Offisielt maleri av Ming dynastiets keiserinne Xiaojingxian.

Ming-perioden var kjent for sitt vakre porselen.
Av .

Artikkelstart

Ming-dynastiet var eit kinesisk keisardynasti og ein historisk periode frå 1368 til 1644. Ming-dynastiet etterfølgde det mongolske Yuan-dynastiet og innebar ei gradvis vending innover, til slutt manifestert i den kinesiske muren. Ming betyr «strålande».

Herskarar

Herskarane av Ming-dynastiet (Míngcháo, 明朝) hadde familienamnet Zhu. Den første keisaren, Zhu Yuanzhang, kom frå ein fattig bondefamilie og er såleis den keisaren med mest folkeleg bakgrunn i Kinas historie. Zhu Yuanzhang vart etter kvart leiaren for det kinesiske opprøret som velta Yuan-dynastiet og fordreiv mongolane ut av landet.

Styresett

Trass i at keisaren sjølv hadde ein meir folkeleg bakgrunn enn tidlegare herskarar, vart ikkje Ming-dynastiet noko meir demokratisk enn forgjengarane, snarare tvert imot; Keisaren samla makta i sine hender og vidareførte mange av dei autokratiske institusjonane frå Yuan-dynastiet, og dermed stabilisere dei tradisjonelle samfunnsforholda.

Samfunnet vart også inndelt i stender, der yrke skulle gå i arv. Dette systemet braut i praksis snart saman. Ein av grunnane var ei økonomisk oppblomstring under Ming-dynastiet, som førte med seg ein veldig sosial mobilitet. Denne oppblomstringa kom særleg av handelsetterspurnaden og dei nye plantesortane som europearane førte med seg frå 1500-talet og utover. Dette førte også til ein sterk befolkningsvekst: frå ca. 75 millionar rundt 1450 til nesten 200 millionar ved slutten av dynastiet.

Ideologi

Ming-dynastiet, som til forskjell frå Yuan-dynastiet var grunnlagd av Han-kinesarar, henta fram igjen Song-epoka sitt tradisjonelle politiske, sosiale og intellektuelle system. Intellektuelt var særleg andre halvdel av Ming-dynastiet prega av mangfald og toleranse. Synkretisme var også i vinden mot slutten av dynastiet, særleg representert av rørsla «sameininga av dei tre lærene» (buddhismen, konfutsianismen og daoismen). Den mest kjende tenkjaren frå perioden og føregangsmann for mange av desse trendane var Wang Yangming.

Ein ny lovkodeks etter tradisjonelle linjer vart gitt ut under Ming-dynastiet. Restriksjonar mot buddhismen tok sikte på å fremje konfusianismen, som var den offisielle ideologien og nærast hadde karakter av statskult. På keiserlig initiativ vart i 1405–1431 ei rekkje sjøferder gjennomført til Ostindia, India, Persiabukta og Aust-Afrika. Men etter at desse plutseleg vart innstilte, og Kina slik vart avskore frå sambanda vestover gjennom Sentral-Asia, følgde ein periode med relativ isolasjon.

Europeisk innverknad

Mot slutten av Ming-perioden byrja dei europeiske sjømaktene, som ved dei store oppdagingane hadde funne sjøvegen til Det fjerne austen, å vise seg ved dei kinesiske kystane. Portugisiske (frå Ostindia, 1516), spanske (frå Filippinane), nederlandske (frå Taiwan, 1604) og engelske (1637) handelsskip prøvde å opne handel med Kina over Guangzhou (Kanton), men med magert resultat. Portugisarane var dei einaste som fekk varig fotfeste, i Macao (frå 1557) og for ei tid i Ningbo.

Nye importvarer var mellom annan klokker og tobakk. Dyrking av søtpoteter vart innførte frå dei spanske koloniane i Sør-Amerika. Etter kvart kom det jesuittiske misjonærar til Kina. Den første var Matteo Ricci, og både han og fleire av etterfølgjarane hans fekk ein viss innverknad i hoffkrinsane. Men denne første meir omfattande kontakten med europearane fekk forholdsvis avgrensa tydning for den kinesiske kulturutviklinga. Europeisk innverknad gjorde seg i større grad gjeldande først mot slutten av det etterfølgjande Qing-dynastiet.

Fall

Det er fleire årsaker til at Ming-dynastiet gjekk under. Røvartokter langs kysten rundt 1550, indre opprør etter 1620, saman med nytt press mot grensene i nord, svekte dynastiet og førte til at det fall. På den økonomiske sida hadde hoffet utvikla ein dekadent styringsstil som i kombinasjon med ein feilslått skattepolitikk ruinerte statskassa. Samtidig utvikla det seg ei rivalisering mellom to innverknadsrike grupper ved hoffet, evnukkane og litteratane, noko som førte til at hoffet vart splitta og lite handlekraftig.

Av herskardynastiet som følgde etter Ming-dynastiet, vart det økonomiske, sosiale og intellektuelle mangfaldet i seg sjølv sett på som ein slags dekadanse og årsaka til at dynastiet fall. For å distansere seg frå Ming vart dermed det etterfølgjande Qing-dynastiet langt meir ortodokst.

Ute på landsbygda opplevde ein ei rekkje uår, som førte til ei sosial uro, som den stadig svakare staten ikkje var i stand til å kontrollere. Uroa starta som rørsler utan noka klar form for leiing. Ein opprørsleiar med namn Li Zicheng (1606–1645) fekk til slutt samla ein hær som han førte mot Beijing, der han tok byen og heldt han i éin månad. Han vart overvunnen av mandsjuane frå nordaust, som med kinesisk støtte etablerte Qing-dynastiet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brooks, Timothy. 2010. The Troubled Empire. Cambridge: Harvard University Press.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg