdal og Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Margoth.)

Historisk bruk av namnet Margot
Historisk bruk av namnet Margot
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg