Sun Yat-sen

Sun Yat-sen stifta det radikale kinesiske nasjonalistpartiet Guomindang og blei Kinas første president i 1911.

Av /KF-arkiv ※.
Guomindang
Goumindang-medlemmer framfor Sun Yat-sens mausoleum i 1928. Chiang Kai-shek i midten på første rad. I bakgrunnen heng symbolet til Goumindang, eit symbol som også pregar det taiwanske flagget.
Av .
Den kinesiske revolusjonen

Under revolusjonen i 1911 (Xinhai-revolusjonen) blei Qing-dynastiet styrta, og Kina blei republikk. Biletet viser ei gate i Shanghai under revolusjonen. Alle flagga som heng frå bygningane, er det femfarga (raudt, gult, blått, kvitt og svart) revolusjonsflagget for Republikken Kina.

Chiang Kai-shek blei vald til president i 1928 og leia kampen mot kommunistane i 1930-åra. Biletet viser Chiang Kai-shek (til høgre) idet han forlèt nasjonalforsamlinga i 1931.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Kina, kart 1918–41

Utviklinga i Kina mellom dei to verdskrigane (1918–1941).

Av /Store norske leksikon ※.
Avretting av kinesiske arbeidarar

I 1927 braut Chiang Kai-shek, leiaren for Guomindang/Kuomintang-hæren, samarbeidet med kommunistane, og soldatane hans avretta arbeidarar som hadde teke makta i Shanghai.

Av /NTB Scanpix ※.
Kina – «den lange marsjen»

Kunstnarisk framstilling av kommunistar på flukt frå nasjonalistane under «den lange marsjen», 1934–36. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Historia til Republikken Kina dekkjer perioden frå fallet til Qing-dynastiet i 1912 til etableringa av Folkerepublikken Kina i 1949.

Revolusjon

Mot slutten av Qing-dynastiet blei det gjort forsøk på å etablere ei grunnlov og folkeforsamling, men utan nemneverdig suksess. I februar 1912 måtte keisaren Xuantong abdisere, og revolusjonsleiaren Sun Yat-sen tredde tilbake til fordel for Yuan Shikai, som blei valt til president. Då Qing-dynastiet fall, blei ei form for parlamentarisme innført i Kina. Ei mellombels forfatning blei vedteken av nasjonalforsamlinga, og regjeringa flytta igjen til Beijing.

I fire år greidde Yuan å halde riket saman, delvis takka vere støtte frå stormaktene, mellom anna i form av eit reorganiseringslån. Men han hadde ikkje tillit blant dei radikale, som i august 1912 tok partinamnet Guomindang (Kuomintang – «Nasjonalistpartiet») og fekk fleirtal i nasjonalforsamlinga. Partiet blei likevel halde ute frå nasjonalforsamlinga, som kort tid etter blei oppløyst.

Splitting

Ei ny forfatning styrkte makta til presidenten, og Yuan hadde planar om å la seg proklamere som keisar. Dette møtte motstand både hos dei radikale og dei militære som ikkje ønskte noko sterkt sentralstyre. Då stormaktene også kom med innvendingar, gav Yuan opp denne tanken. Eit alvorleg opprør i Yunnan i 1915 spreidde seg, og mange provinsar erklærte seg uavhengige. Yuan blei rådd til å gå av, men døydde i 1916. Etterfølgjaren hans, den velmeinande Li Yanhong, makta ikkje å hindre krisa og måtte snart gå av, og i dei neste ti åra avløyste den eine regjeringssjefen den andre. Dei var avhengige av generalane sine disposisjonar, og ute i provinsane styrte militærguvernørar.

Medlemmer av nasjonalforsamlinga frå 1913 organiserte si eiga regjering i Guangzhou (Kanton) i 1917. Ho blei i namnet anerkjend i store delar av Sør-Kina. Landet var no delt i to, men i røynda var det splitta i like mange delar som eit vekslande tal rivaliserande generalar – og grensene svinga med krigslykka deira. Dei mest kjende var Zhang Tsolin i Mandsjuria, Wu Peifu og Feng Yuxiang, den såkalla «kristne generalen». Den politiske oppløysinga minte om tilsvarande prosessar ved tidlegare dynastiskifte, men dei kaotiske tilstandane blei denne gongen skjerpa ved innflytelsen frå nye idear og direkte innblanding utanfrå.

Dei einaste offentlege institusjonane som framleis fungerte over heile riket, var jernbanar, toll- og postvesen. Forbitringa mot utlendingane verka som eit foreinande element, og i denne tida vaks nasjonalkjensla. Storbritannia og Russland utvida interesseområda sine i høvesvis Tibet og Mongolia, som begge hadde erklært sjølvstendet sitt før 1914. Japan prøvde å vinne kontroll over delar av Kina.

Første verdskrigen

Rett etter utbrotet av første verdskrigen tok japanarane dei tyske innehavingane i Shandong, og i januar 1915 sette fram dei 21 krav, som forutan Shandong også gjaldt rettar i Mandsjuria, privilegium og konsesjonar i industri og anlegg i sjølve Kina. Ei bølgje av indignasjon feia over landet, og USA protesterte i Tokyo.

Japan måtte i første omgang nøye seg med mindre enn dei hadde forlangt, og då Kina i 1917 erklærte krig mot sentralmaktene krig, fekk Japan eit hemmeleg løfte om støtte for krava sine på dei tyske innehavingane i Shandong. Kina tok ikkje aktivt del i krigen, men sende arbeidarar til Frankrike og fekk utsetjing med erstatningane etter boksaropprøret.

4. mai-rørsla

Kina annullerte gjelda si til sentralmaktene og overtok tyske og austerrikske konsesjonar. Ved fredskonferansen i Versailles mista desse eksterritorialrettane sine. Dette opna for Kinas seinare kamp mot «urettferdig traktatar», handelsavtalar som Kina blei tvinga til å underteikne etter opiumskrigane. Japan beheldt likevel dei tyske innehavingane i Shandong. Dette vekte stor forbitring, og 4. mai 1919 organiserte studentar i Beijing ein massedemonstrasjon mot avgjerda i Versailles.

4. mai-rørsla spreidde seg og blei innleiinga til ein landsomfattande boikott av japanske varer. Dette førte til at Kina etter Washington-konferansen fekk tilbake dei tidlegare tyske innehavingane mot at japanarane beheldt ulike rettar. 4. mai-rørsla stimulerte dei revolusjonære kreftene. Ein krets av personar rundt Chen Duxiu, grunnleggjar og redaktør av tidsskriftet Xin qingnian («Ny ungdom»), hadde med Hu Shih som leiar byrja å bruke talespråket i skrift. Dei kritiserte konfutsianismen og var sterkt opptekne av Vestens vitskap og demokrati.

Kommunistpartiet blir oppretta

I harmen over Versaillesfreden og skuffelsen etter Washington-konferansen vaks interessa for den russiske revolusjonen. Eit medverkande moment var at russarane i 1919 lova å oppgi dei privilegia tsarregjeringa hadde erverva i Kina. I 1920 blei ei kommunistisk ungdomsgruppe danna i Frankrike av nokre studentar, mellom anna Zhou Enlai. I juli 1921 blei Kinas kommunistiske parti formelt stifta i Shanghai med Chen Duxiu som formann. Mao Zedong var blant stiftarane. Sun Yat-sen, som i 1921 blei valt til president av Guangzhou-regjeringa, tilkalla i 1923 sovjetiske rådgivarar for den nasjonale revolusjonsrørsla si. Leiaren for desse var Mikhail Borodin.

Guomindang og hæren i Guangzhou blei reorganisert etter sovjetisk mønster, og det kom i stand ein allianse med det sovjetiske kommunistpartiet. Sun døydde i 1925 i Beijing under forhandlingar med Feng Yuxiang og Zhang Zuolin om å gjenreise sentralregjeringa, men Guomindang heldt fram på grunnlag av dei politiske testamenta hans. Sommaren 1926 rykte hæren nordover, leidd av Chiang Kai-shek. Hæren fordreiv Wu Peifu og hærtok Wuhan, der regjeringa etablerte seg, dominert av venstrefløya i Guomindang.

I mars 1927 blei Nanjing innteke. Chiang Kai-shek gjorde kupp, og innan utgangen av året hadde høgrefløya under han konsolidert stillinga si i Nanjing. Dei sovjetiske rådgivarane var ute av landet, Wuhan-regjeringa var oppløyst, og mange av regjeringsmedlemmene var avretta eller i landflyktigheit. I 1928 rykte Chiangs styrkar nordover med tilslutning frå Feng Yuxiang og guvernøren i Shanxi, Yen Xishan.

Guomindangs hær, eller Nasjonalisthæren, som han frå no av blei kalla, erobra Beijing, og Zhang Zuolin, den sterkaste motstandaren av hæren, blei drepen under tilbaketoget mot Mukden. Sonen hans, Zhang Xueliang, slutta fred og gjekk inn i Guomindang. Nominelt var no den kinesiske eininga retta opp igjen. Hovudstaden blei lagd til Nanjing, og Beijing blei døypt om til Beiping.

Guomindang-republikken (1928–1949)

Regjeringa blei organisert etter Sun Yat-sens prinsipp, kontrollert av Guomindang, som også øvde stor innflytelse i provinsane. Den politiske situasjonen var lysare enn nokon gong sidan 1911. Dei leiande generalane støtta for det meste Chiang Kai-shek, i det minste utetter. Regjeringa tok i teneste menn som hadde moderne utdanning, og støtta seg til byane, framfor alt til bank- og handelskrinsar i kystbyane.

Økonomi og administrasjon

Eit nasjonalt reformverk blei innleidd med sterkt press for å få fjerna dei traktatfesta innskrenkingane i suvereniteten. I 1928–1929 samtykte praktisk talt alle makter bortsett frå Japan i å gi Kina tilbake sjølvråderetten over tolltariffane. Fleire nasjonar gav avkall på konsesjonar, og nokre gav også opp eksterritorialretten. Viktige økonomiske reformer var eit einsarta mynt- og skattleggingssystem over heile riket og dessutan årlege budsjett. Kinesarane sin andel i industrikapitalen i landet steig, stadig fleire kinesiske firma og bankar blei organiserte etter utanlandsk mønster, og dei byrja sjølve å overta større transaksjonar i eksport og import. Regjeringa oppretta ei rekkje handelsmonopol og prøvde å fortrengje utlendingane frå kyst- og elvefarten.

I skuleverket og på det sosiale området skjedde openberre framsteg, særleg i byane. Ei jordreformlov, vedteken i 1930, blei likevel ikkje sett i verk, og dei tekniske framstega ramma ikkje den sosiale strukturen i jordbruket. Talet på leiglendingar steig, og det same gjorde avgifter og talet på festekontraktaråremål. Regjeringa sin skattepolitikk favoriserte konsentrasjonen av jordeigedommar, særleg i kystområda og rundt dei store byane. Statsinntektene kom utelukkande frå den vesle, moderne sektoren av kinesisk økonomi, og alle skattar var indirekte. Først i 1941 la sentralregjeringa skatt på jord.

Regjeringa sine finansielle problem i 1930-åra kom ikkje minst av militærutgiftene. Dei representerte gjennomsnittleg 46 prosent av totalutgiftene til staten, og utanlandske rentekrav slukte 35 prosent – det vil seie at 81 prosent av statsutgiftene gjekk til uproduktive formål. Berre ei kort tid, i 1929–1931, hadde Kina fred utetter. Internt blei Chiangs autoritet frå tid til anna trassa av enkelte militærguvernørar, men den største belastninga var kampen mot kommunistane.

Forholdet til Japan

Episode frå det kortvarige japanske imperiet i Kina. Japanske soldatar markerer sigeren etter å ha hærteke Hangzhou i desember 1938. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

/Store norske leksikon.

Japans haldning hadde vore meir moderat i åra etter Washington-konferansen, men blei stramma då Zhang Xueliang prøvde å hevde dei kinesiske interessene i Mandsjuria. I 1931 hærtok japanarane Mukden, og på kort tid hærtok dei resten av landet fram til Den kinesiske muren. Året etter blei dette området erklært uavhengig som ein eigen stat, Mandsjukuo, under Pu Yi, den avsette kinesiske keisaren Xuantong.

Ein organisert boikott av japanske varer i Kina blei svart på med at japanske styrkar hærtok delar av Shanghai. I 1933 oppnådde japanarane ein våpenstillstand, og Kina anerkjende erobringane deira. I 1934 blei Pu Yi krona til keisar, og i 1935 kjøpte japanarane Sovjetunionens interesser i den austkinesiske jernbanen. Men forsøk på å trengje over grensa til Indre Mongolia førte ikkje fram, og i 1937 underteikna Kina og Sovjetunionen ei ikkje-angrepspakt retta mot Japan.

Japansk aktivitet sør for muren i denne tida viste tydeleg at målet var å gjere Kina til eit protektorat. Kina ytte ikkje større motstand til å byrje med, då Chiang Kai-shek prioriterte felttoga sine mot kommunistane. Etter nokre mislykka opprørsforsøk i 1927–1928 fekk Mao Zedong etter kvart medhald i kommunistpartiet for ein taktikk som tok sikte på å utnytte misnøya til dei fattige bøndene. Saman med Zhu Dei organiserte han geriljastyrkar i grenseområda mellom Hunan og Jiangxi.

Guomindangs forhold til kommunistane

Forholdet mellom Nasjonalistpartiet/Guomindang og kommunistane endra seg fundamentalt frå dei tidlege åra til Republikken Kina og fram til etableringa av Folkerepublikken Kina i 1949. Sun Yat-sen oppretta tidleg kontakt med Sovjet-regjeringa i Moskva. Dette blei vel teke imot, og som ein gest for å markere velviljen sin erklærte Sovjetunionen i 1923 at dei gav opp eigedommane og dei spesielle rettane til det tidlegare russiske tsar-regimet i Kina. Sun Yat-sen meinte at kommunisme og det sovjetiske systemet ikkje kunne innførast i Kina ettersom kinesiske forhold ikkje låg til rette for dette, og nasjonal eining og fullt sjølvstende var det viktigaste. Diplomatane i Sovjetunionen hadde forståing for dette, og dei lova Kina støtte i denne kampen.

Sun var ikkje marxist, men han var interessert i korleis Sovjetunionen hadde bygd opp ein slagkraftig hær og eit solid partiapparat. Han sende derfor mellom anna Chiang Kai-shek til Moskva i 1923 for å lære av dei russiske erfaringane. Under dette opphaldet blei Chiang overtydd om at den sovjetiske kommunismen ikkje passa for kinesiske forhold, og at dei sovjetiske leiarane ikkje forstod ideologien eller utfordringane Guomindang hadde. Han blei òg klar over maktkampane i det sovjetiske kommunistpartiet. Dette bidrog til at Chiang etter kvart blei ein innbiten motstandar av kommunisme.

Sun Yat-sen insisterte likevel på at ein essensiell del av Guomindangs ideologi var nasjonal eining gjennom samarbeid med alle grupper i samfunnet, også kommunistane, og var overtydd om at samarbeidet med Sovjetunionen var rett. Den første einingsfronten mellom Guomindang og det kinesiske kommunistpartiet blei danna i 1924. Samarbeidet gjorde at medlemmer av kommunistparti kunne inngå som individuelle medlemmer i Guomindang på same tid. Dette var ein av føresetnadene for at Kina kunne få militær hjelp frå Sovjetunionen.

Etter at Sun døydde i 1925, auka spenningane mellom høgresida i Guomindang og kommunistane. Dette førte til at Chiang fjerna alle kommunistar frå leiande stillingar i 1926, og året etter starta han utreinsking av kommunistar i landområde under Guomindangs kontroll. Etter kvart auka motsetnadene også mellom venstresida i Guomindang og kommunistane, og den første einingsfronten blei oppløyst i 1927.

Kommunistane hadde allereie i 1935 ønskt ein felles front mot japanarane. Men Chiang Kai-shek var uimottakeleg for dette, heilt til han under eit opphald i Xian blei teken til fange av den tidlegare støttespelaren hans, Zhang Xueliang, som då var fordriven frå Mandsjuria. Chiang blei overtalt til å stille seg i spissen for ein nasjonal motstand mot japanarane. Dette førte til at den andre einingsfronten blei etablert i 1937 – denne gongen beståande av to uavhengige og likestilte parti. Denne fronten eksisterte formelt fram til slutten av andre verdskrigen i 1945, då forhandlingar mellom dei to partia braut saman, med borgarkrig som resultat.

Kommunistpartiet

«Den lange marsjen»
Kommunistane Zhou Enlai (til venstre), Mao Zedong (i midten) og Zhu De (til høgre) under «den lange marsjen» i 1935.
Av /NTB Scanpix.

I november 1931 blei den første sovjetrepublikken oppretta i Ruijin i Jiangxi, med Mao Zedong som formann. I dei områda som denne styrte med hæren sin, blei jorda konfiskert og delt ut etter jordlova til republikken. I februar 1932 erklærte denne «staten» krig mot Japan, men i 1934 blei han fullstendig omringa av troppane til nasjonalistregjeringa. Det lykkast ein styrke på 100 000 å bryte ut, og i oktober byrja dei den berømte «lange marsjen» frå Jiangxi til Shaanxi i nordvest. Dit nådde hæren etter eit år, sterkt redusert i talet. I desember 1936 oppretta kommunistane hovudkvarteret sitt i Yan'an.

I 1937 tok japanarane Beijing og Tianjin og rykte fram til provinsen Shanxi, der dei møtte sterk motstand frå kommunistane. Etter harde kampar fall Shanghai og Nanjing, og regjeringa der flytta først til Wuhan og seinare til Chongqing i Sichuan. Japanarane innsette først ei provisorisk regjering i Beijing, men trass i den overlegne utrustinga si klarte dei ikkje å bryte motstanden til kinesarane. Japanarane heldt ei rekkje knutepunkt og alle viktige hamnebyar, men Guomindang makta å halde innlandet, medan kommunistane dreiv ein effektiv geriljakrig bak linjene til japanarane.

Andre verdskrigen

Etter overfallet på Pearl Harbor i desember 1941 kom både Japan, USA og Kina med i andre verdskrigen. Sjølv om Kina no hadde dei allierte som forbundsfellar, blei stillinga deira forverra, idet japanarane forutan Indokina også hærtok Thailand og erobra Malaya og Myanmar. Kinas einaste samband med omverda var ei flyrute som USA oppretta frå India. Via denne ruta blei store mengder krigsmateriell og maskinelt utstyr sendt til landet. Myanmar blei teke tilbake gjennom ein britisk-kinesisk offensiv i 1943–1945, og i 1945 blei vegen frå Ledo i Assam opna.

Under andre verdskrigen steig den kinesiske prestisjen. I 1943 deltok Chiang Kai-shek saman med USAs president Franklin D. Roosevelt og Storbritannias statsminister Winston Churchill på Kairo-møtet, som vedtok at Kina ved fredsslutninga skulle få tilbake alle japanske erobringar av kinesisk territorium. Same året gav Storbritannia og USA avkall på eksterritorialrettane sine. Kina fekk òg permanent sete i Tryggingsrådet ved skipinga av Dei sameinte nasjonane i San Francisco i 1945. Kinas stormaktsposisjon var likevel svakt fundert.

Kommunistane tek over

Guomindang-regjeringa gjekk svekte ut av krigen, med sterk inflasjon og utbreidd korrupsjon som dei alvorlegaste symptoma. Kommunistane hadde derimot styrkt posisjonen sin gjennom smart leiing av geriljaen sin. Politisk hadde dei òg konsolidert stillinga si i det området Yan'an-regjeringa styrte. Allereie i 1938 byrja det igjen trefningar mellom deira styrkar og styrkane til Guomindang-regjeringa. USA prøvde å mekle ved å sende general Patrick J. Hurley som forhandlar i 1944–1945. Kommunistane sin representant i Chongqing var Zhou Enlai.

Situasjonen spissa seg til under rivalisering om å hærta tidlegare japanskokkuperte område. Regjeringstroppane til Guomindang fekk amerikansk hjelp og hærtok Beijing, Tianjin og byar i Mandsjuria. Sovjetunionen hadde ved Jalta-avtalen i februar 1945 fått tilbake rettar i Mandsjuria som dei hadde avstått til Japan i 1905, og byrja å fjerne industrielt utstyr derfrå og trenere rømminga frå landet. Ifølgje ei våpenkvile i 1946 mellom kommunistane og Guomindang skulle ei nasjonalforsamling fastsetje forfatninga i landet, men kommunistane møtte ikkje opp.

Etter Japans kapitulasjon og feilslåtte amerikanske meklingsforsøk blussa borgarkrigen opp igjen for alvor. Misnøya med styret til Chiang Kai-shek auka. Nasjonalistane leid store tap og mange deserterte. Kommunisthæren blei overlegen, talmessig som strategisk. I oktober 1948 fall Mukden, og resten av Mandsjuria blei deretter raskt okkupert. I januar 1949 fall Beijing og Tianjin. Chiang Kai-shek og tilhengjarane hans flykta til Guangzhou og vidare til Chongqing, som fall i desember. Ved årsskiftet hadde kommunistane hærteke praktisk talt heile landet, og Guomindang-regjeringa blei flytta til Taiwan.

Den 1. oktober 1949 blei Folkerepublikken Kina proklamert med formann Mao Zedong som president og Zhou Enlai som stats- og utanriksminister.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg