Faktaboks

Beijing

Kinesisk: 北京市

Peking

Etymologi
‘nordleg hovudstad’
Beijing

Beijing

Av /Store norske leksikon ※.
Beijing, Tiantan

Tiantan, Himmeltempelet sør i Beijing, der keisarane ofra til himmelen ved vintersolkverv. Biletet er henta fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Beijing (Tian’anmen)

Tian’anmen, porten som fører inn til Keisarbyen med ein del av den store paradeplassen framfor. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Sommaren 2007 opna Beijings nye nasjonalteater. Teateret, som ligg vest for Tian'anmen-plassen, er teikna av den franske arkitekten Paul Andreu.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Beijing er hovudstaden i Kina, lengst nord på den nordkinesiske sletta, 160 kilometer frå Bohaibukta. Byen grensar til Tianjin i søraust og er elles omringa av provinsen Hebei.

Beijing er ein eigen bykommune direkte underlagt sentralregjeringa, og er inndelt i 16 bydelar (qu).; 16 411 kvadratkilometer. Byen har 21 892 000 innbyggjarar (Kinesisk statistikk, 2020), som utgjer om lag 1,55 prosent av folketalet i heile landet.

Beijing har sju oppføringar på UNESCOs liste over verdas kultur- og naturarv:

Hovudstad

Beijing har vore hovudstad for dynastia Jin (1153–1161), Yuan (mongolsk) (1271–1368), Ming (1421–1644), Qing (mandsjursk) (1644–1911), Republikken Kina (1911–1928) og Folkerepublikken Kina (frå 1949).

Samferdsel

Buss

Typisk kombinert trolleybuss og batteri-elektrisk buss

Buss
Lisens: CC BY SA 3.0
bysykkel

Bysykkel i Beijing; praktisk og billig bytransport låst opp og betalt med mobiltelefon

bysykkel
Lisens: CC BY SA 3.0

Byen ligg strategisk til, og er det naturlege knutepunktet for handelen mellom den nordkinesiske sletta og dei mongolske og mandsjuriske nordområda. Byen har i over 700 år også vore eit viktig utgangspunkt for handelsrutene til Sentral-Asia, og er i dag eit sentrum for det kinesiske veg- og jernbanenettet, med jernbanelinjer til Shenyang, Shanghai, Guangzhou, Kowloon, Baotou og Taiyuan, og samband til Moskva, Nord-Koreas hovudstad Pyongyang og Ulan Bator i Mongolia.

Beijing er også sentrum for den sivile luftfarten i Kina, med to internasjonale flyplassar. Tianjin, nær utløpet av Hai He i Bohaibukta, er Beijings hamneby. Byen er også eit viktig knutepunkt for det nasjonale hurtigtognettet (gaotiewang).

I løpet av dei siste tretti åra har byen fått mange fleirfelts vegar; seks ringvegar går rundt byen, med avstand 2–3 kilometer mellom kvar av dei. Beijing har eit T-banenett på 1177 kilometer (2020). Byen har også eit svært godt offentleg bussystem. Dei fleste bybussar er elektriske, gjerne i kombinasjon med kablar (trolleybuss) og batteri. Offentleg kommunikasjon i Beijing er både billig og effektiv, og er også supplert med eit særs godt tilbod av bysyklar som er tilgjengelege så og seie over alt.

Bybeskrivelse

Mutianyu
Ein liten del av Den kinesiske mur ved Mutianyu
Mutianyu
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den gamle bykjerna består av to rektangulære bydelar, den nordlege «indre by» og den sørlege «ytre by», begge tidlegare omgjevne av bymurar.

Den indre by, også kalla Tatarbyen, går tilbake til mongolarbyen Dadu (eller Khanbaliq). Sjølv om dei fleste bygningar no er borte, stammar gatenettet frå denne tida.

Den ytre by, også kalla Kinesarbyen, blei bygd rundt år 1550 under Ming-dynastiet. Gatenettet er bygd som eit rutenett symmetrisk om ein nord-sør-akse med Den forbodne by som senter (zhongzhouxian). Aksen går gjennom Qianmen, 'Forporten', som var den indre byens sørlege hovudport ut mot den ytre byen. Qianmen står ved sørenden av Tian'anmenplassen (Tian'anmen guangchang), 'Den himmelske freds plass', ein enorm rektangulær plass som er verdas største i sitt slag.

På Tian'anmenplassen er Mao Zedongs mausoleum, mens Folkets store sal og Revolusjonsmuseet er plassert på kvar si side. I nordenden av plassen står nasjonalsymbolet Tian'anmen, 'Den himmelske freds port', med Mao Zedongs portrett, der han proklamerte Kina som folkerepublikk i oktober 1949.

Tian'anmen fører inn til Den forbodne by med palass frå Ming- og Qing-dynastia. Den forbodne by var stengt for vanlege folk i 500 år, men blir no kalla Palassmuseet. Vakre parkar og tempel er strategisk anlagte i alle himmelretningar rundt i byen. Blant dei største og mest kjende er Tiantanparken, 'Himmelens tempelpark', frå tida til Mingdynastiet, og Yonghegongklosteret (det Tibet-tilknytta Lamatemplet). Fleire stader eksisterer framleis eldre bygningar og nabolag med tronge smau kalla hútòng, og ein del av desse er freda. Eit slikt nabolag består av fleire hus som kvart er ordna i ein firkant rundt ein hage.

Det nordaustlege distriktet Chaoyang har utvikla seg raskt dei siste førti åra. Her fins dei fleste ambassadar og kontor for internasjonale organisasjonar. Chaoyangdistriktet har over 60 prosent av både Beijings luksushotell og utanlandske firma som er etablerte i Beijing. I Chaoyang ligg også Beijings internasjonale flyplass, og dei fleste stadion og anlegg frå Dei olympiske leikar i 2008.

I nordvest, tolv kilometer frå bykjerna, ligg Sommarpalasset (Yiheyuan), anlagt i 1115–1234 og bygd opp på nytt i 1888 av keiserinna Ci Xi (1835–1908) etter at ein fransk-britisk hær brende ned det opphavelege sommarpalasset – Yuanmingyuan. I dette området ligg også dei fleste av Beijings universitet og høgare læreinstitusjonar. Fleire stader nord i byen fins restar av Den kinesiske mur. Dei mest kjende stadene der turistar kan sjå muren er ved Badaling og Mutianyu, høvesvis 70 og 90 kilometer frå sentrum.

Sidan 1950-årene, etter flytting av hovudstaden frå Nanjing til Beijing, har byen endra utsjånad. Sentralregjeringa har investert betydeleg i Beijings infrastruktur. Dei gamle bymurane blei tidleg rivne for å gje plass til bygging av nye vegar.

Ein ring av skyskraparar har vakse opp rundt sentrum, men styresmaktene har vidareført dei gamle dynastia sine forbod mot å byggja hus høgare enn Tian'anmen (45 meter) i området innanfor dei gamle bymurane. Med den økonomiske veksten i Kina frå 1980-åra har det vore stor tilflytting til byen, og det er bygd mange satellittbyar med høgblokker rundt bykjerna.

Natur

Fjellområda, som omfattar 62 prosent av bykommunens areal, omkransar byen i vest, nord og nordaust. Resten er lågtliggjande sletteland. Fjella i vest (Vestfjella) er ein del av Taihangfjella med blant anna Beijings høgaste fjell Donglingfjellet (2303 meter over havet).

Jundufjella i nord og nordaust er ein del av fjellkjeda Yanshan, og når opp i mellom 1000 og 1500 meter over havet. Slettelandet i søraust er ein del av Den nordkinesiske slette (Huabei Pingyuan), og er for det meste elveslette med lågaste punkt 10 meter over havet. Elvesletta er danna av fleire elvar, blant anna Yongding He og Chaobai He, som begge tilhøyrer elvesystemet Hai He, og munnar ut i Bohaibukta ved Tianjin.

Elvane har i tidlegare tider ofte endra løp eller flauma over og forårsaka store øydeleggjingar. Sidan 1949 er det bygd kanalar og ei rekkje vassreservoar for å kontrollera vassmengda og samtidig sikra vassforsyninga til byen.

Næringsliv

Beijing sentrum
Festpynta by med tru på framtida: Nasjonaldagen 1. oktober
Beijing sentrum
Lisens: CC BY SA 3.0

Tenestenæringar er viktigaste næringsgrein, men industrien er også omfattande. Historisk har Beijing fyrst og fremst vore eit sentrum for administrasjon, kultur og åndsliv. Byen har fleire universitet og høgare utdanningsinstitusjonar, Kinas nasjonalbibliotek og det nasjonale vitskapsakademiet.

Beijing er også kjend for tradisjonelt handverk, som utskorne arbeid i elfenbein, jade, tre, cloisonné- og perlemor. Dei siste åra er Beijings tungindustri flytta ut av byen for å sikra reinare luft og eit betre bymiljø, men det er framleis betydeleg produksjon av transportmiddel og anna. Beijings Haidian-distrikt er eit viktig nasjonalt sentrum for utvikling av høgteknologi. Eit av landets mest kjende merkenamn innan internettsøk og -tenester – Baidu – har hovudkontor i Beijing.

Då folkerepublikken blei etablert i 1949 var industrien heilt ubetydeleg. Styresmaktene sette i verk eit storstilt industrialiseringsprogram med fokus på utvikling av tungindustrien framfor lettindustrien. Kôlreservar i Vestfjella, jernmalm og andre mineral i nord blei utnytta. Heile prosessen frå gruvedrift og koksverk, fram til produksjon av jern og stål var integrert i eitt einaste stort industrielt kompleks i Shijingshan. Framstilling av kvalitetsstål danna basis for ein omfattende mekanisk industri, med produksjon av jernbanemateriell, bildelar, verktøy og forskjellige maskinar. Oljeleidning frå Daqing i Heilongjiang danna grunnlaget for petrokjemisk industri.

Den einsidige satsinga på tungindustri skapte kapasitetsproblem for vassforsyning, elektrisitetsforsyning og transport, og betydeleg forureining. Folketalet auka raskare enn utbygging av bustader og offentlege tenestetilbod, og heller ikkje utviklinga av landbruket heldt fylgje.

Reformene etter 1978 (sjå Folkerepublikken Kinas historie) førte til store endringar, og eit restruktureringsprogram blei iverksett. Det blei også satsa på utvikling av meir variert industri, handel, transport og andre tenestenæringar. I tillegg blei det offentlege tenestetilbodet utbygd, og satellittbyar blei bygde for å avhjelpa bolignauda.

Sidan 1990 har næringsstrukturen igjen blitt kraftig modernisert. Næringslivet er meir internasjonalisert, og antallet privateigde foretak har auka kraftig. Produksjon av høgteknologiske produkt er blitt det raskast veksande industriområdet. Bygningsindustrien har også vakse dramatisk i takt med den kraftige utbygginga av byen. Ei gassrøyrleidning frå Shaanxi blei opna i 1996.

Den mest dramatiske utviklinga har imidlertid foregått innan tenestenæringane, som på nytt er blitt Beijings viktigaste næringsgrein. Ny status som verdsby kombinert med kjende historiske minnesmerke har ført til kraftig utbygging av handel, finansinstitusjonar, hotell, restaurantar og tilknytta næringar.

Rundt tre millionar turistar vitjar Beijing årleg. I landdistrikta er landbruket modernisert, og inkluderer intensiv dyrking av jordbruksprodukt, frukttreplantasjar, husdyravl og økoturisme.

Historie

Den forbodne byen (keisarpalasset); kinesisk Gùgōng
.
Den forbudte by
Ein liten del av Den forbodne byen
Den forbudte by
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Ei rekkje byar med forskjellige namn har lege der Beijing no ligg. Kongeriket Yan hadde sin hovudstad her i dei to siste hundreåra av Zhou-tida, fram til 221 fvt. då han blei øydelagt. Seinare blei byen kalla Yan, som framleis blir brukt som litterært namn for Beijing.

I 314–589 evt. var byen kontrollert av nomadefolk, frå 916 til 1124 var han under namnet Yanjing hovudstad i riket Liao, oppretta av kitan-tatarane i Nord-Kina. Dei blei etterfulgt av ei anna tatarstamme, Den gylne horde, som kalla byen Zhongdu. Denne blei øydelagt av mongolane i 1215, men Khubilai-khan bygde han opp att i 1272 under namnet Khanbaligh, den sokalla indre by eller tatarbyen.

Då det mongolske Yuandynastiet fall i 1368, blei rikshovudstaden lagt til Nanjing ('sørlege hovedstad'), men i 1421 blei hovudstaden flytt tilbake til den gamle staden, som no fekk namnet Beijing ('nordlege hovudstad'). Mandsjuane heldt fram med dette namnet då dei grunnla sitt dynasti (Qing).

I 1860 blei byen invadert av ein britisk-fransk hær og ei rekke storslåtte byggverk i byen og omlandet blei brende. Etter boksaroppstanden i 1900 blei Beijing invadert av ein internasjonal troppestyrke, og store delar av byen vart plyndra og brent. Beijing heldt fram som hovudstad under den fyrste republikk frå 1911, men Guomindang-regjeringa valde Nanjing som regjeringssete i 1928. Byen var okkupert av japanarane under andre verdskrig, 1937–1945. Beijing blei igjen hovudstad frå 1949.

Bymiljøet

Chaoyang-parken

Chaoyang-parken i Beijing dekkjer 2,9 km2

Chaoyang-parken
Lisens: CC BY SA 3.0
Lianma He
Liangma He vinterstid
Lianma He
Lisens: CC BY SA 3.0

Mykje er gjort dei siste åra for å utvikla ein by med betre luft, mindre forureining og fleire grøne område. Oppvarming med kôl er erstatta med naturgass; det er bygd parkanlegg langs vegar, mange kanalar i byen er oppgraderte; det blir også satsa på utbyggjing av byens mange parkar, som til dømes Chaoyang- parken, som er Asias største bypark. Elektrifisering av bussar og bilar er også i full gang, med insentiv for kjøp av el-bil og auka satsing på sykling. El-moped er også særs vanleg i byen.

Eit stort prosjekt der vatn er flytta frå sør til nord (nánshuǐběidiào) har sikra ferskvatn for nedbørfattige Beijing, slik at ein ikkje lenger er avhengig av grunnvatn.

Beijing er også kjend for sitt mangfaldige uteliv og gode tilbod av restaurantar.

Byen var arrangør av sommer-OL i 2008; også arrangør av vinter-OL i 2022.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg