Artikkelstart
Kuomintang (國民黨), «Kinas nasjonalistparti», var det leiande politiske partiet i Kina inntil andre verdskrigen, og er i dag eitt av to store parti på Taiwan.
Faktaboks
- Uttale
-
goå-min-dang, IPA: [kʷo.min.tɑŋ]
- Etymologi
-
guó 国/國, «nasjon, nasjonal»
mín 民, «folk»
dǎng 党/黨, «parti» - Også kjent som
-
KMT, Guomindang/GMD, Kinas nasjonalistparti, nasjonalistane
Det vart stifta som eit revolusjonært, demokratisk og nasjonalistisk parti, i opposisjon til den kinesiske keisarmakta og dei europeiske imperialistmaktene. Partiet streva etter å representere heile det kinesiske folket, men vart etter kvart eit parti primært for borgarskapet og fekk som styringsparti sjølv autoritære tendensar.
Partiet tapte etter kvart den ideologiske og militære kampen mot Kinas kommunistparti og flykta i 1949 til øya Taiwan, der dei sette opp eit konkurrerande styre. Etter endeleg å ha tillate demokratisering på Taiwan på 1990-talet, er partiet i dag det største opposisjonspartiet i landet.
Kuomintang har framleis sameining mellom Taiwan og Kina som eit av sine fremste politiske mål, sjølv om dette er tona ned i dei seinaste åra.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.