Faktaboks

Kuomintang

Pinyin: Guómíndǎng

Wade-Giles: Kuo-min-tang

Forenkla teikn: 囯民党

Tradisjonelle teikn: 國民黨

Offisielt forkorta KMT (men ein kan òg sjå GMD). Vert i historisk samanheng ofte omtala som "nasjonalistane" (mots. kommunistane).

Etymologi

guó 国/國, «nasjon, nasjonal»

mín 民, «folk»

dǎng 党/黨, «parti»
Uttale

goå-min-dang, IPA: [kʷo.min.tɑŋ]

Partilogo
Partilogoen til Kuomintang, som òg pregar det taiwanske flagget.
Sun Yat-sen

Sun Yat-sen (1866–1925), grunnleggjaren av Kuomintang. Då Sun døydde vart tittelen på øvste leiaren av Kuomintang endra slik at Sun kunne helde fram med å vere «president» (zong-li) i partiet etter sin død. Det er han framleis.

Av /KF-arkiv ※.

Kuomintang, «Kinas nasjonalistparti», var det leiande politiske partiet i Kina inntil andre verdskrigen, og er i dag eitt av to store parti på Taiwan. Partileiar er Eric Chu.

Kuomintang vart stifta som eit revolusjonært, demokratisk og nasjonalistisk parti, i opposisjon til den kinesiske keisarmakta og dei europeiske imperialistmaktene. Partiet la seg vinn på å representere heile det kinesiske folket, men vart etter kvart eit parti primært for borgarskapet og fekk som styringsparti sjølv autoritære tendensar.

Partiet tapte etter kvart den ideologiske og militære kampen mot Kinas kommunistparti og flykta i 1949 til øya Taiwan, der dei sette opp eit konkurrerande styre. Etter endeleg å ha tillate demokratisering på Taiwan på 1990–talet, er partiet i dag det største opposisjonspartiet i landet. Kuomintang står i spissen for Taiwans såkalla blå koalisjon, i motsetnad til dei «grønne» og partiet DPP, som har styrt Taiwan sidan 2016.

Kuomintang har framleis sameining mellom Taiwan og Kina som eit av sine fremste politiske mål, sjølv om dette er tona ned i dei seinaste åra.

Forløparar og bakgrunn

Historia til Kuomintang kan sporast attende til opprettinga av Xingzhonghui, «Forbundet for gjenreisinga av Kina», i 1894.

Forbundet vart stifta av Sun Yat-senHonolulu i 1894. Den nye marinen til det kinesiske keisarriket hadde nyleg vorte bortimot utsletta i det største slaget i fyrste sino-japanske krigen, ein krig Kina enda med å tape. For Sun Yat-sen og ein ny generasjon kinesiske intellektuelle var krigen eit prov på at keisarriket hadde spelt fallitt i forsøka sine på modernisering. Kina trengte revolusjon og eit nytt republikansk, demokratisk styre, meinte dei.

I 1905 gjekk forbundet saman med andre likesinna mindre grupper og oppretta Tongmenghui, «Alliansen», igjen med Sun Yat-sen som leiar. Tongmenghui starta fleire revolusjonsforsøk. I 1911 lukkast dei og gjorde slutt på det over 2000 år gamle keisarstyret. Sun Yat-sen vart gjort til fyrste president i den nye republikken, som vart proklamert 1. januar 1912.

For å ta del i det føreståande valet til Kina si fyrste lovforsamling oppretta Tongmenghui eit formelt politisk parti kalla Kuomintang seinare same år. Opprettinga markerte òg ei konkretisering av politisk program, utvida medlemsskap og ikkje minst ei ny tid for Kina.

Ideologi og politikk før 1949 (Kina)

Ideane og politikken til Kuomintang har utvikla seg i to forskjellige kontekstar. Før 1949 spelte partiet hovudrolla i Kina sitt politiske liv og nasjonale kamp. Forutan revolusjonen i 1911 stod dei mellom anna i spissen for «ekspedisjonen nordover», som samla Kina i 1928, og for motstandskampen mot Japan frå 1937 til 1945, som òg enda med siger.

Etter 1949, året då partiet tapte den kinesiske borgarkrigen mot kommunistane leda av Mao Zedong, har Kuomintang vore dytte heilt ut av scena for Kina si historie, og funne seg, delvis motvillig, i sentrum av utviklinga av ein ny nasjon: Taiwan. Det er naturleg å handsame politikken til partiet før og etter dette årstalet i to separate delar.

Dei tre folkeprinsippa

Tre folkeprinsipp

Sun Yat-sen utvikla og populariserte dei tre folkeprinsippa i tida kring den kinesiske revolusjonen i 1911. Biletet viser artikkelen i partiorganet Min Bao der Sun fyrst publiserte ideologien (i 1905).

Av /Min Bao.

Sun Yat-sen utarbeida doktrinen om «dei tre folkeprinsippa» i tida før revolusjonen i 1911 og gjorde dei til ideologisk fundament for partiet då Kuomintang vart formelt oppretta i 1912.

Dei tre prinsippa kan omsetjast med «nasjonalisme», «folkesuverenitet» og «velferd».

«Nasjonalisme», min zu, definerte Sun som sjølvråderett for det kinesiske folket og opprettinga av ein kinesisk nasjonalstat.

«Folkesuverenitet», min quan, handla om at makta i den nye nasjonalstaten måtte gå ut frå folket. Folket skulle «vere den nye keisaren».

«Velferd», min sheng, definerte Sun som jamn fordeling av ressursar på heile folket. Sun veik ikkje frå formuleringar som «sosialisme» og «temming av kapitalismen».

Militærstyre, formyndarstyre og konstitusjonelt styre

Med dei tre folkeprinsippa som politisk plattform og ein hærskare revolusjonsheltar vann Kuomintang eit valskred i det fyrste kinesiske lovforsamlingsvalet i 1913.

Mangel på kontroll over militæret gjorde at partiet likevel var ute av stand til å setje politikken sin i verk. Vedvarande konflikt med militære leiarar enda til slutt med at lovforsamlinga vart oppløyst og Kuomintang bannlyst i 1914 av Yuan Shikai. Kort etter vart Kina delt mellom ulike militære leiarar i krigsherretida (1916–1928).

Desse nederlaga fekk Sun Yat-sen til å utvikle ein teori om korleis overgangen til demokrati burde gå føre seg. Før ein kunne innføre eit fullverdig demokrati i eit «konstitusjonelt styre» (styre basert på grunnlov), erfarte Sun, var det naudsynt med to overgangsstadium. Fyrst måtte Kuomintang byggje opp sin eigen hær og sameine landet under eit «militærstyre». Så skulle Kuomintang, som einaste lovlege parti, overdra makta frå militæret til det sivile og samstundes gjere folk og institusjonar klare for det endelege konstitusjonelle styret. Denne overgangsfasen kalla Sun «formyndarstyre».

Sun døydde i 1925 og rakk akkurat ikkje å sjå realiseringa av den fyrste fasen, då den nye hæren til Kuomintang slo ned krigsherrane i ekspedisjonen nordover (1926–1928) og sameinte Kina. I 1931 kunngjorde Kuomintang starten på «formyndarstyret» og formaliserte soleis eittpartistyret deira over Kina. Denne historiske perioden, seinare kalla Nanjingtiåret (1928–1937), er einaste gong Kuomintang har styra over heile Kina.

Samarbeid og brot med kommunistane

Shanghai-massakren

I 1927 braut Chiang Kai-shek, leiar for Kuomintang-hæren, samarbeidet med kommunistane, og soldatane hans avretta arbeidarar som hadde teke makta i Shanghai (Shanghai-massakren).

Av /NTB Scanpix ※.

Leflingane med sosialismen til det tidlege Kuomintang kan sjåast i avgjerda til Sun Yat-sen i 1923 om å samarbeide med kommunistpartia i både Sovjetunionen og Kina sjølv. Komintern-agentar, utrusta med uvurderleg erfaring og støtte, vart innverknadsrike rådgjevarar for toppleiinga. Partiapparatet vart omorganisert etter leninistiske prinsipp, og medlem av Kinas kommunistparti vart tilbode medlemskap. Blant dei var ein ung Mao Zedong, som mellom anna vart leiar for propaganda-byrået i partiet.

Kuomintang skifta kurs etter at Sun døydde og Chiang Kai-shek konsoliderte sitt leiarskap av partiet, ein posisjon han behaldt i 50 år. På denne tida var Chiang sett på som ein sentrist i partiet, men han var òg antikommunist og hadde antidemokratiske tendensar. Ideane til Sun om «militærstyre» og «formyndarstyre» viste seg å verte velkomne orsakingar for Chiang til å få utlaup for dei tendensane.

Under ekspedisjonen nordover dolka han fyrst kommunistane i ryggen i Shanghai-massakren. Under Nanjingtiåret vart kommunistpartiet blant ofra for Chiang sin nulltoleranse for politisk opposisjon. Mottoet var «Inkje parti utanfor partiet, ingen faksjonar innan partiet.» Forutan militæret vart mykje av utreinskinga utført av «blåskjortene», eit nytt hemmeleg politi lojalt til Chiang.

Nytt liv-kampanjen

Kuomintang
Kuomintang-medlem føre mausoleet til Sun Yat-sen i Nanjing i 1928. Chiang Kai-shek nr. 3 frå høgre. Bak heng partisymbolet.
Av .

Kuomintang under Chiang Kai-shek søkte einsretting ikkje berre i det politiske liv, men òg i samfunnet som heilskap. Dels som respons på den mykje tydelegare ideologiske linja til kommunistpartiet lanserte han ein moralistisk kampanje i 1934 under namnet xin shenghuo yundong, «nytt liv-rørsla». Namnet spelte på min sheng (bokstaveleg: «folkets liv»), det tredje av folkeprinsippa til Sun. For Chiang representerte kampanjen fullbyrdinga av dette prinsippet.

Kampanjen var ei blanding av konfutsiansk, kristent og fascistisk tankegods, og hadde som mål å gjere kinesarane meir disiplinerte og kultivere eit nasjonalt medvit. For å oppnå dette skulle heile folket trenast i fire nye kardinaldygder: «etikette», «rettferd», «integritet» og «skamkjensle».

Kampanjen kokte bort i trivialitetar som regler for skjørtelengd, kroppshaldning og etelydar. Særleg fattige så etter kvart på han som ein vits. Samstundes vart han teke svært seriøst og fanatisk handheva av blåskjortene. Denne kontrasten bidrog til at Kuomintang vart stadig meir upopulært.

Ideologi og politikk etter 1949 (Taiwan)

Viktige hendingar (Taiwan)

1947

Innfører grunnlov

1948

Innfører unnatakstilstand og set dimed grunnlova til side

1949

Flyktar til Taiwan

1975

Chiang Kai-shek døyr og sønen Chiang Ching-kuo overtek som partileiar og president.

1976

Rekordår for det «taiwanske mirakelet», med BNP-vekst på 14 %.

1991

Avsluttar unnatakstilstanden som ledd i demokratisering

2000

Gir frivillig frå seg makta for fyrste gong

2008

Vinn attende makta for fyrste gong

Upopulariteten til partiet heldt fram med å vakse etter sigeren i motstandskrigen mot Japan i 1945. Kuomintang, med amerikansk hjelp, tok i mot den japanske kapitulasjonen i dei fleste område i Kina. Dei stod godt stilt til endeleg å leie «gjenreisinga av Kina», som Sun Yat-sen og hans Xingzhonghui hadde byrja å drøyme om i 1894.

Men krigstrøtte, korrupsjon, fanatisk antikommunisme og økonomisk vanstyre førte til at Kuomintang tapte den kinesiske borgarkrigen mot kommunistane i 1949. Partiet og to millionar tilhengarar flykta til øya Taiwan, som Japan hadde gitt attende til Kina i 1945. Der sette dei opp eit alternativt styre, som framleis gjorde krav på heile Kina.

Militær unnatakstilstand og økonomisk suksess

Chiang sr. og jr.

Chiang Kai-shek, partileiar ca. 1925–75, med sønen Chiang Ching-kuo. partileiar 1975–88. Liksom Sun Yat-sen vart Chiang senior heidra med evig leiartittel i partiet då han døydde i 1975. Han er enno i dag «direktør» (zong-cai) i partiet.

I 1947 hadde Kuomintang proklamert ei ny grunnlov for Kina. På papiret signaliserte grunnlova at endemålet til Sun Yat-sen om eit demokratisk og «konstitusjonelt styre» for heile Kina var nådd. I praksis var det alt anna. For det fyrste hadde Kuomintang utelukka kommunistpartiet og eit anna parti frå riksforsamlinga som teikna opp grunnlova. For det andre innførte Chiang Kai-shek unnatakstilstand i 1948 på grunn av borgarkrigen. Dette innebar at den nye grunnlova vart sett til side.

Kuomintang heldt på unnatakstilstanden etter flukta til Taiwan, trass i at kampen mot Fastlands-Kina raskt utvikla seg til patt. «Formyndarstyret» heldt såleis i praksis fram, no på Taiwan. All opposisjon vart brutalt slått ned, i ein periode som sidan vart kalla «den kvite terroren». Brutaliteten fekk ein ekstra dimensjon av at opposisjonen besto av han-kinesarar med ein sterk lokal taiwansk identitet. Kuomintang, som representerte ein fastlandsminoritet, vart meir og meir sett på som ei framand kolonimakt, like ille som, om ikkje verre enn, japanarane før dei.

Under denne perioden oppnådde Kuomintang på Taiwan likevel ein viktig ting dei ikkje hadde makta i Kina. Der dei hadde krepert under økonomisk kollaps på 1940-talet i Kina, sørgde dei på 1960- og 1970-talet for «Taiwans økonomiske mirakel», då proteksjonisme og målretta investering i eksportsektoren førte til sterk økonomisk og industriell vekst.

Demokratisering

Lee Teng-hui
Lee Teng-hui (1923–2020) var partileiar og Taiwan sin president i perioden 1988–2000. Han er hugsa som «Herr Demokrati» på Taiwan, men fekk ingen heidersplass i Kuomintang. I 2001 vart han kasta ut av partiet på grunn av leflingane sine med den taiwanske sjølvstenderørsla. Partiet som heilskap er sterkt imot formelt taiwansk sjølvstende.
Av .

Ein styrka middelklasse førte til auka press for demokratisering, no òg frå fastlandsminoriteten. Chiang Kai-shek hadde døydd i 1975, og ein ny generasjon partitoppar valde etter kvart å tillate politisk opposisjon.

Under Lee Teng-hui lyfta dei unnatakstilstanden i 1991. Med det kom grunnlova frå 1947 endeleg i kraft. Då Kuomintang tapte valet på Taiwan i 2000, var det paradoksalt nok ein milepåle i historia til partiet. Draumen til partigrunnleggjar Sun Yat-sen om eit fullverdig demokratisk styre vart fullbyrda, om lag 100 år etter at partiet så dagens lys.

Nytt samarbeid med kommunistpartiet

Det er likevel eitt aspekt ved målet til Sun Yat-sen som framleis ikkje er realisert, og som pregar plattforma til partiet i dag. Kuomintang definerer seg framleis som kinesisk. Frå dette perspektivet er dei demokratiske ideala til partiet berre nådd for ein liten brøkdel av det folket dei hevdar å representere. Framtidig sameining mellom Taiwan og Kina er difor eit viktig mål for partiet.

Gjennom store delar av 1900-talet hadde Kuomintang det kinesiske kommunistparti som sin bitre erkefiende. I dag, etter å ha innsett at militær siger over fastlandet er umogleg, er Kuomintang det mest venlegsinna av Taiwans parti overfor Kinas kommunistparti. I likskap med kommunistpartiet søker dei auka økonomisk samkvem mellom Taiwan og Kina, med fredeleg sameining som endeleg mål.

Velgjarbase i dag

Då partiet vann att makta frå 2008 til 2016, under president Ma Ying-jeou, lukkast det i å styrke integrasjonen med Kina. Dette bidrog til å oppretthalde den økonomiske veksten på Taiwan, ettersom taiwanske firma har investert tungt i – og tent godt på – den økonomiske utviklinga i Kina. Kuomintang har difor sterk oppslutning ikkje berre hjå dei som framleis identifiserer seg som kinesiske, men òg hjå folk med forretningsinteresser i Kina.

Hovudutfordringa for Kuomintang i dag er at auka økonomisk samkvem med Kina har framprovosert ein reaksjon og medverka til motsett trend på det politiske planet: Nye generasjonar på øya identifiserer seg i aukande grad som taiwanske framfor kinesiske, og ynskjer ikkje sameining med Kina under nokre omstende.

Kuomintang strever i dag med å halde seg relevant og å finne fotfeste i dette nye politiske landskapet.

Namn

Viktige hendingar

1894

Oppretta av Sun Yat-sen

1911

Startar den republikanske revolusjonen som styrtar keiserstyret

1913

Vinn det fyrste lovforsamlingsvalet i kinesisk historie

1923–26

Planlegg militær sameining av Kina saman med Sovjetunionen og kommunistpartiet

1928

Sameinar Kina i «ekspedisjonen nordover»

1928–37

Styrer Kina i det relativt fredfulle Nanjingtiåret

1945

Sigrar i motstandskrigen mot Japan

Det fulle namnet på partiet sidan 1919 er Chungkuo Kuomintang, som tyder «Kinas nasjonale folkeparti». Andre vanlege omsetjingar er «Kinas nasjonalistparti», «Nasjonalistpartiet» eller berre «nasjonalistane», særleg i kontekstar der det kinesiske kommunistpartiet òg vert nemnd.

Forkortinga Kuomintang er meir nytta enn det fulle namnet, og det har òg vorte gjengs i andre språk å nytte denne varianten direkte i staden for ei omsetjing. Kuomintang vert òg forkorta vidare til KMT. Guomindang er ein meir moderne måte å skrive dei same teikna på, men partiet sjølv held på det innarbeida Kuomintang.

Kuomintang var òg det fulle offisielle namnet på partiet mellom 1912 og 1913. Frå 1914 til 1919 heit partiet Zhongguo gemingdang, som tydar «Kinas revolusjonære parti».

Forutan å vere ei forkorting for namnet på partiet i dag, vert Kuomintang nytta som samlenemning for desse tre inkarnasjonane. Mange historikarar, og partiet sjølv, medreknar òg dei to forløparane til partiet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Fairbank, John K. (1983). The Cambridge History of China, Vol. 12: Republican China (1912–1949), Part 1. Cambridge: Cambridge University Press
  • Fairbank, John K. & Feuerwerker, Albert (1986). The Cambridge History of China, Vol. 12: Republican China (1912–1949), Part 2. Cambridge: Cambridge University Press
  • Jiang Yongjing (2016). Guomindang xingshuaishi [Kuomintangs vekst og fall] (2. utg.). New Taipei City: Commercial Press
  • Spence, Jonathan (2013). The Search for Modern China (3. utg.). New York: W. W. Norton & Company
  • Yu Jie (2019). Diandao de minguo [Republikken snudd på hovudet]. Taipei: Dashi wenhua

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg