Artikkelstart
Zhōu Ēnlái (周恩来) var ein kinesisk politikar og diplomat. Han var blant dei fremste leiarane i Kinas kommunistparti og i den kommunistiske revolusjonen. Som statsminister frå 1949 til 1976 var Zhou Kinas nest viktigaste politikar gjennom Mao-tida.
Zhou Enlai er høgt vyrda både i og utanfor Kina. Han blir gjerne rekna som ein heiderleg, dyktig og pragmatisk politikar og ein framifrå forhandlar – ein viktig stabiliserande figur både innanfor og utanfor kommunistpartiet. Mellom anna spela han ei sentral rolle i båe samarbeidsperiodane mellom kommunistpartiet og Kuomintang, var den viktigaste modererande faktoren under kulturrevolusjonen og sørgde for å få oppretta diplomatiske samband mellom Kina og USA i 1972.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.