Folketalet er om lag 1,4 milliardar. Hankinesar er namnet på den største folkegruppa, som utgjer mellom 90 og 95 prosent av folketalet i Kina, og er samstundes verdas største folkegruppe. Kina har i tillegg meir enn 50 små og store kulturelle og etniske minoritetar; hovudsakleg busette i sørvest og nordvest.
Den årlege auken i folketalet er om lag ein halv prosent i året; om lag 60 prosent bur i byar. Forventa levealder ved fødsel er 74 år for menn og 78 for kvinner (2019); i større byar over 80. Pensjonsalder varierer noko, men er mellom 50 og 55 år for kvinner og 60 år for menn.
Kina har ei urban arbeidsløyse på om lag fire prosent, som i praksis tyder at dei fleste i alderen 20–50 år er i arbeid.
Analfabetismen i Kina er på nivå med Europa, det vil seia mindre enn ti prosent.
Alle hankinesarar, og fleire minoritetsgrupper, nyttar variantar av det kinesiske språket. Nordkinesisk dannar basis for putonghua, som er varianten nytta i media og undervisning. Putonghua blir nytta i tale mellom brukarar av regionale variantar som ikkje er innbyrdes forståelege. Dei største regionale variantane (i tillegg til nordkinesisk) er wu, yue, minbei, minnan, gan og xiang. Andre større ikkje-kinesiske språk brukte i Kina er tibetansk, uigur og mongolsk.
Taoisme (daoisme) og konfusianisme er tankesystem med opphav i Kina; mange vil seia at konfusianismen ikkje kan karakteriserast som ein religion. Buddhismen kjem frå India. Andre religionar er islam og kristendom. Kinesiske tankesystem er menneske-sentrerte, i motsetnad til abrahamittiske religionar, som er gud-sentrerte. Verdisystemet omhandlar livet som menneske og samfunn med andre menneske. Kinesarar er gjerne ikkje-ekskluderande i praktisering av religion og tankesystem, det vil seia at ein kombinerer element både frå taoisme, konfusianisme og buddhisme; i praktisk daglegliv er ein gjerne ikkje-religiøs.
Organisert religion har ikkje, i samanlikning med Europa, vore ein separat maktfaktor i Kina, men har til tider blitt brukt av styresmaktene i landet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.