Song-dynastiet

1100-tallet.

Artikkelstart

Song var ei kinesisk keisarslekt og ein periode i kinesisk historie frå 960 til 1279. Perioden vert ofte omtala som Kinas økonomiske, industrielle og til dels kulturelle gullalder. Dynastiet sleit militært gjennom heile perioden, og siste rest vart slått av mongolane i 1279.

Faktaboks

Også kjent som

Sòng (宋)

Opphav

Av .

Etter at Tang-dynastiet hadde falle følgde ei brytningstid med uoversiktlege forhold før Song-dynastiet innleidde ein periode av fullmoden og rik kulturutfalding, særleg i kunst og filosofi.

Song-dynastiet vart oppretta av Zhao Kuangyin i 960 då han kuppa trona frå den siste keisaren av det austlege Zhou. Zhao Kuangyin hadde vore ein framståande general i det nemnde Zhou, ein av fleire kortlevde småstatar under den kaotiske perioden som går under namnet «Fem dynasti og ti kongedømme» (907–960). Som keisar (kjend for ettertida som Song Taizu) sigra han over desse andre statane og samla dermed Kina att. Han oppretta òg det omfattande og effektive byråkratiet i Song-dynastiet, mellom anna gjennom ei utviding av det kinesiske eksaminasjonssystemet.

Styresett

Denne verdsetjinga av administrasjonen over det militære var noko av oppskrifta til Song-dynastiet sin suksess, men blir òg rekna som opphavet til Songs kroniske militære problem. Ein unngjekk mektige generalar og militærkupp av den typen som hadde ført Song til makta, men også kreativt spelerom for driftige militære leiarar.

Den såkalla nykonfutsianismen oppstod i Song-dynastiet då konfutsianismen opptok trekk frå taoisme og buddhisme. I dei følgjande hundreåra sigra etter kvart ein konservativ ortodoksi innan konfutsianismen, og dette vanskeleggjorde vidare åndeleg og intellektuell utvikling i større grad.

Ei sterk befolkningsauke sette etter kvart inn, og eit reint sivilt forvaltningssystem vart gjennomført. Politisk og militært stod Song-dynastiet noko svakt. Annam reiv seg laus, og det store tongutriket Xi-Xia herska over Sentral-Asia, medan tungusfolket kitan (opphavet til namnet Cathay) herska i nordaust, med noverande Beijing som hovudstad. I 1127 erobra jursjenarane (kinesisk rúzhēn 如真), eit tungusisk stammefellesskap, hovudstaden Kaifeng og store delar av Nord-Kina. I perioden som følgde, kalla Sør-Song (1127–1279), var Song-dynastiet sitt territorium avgrensa til området sør for Yangtze-elva.

Økonomi og vitenskap

Økonomisk og kulturelt blomstra likevel Kina som før i Sør-Song. Lin'an (noverande Hangzhou), den nye hovudstaden, overtok Kaifeng sin plass som truleg den mest folkerike byen i den tida. I tråd med den innovative ånda i Song-dynastiet vart det utvikla ei rekkje militære nyvinningar, som krutvåpen, kompass, hjulbåt og kastevåpenet blide.

Mange nye byar vart grunnlagde og bymurar bygde. Stolen teken i bruk som møbel, teen vart ein vanleg drikk i alle samfunnslag, kortspel og domino vart oppfunnen, og vifta vart innført frå Japan. Fotbinding vart vanleg blant kvinnene til overklassen frå 900-talet. Boktrykk med bevegelege typar vart vanleg, det lærde eksamensvesenet vart utbygd og forbetra, matematikk og medisin gjorde framsteg, til dels under arabisk innverknad.

Innan dei lærde si verd arbeidde det innsiktsfulle granskarar av Kinas oldtidsminne (bronsar, innskrifter, segl, grev). Kunstsamlarar, encyklopedistar, reisande og bibliografar samla og ordna med stor flid det veldige materialet.

Den oversjøiske handelen auka i Song-dynastiet, og kinesarane byrja å navigere etter kompasset. Blant importvarene var røykjelse, rav, korall, perler, ibenholt, elfenbein og bomullsstoff.

Fall

Frå 1230-talet var Song trua av eit nytt nomadisk rike i nord. I 1234 hadde dei slått jursjenarane og erstatta dei som herskarar i nord-Kina. Dei mongolske angrepa byrja for alvor i 1259, men vart avbrote nesten med ein gong då storkhanen Möngke brått døydde. Eit tiår med pause frå mongolske angrep følgde.

Khubilai-khan, den nye storkhanen, bydde Song-dynastiet vasallstatus og sjølvstyre innanfor det mongolske riket, slik som Korea hadde fått. Song-herskarane avslo. I 1268 fortsatte krigen med angrepet på Xiangyang, som fall i 1273.

I 1276 fall hovudstaden, og Song-keisaren gav frå seg keisarmandatet til mongolane. I kinesisk historieskriving er det vanleg å rekne dynastiet fram til 1279, då den siste resten av Song-hoffet i sør-Kina kapitulerte. Kina vart då sameint under mongolsk herredøme i Yuan-dynastiet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg