Xia-dynastiet

Vinbeholder
Frå Xia-dynastiet 2100-1600 fvt.
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Artikkelstart

Xia-dynastiet var etter tradisjonen det første regjerande kinesiske dynastiet, frå ca. 2200 til 1800–/1700-talet fvt. Ifølgje legenda vart det grunnlagt av Yu, som gjorde herskarmakta arveleg. Han skal ha gjort seg fortent til tittelen ved å ha temt ei rekkje katastrofale flaumar rundt Huangelva ved hjelp av demmings- og dreneringsteknologi. Tradisjonen namngir ei rekkje herskarar, den siste, Jie, vart styrta av Tang, truleg grunnleggjar av Shang-dynastiet.

Faktaboks

Uttale
kjiˈa
Etymologi

Xià 夏, tidlegare ofte transkribert Hsia

Dynastiet Xia er ikkje historisk bevist, fordi det ikkje finst nokon skriftlege leivningar frå den tida. Men det er gjort ei rekkje arkeologiske funn frå perioden, for eksempel av bronseartefaktar, som tyder på ein spirande sivilisasjon. I den forstand kan dynastiet kallast semi-mytologisk. Den arkeologiske sivilisasjonen ved Erlitou i provinsen Henan gjerne blir kopla saman med det legendariske Xia. Sivilisasjonen eksisterte rundt Huangelva og innleier bronsealderen i Kina.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg