Dynastiet Tang vart stifta i 618 då Li Yuan, guvernør i Shanxi, kuppa trona frå Yang-di, den andre keisaren av Sui-dynastiet. Sui hadde samla Kina 40 år tidlegare, men regimet hadde vorte upopulært etter massetvangsarbeid og militære nederlag i Korea.
På same måte som dynastia Qin og Han eit tusenår tidlegare baserte Tang-staten seg på Sui. Den militære ekspansjonen heldt òg fram, med store territoriale utvidingar som resultat, særleg vestover langs Silkevegen inn i Sentral-Asia. Her eksisterte eit omfattande protektoratsystem i hundre år frå ca. 650 til 750.
Dynastiet Tang førte Kina inn ei ny stortid med makt både utetter og internt. Openheit og skaparkraft, sameint med det beste av arven frå tidlegare epokar, la grunnen til den nye stormakta. Det vart skapt ein ståande hær, rekruttert ved vernepliktige, og militærguvernørar vart plasserte i provinsane for å hindre opprør, medan den sivile administrasjonen kom til å stå noko i skuggen.
Allereie i 660-åra var Kinas utanrikspolitiske prestisje gjenreist og dets herredømme i Sentral-Asia igjen sikra, etter kampar mot tyrkiske og tibetanske stammar. Riket strekte seg på det største frå Nord-Korea i aust til Aralsjøen i vest, frå Bajkal i nord til Indokina i sør. Dette veldet vart halde oppe til 751, då det braut saman etter eit veldig slag ved Talas. Tyrkiske folk, støtta av arabarane, fekk frå då av ein maktposisjon i Sentral-Asia, og Kina overvann ikkje tilbakeslaget, som kan i form av ei rekkje store indre opprørsbølgjer.
An Lushan-opprøret frå 755 til 763 markerte slutten for den politiske stordomstida til Tang-dynastiet. Ei viss sentralmakt vart gjenoppretta, men armen inn i Sentral-Asia vart kutta av for godt, og dei resulterande regionale maktfaktorane innetter i riket enda til slutt med at dynastiet kollapsa, og at Kina gjekk i oppløysing i dei fem dynastia og dei ti kongedømma, frå 907 til 960.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.