Yuan Shikai

Faktaboks

Yuan Shikai

Pinyin: Yuán Shìkǎi

Wade-Giles: Yüan Shih-k'ai

Teikn: 袁世凱

Òg kjend som Hóngxiàn-keisaren (洪憲皇帝) i 1916.

Uttale

juen sju-kai, IPA: [ɥɛn ʂɻ̩.kʰai]

Født
20. august 1859, Xiangcheng, Henan
Død
6. juni 1916, Beijing
Yuan Shikai var den kanskje mektigaste personen i Kina i tida kring overgangen frå keisardøme til republikk på starten av 1900-talet. Foto frå 1913.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Yuan Shikai lot seg utrope til keisar i 1915, og var keisar i 83 dagar i 1915–1916.
Av .

Artikkelstart

Yuán Shìkǎi (袁世凱) var ein kinesisk offiser og politikar som var den kanskje mektigaste personen i Kina i tida kring overgangen frå keisardøme til republikk på starten av 1900-talet.

Han er i dag hugsa mest for den destruktive rolla han spela i dei første åra til den kinesiske republikken, som enda med at han fekk seg sjølv krona som keisar i 1915. Historikarar gjer han gjerne skulda for at Kina etter dette gjekk inn i den kaotiske krigsherretida.

Før dette hadde han vore ein viktig pådrivar for militære og politiske reformer på slutten av Qing-dynastiet. Som ung utsending i Korea i 1885–1894 makta han dessutan lenge å nøytralisere japansk innverknad der, sjølv om dét enda med ein krig som Kina tapa.

Yuan hadde forutan ei kone ni konkubiner og skal ha fått over 30 born.

Bakgrunn

Yuan Shikai fekk utdanninga si i det gamle kinesiske utdanningssystemet. Han kom frå ein relativt velståande militær familie som ville gi han ei utdanning for å bli embetsmann, men Yuan bestod ikkje dei keisarlege eksaminasjonane. Etter å ha mislukkast for andre gong i 1879 bestemde han seg for heller å gå inn i militæret.

Karrierestart og maktfaktor i Korea (1882–1894)

Yuan starta karrieren som tenestemann i ein brigade under reformatoren Li Hongzhang. Brigaden vart i 1882 sendt til Korea for å hevde kinesisk overhøgd over landet. Yuan fekk etter kvart ansvar for å trene ei ny koreansk garde, og han utmerka seg som ein dyktig reformator og ny maktfaktor ved det koreanske hoffet.

I 1885 peika derfor Li Hongzhang han ut som ny resident i Korea, det vil seie Kina sin hovudrepresentant i landet. I løpet av dei ni åra i denne stillinga makta Yuan å hevde kinesisk suzerenitet over Korea og nøytralisere den nye japanske innverknaden. Men den kraftfulle framferda var òg ein viktig grunn til at Japan gjekk til krig mot Kina i 1894. Kina tapte krigen i 1895, og Korea vart etter kvart ein japansk koloni.

Reformator og maktfaktor i Kina (1895–1908)

Ettersom krigen hadde synt behovet for nytenking i det kinesiske forsvaret, fekk Yuan likevel ansvaret for å byggje opp ein ny moderne grein etter at han vende heim i 1894. Yuan vart ein føregangsmann for politiske og militære reformer, men viste pragmatisk kløkt då han støtta det konservative kuppet til enkekeiserinne Ci Xi i 1898. Under bokseropprøret støtta han igjen den vinnande part og sikra seg eit godt omdøme hjå vestmaktene.

Etter hundreårsskiftet sigla Yuan såleis fram som ein av dei aller mektigaste personane i Kina. Han fekk ansvaret for å reorganisere heile hæren og vart så øvstkommanderande for denne. Han sikra seg ei rekkje politiske stillingar, som guvernør i Shandong i 1899–1901, som generalguvernør i Zhili i 1901–1907 og som utanriksminister i 1907–1907.

Som politikar heldt Yuan først fram med å vere ei viktig kraft for modernisering. Forutan store reformer i byråkrati og politi var han sentral i opprettinga av eit vestleginspirert utdanningssystem i 1905 og i utarbeidinga av et veikart for overgang til konstitusjonelt monarki i 1908.

President og diktator i Republikken Kina (1911–1916)

Då enkjekeisarinna døydde i 1908, vart Yuan avsett frå alle militære og politiske stillingar og bortvist til heimbyen sin. Då den republikanske revolusjonen braut ut i oktober 1911, var Yuan likevel framleis den militært mektigaste personen i Kina. Qing-hoffet innsåg at dei igjen hadde bruk for Yuan sine tenester, og han vart utnemnd til keisarlig øvstkommanderande og statsminister.

Yuan si støtte var uunnverleg for både keisarmakta og republikanarane, og dette brukte han til sin fordel. Innleiingsvis støtta han Qing-dynastiet og heldt opprørarane i sjakk i nokre månadar. I februar 1912 gjekk Yuan derimot over til republikanarane og sørgde samstundes for at keisaren abdiserte, mot at republikanarane gav han sjølv stillinga som president, etter revolusjonsleiaren Sun Yat-sen.

Yuan kom seinare i motsetning til Sun sitt parti, det revolusjonære Kuomintang. Leiaren av det nyoppretta parlamentet, Song Jiaoren (1882–1913), freista å avgrense makta til presidentembetet. Song vart skoten og drepen i 1913, og fleire spor peika mot at oppdraget om attentatet kom frå personar knytt til Yuan. Sun Yat-sen oppmoda etter dette til opprør mot Yuan, men lukkast ikkje då Yuan med basis i militær makt oppløyste nasjonalforsamlinga og gav seg sjølv diktatorisk makt som ny president for ein periode på fem år. Han plasserte lojale offiserar i guvernørpostar og la med det grunnlaget for krigsherreperioden (1916–1928).

Yuan mista mykje prestisje etter 1914, då den første verdskrigen gjorde at europearane ikkje lenger stogga Japan, som Yuan måtte gi audmjukande konsesjonar i Kina. Samstundes gjekk konsolideringa av politisk makt utover grepet på militærmakta.

I 1915 freista Yuan å fullbyrde dei diktatoriske framstøytane sine ved å utrope seg sjølv til keisar. Yuan overvurderte støtta i folket, hjå eigne undersåttar, frå den japanske keisarmakta og frå tidlegare europeiske allierte. Han vart tvinga til retrett etter eit opprør i Sør-Kina og truslar om lausriving frå ei rekkje guvernørar. Etter 83 dagar som keisar gjenoppretta han republikken i mars 1916. Tre månader seinare døydde han av uremi.

Då Yuan døydde, kollapsa sentralmakta i Kina.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg