Hjørdis

Hjørdis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Hjǫr-dís. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘sverd’ og etterleddet ‘dis; kvinne’. Namnet vart tatt opp att i 1860, truleg som ei følgje av skikkelsen Hjørdis i Henrik Ibsens skodespel «Hærmændene paa Helgeland» (1858).

Namnet har fleire variantar: Hjørdis, Jørdis.

Namnedag er 14. februar. Jardar har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Hjørdis

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Hjørdis Abrahamsdatter fødd 1860 i Eidsvoll (Akershus).

Kulturell bruk

  • Hjørdis i Henrik Ibsens «Hærmændene paa Helgeland» (1858). Skodespelet vart oppført i Kristiania, Bergen og Trondheim i 1858 og 1859. Dagny i dette skodespelet vart eit populært namn i desse byene like etterpå, derimot ikkje Hjørdis. Det kan henge saman med den tragiske lagnaden til Hjørdis i dette skodespelet.

Kjende personar med namnet Hjørdis

Eit utval personar med namnet Hjørdis, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 9700 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Hjørdis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2007: [Dagny] og [Hjørdis] i Trondheim etter oppføringa der av «Hærmændene paa Helgeland» i 1859. I: Arnold Dalen (red.): [Ola-boka: Venneskrift til Ola Stemshaug etter eit år som 70-åring 20. januar 2007]. Trondheim.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg