Faktaboks

Nanjing
Nanking Nan-ching
Etymologi
Nanjing ‘sørlege hovudstad’, til skilnad frå Beijing ‘nordlege hovudstad’
Uttale
-tʃiŋ
Nanjing

Nanjing. Veg- og jernbanebrua over Chang Jiang stod ferdig i 1968 og er 6700 meter lang. Brua har stor betydning for samferdsla mellom Nord- og Sør-Kina. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Nanjing er ein by i Kina og hovudstad i provinsen Jiangsu. Nanjing ligg ved den sørlege breidda av Chang Jiang (Changelva), ca. 240 kilometer frå munningen. I storbyregionen bur det 7 369 000 innbyggjarar (estimat for 2015, FNs befolkningsdivisjon).

Næringsliv

Nanjing har gjennom hundrevis av år spelt ei viktig rolle som senter for handel, kultur, administrasjon og utdanning i Aust-Kina og vore eit viktig transportknutepunkt. Etter etableringa av Folkerepublikken Kina i 1949 bygde styresmaktene opp ein omfattande tungindustri med jern- og stålverk, kjemisk industri, kunstgjødselproduksjon, metallurgisk industri og produksjon av maskiner, køyretøy og instrument, og dessutan tekstil- og porselensindustri. Etter at den kinesiske økonomien blei opna, har fleire utanlandske føretak etablert seg i byen, mellom anna fleire bilfabrikkar.

Byen er framleis eit universitets- og høgskulesenter og den største elvehamna i Kina. Jernbanen ShanghaiBeijing, fullført i 1918, kryssa Changelva med ferje (Nanjing–Pukou) inntil 1968. Då blei ei 6700 meter lang jernbane- og vegbru opna. Turistindustrien er under utvikling. Attraksjonar er delar av den gamle bymuren, gravene til dei første Ming-keisarane og Sun Yat-sens gravmæle.

Historie

Nanjing var hovudstad for ei rekkje smårike, men namnet daterer seg frå 1368, då byen blei gjord til hovudstad av den første Ming-keisaren. Her blei den første av fleire ubalanserte traktatar med vestmaktene underteikna i 1842, etter at byen blei okkupert av britane under opiumskrigen. Nanjing blei igjen hovudstad under nasjonalistane (sjå Republikken Kina) i åra 1927–1937 og 1945–1949. Japanarane okkuperte byen i perioden 1937–1945. I 1937 fann den såkalla Nanjing-massakren stad i og rundt byen, då japanske okkupasjonsstyrkar drap ein stad mellom 40 000 og 300 000 personar. Denne hendinga er framleis ei belastning for forholdet mellom Kina og Japan.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg