Hongkong
Hongkong. Av /Shutterstock. Begrenset gjenbruk

Hongkong

Faktaboks

Etymologi

«Hongkong» er tilnærma lydskrift for kantonesisk uttale av namnet på byen, og tyder «godluktande hamn»

Også kjent som
Xianggang 香港
Offisielt navn
Hong Kong
Norsk navn
Hongkong
Statsform
Kinesisk spesiell administrativ region
Hovedstad
Hongkong
Innbyggertall
7 520 000 (2019)
Landareal
1 050 km²
Totalareal
1 100 km²
Innbyggere per km²
6 896,86
Offisielt/offisielle språk
Kinesisk og engelsk
Mynt
Hong Kong dollar
Valutakode
HKD
Mål og vekt
metrisk
Hongkong

Kart over Kina med Hongkong markert i rødt.

Flagget til Hongkong

Hongkong er ein region i Kina med status som «spesiell administrativ region» (SAR). Hongkong ligg på austsida av Perleelv-munningen, og grensar i nord til provinsen Guangdong.

Hongkong består av tre distrikt: øya Hongkong (Hong Kong Island), halvøya Kowloon og New Territories, som omfattar ein del av fastlandet pluss 235 øyar. Høg grad av sjølvstyre gjer at Hongkong på mange måtar fungerer som ein bystat. Hongkong er det tredje leiande handels- og finanssenteret i verda etter New York og London.

Hongkong var ein britisk koloni frå 1841, men blei gitt tilbake til Kina i 1997.

Namn

Den norske forma Hongkong kjem via engelsk Hong Kong av det kantonesiske Hoenggong (香港, mandarin Xiānggǎng), eit namn som truleg skal tyde «røkelseshamn», sidan røkelse i periodar har vore ein eksportartikkel frå området. Namnet kan òg omsetjast som «velduftande hamn».

Natur

Tai Mo Shan

Hongkongs høyeste fjell, Tai Mo Shan, fotografert fra Needle Hill.

Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Både fastlandet og øyane omfattar eit kupert og fjellrikt terreng beståande av granitt, basalt og andre bergartar av vulkansk opphav. Det høgaste fjellet er Tai Mo Shan på 957 meter over havet på fastlandet. Kysten er sterkt oppskoren i oddar og vikar. I alt 256 kvadratkilometer er øyar. Lantau er den største med 142 kvadratkilometer. Hongkong er om lag 18 kilometer lang og 3–8 kilometer brei (80 kvadratkilometer), og fjella her hevar seg bratt frå havet til over 300 meters høgd. Høgast er Victoria Peak på 554 meter over havet.

By- og områdeskildring

Hongkong. Utsikt over ein del av høghusa ved Hongkong hamn. Til høgre står blant anna den 315 meter høge bygningen Bank of China Tower, teikna av arkitekten Ieoh Ming Pei.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Det sentrale byområdet er konsentrert rundt den cirka 1 kilometer breie Victoria Harbour, som skil Hongkong-øya frå Kowloon på fastlandet. På Hongkong-øya strekkjer tettgrenda seg langs fjellsida langs heile nordsida av øya. Bydelen Central er sete for dei politiske organa og dessutan kontor for ei rekkje internasjonale handels- og finansinstitusjonar. Aust for Central ligg bydelen Wanchai, som tidlegare var kjent som eit forlystingssenter. Tvers over Victoria Harbour, på fastlandssida, ligg byområdet Kowloon med bydelen Tsim Sha Tsui, Hongkongs viktigaste turistområde. Den kjende passasjerferja Star Ferry knyter saman Tsim Sha Tsui med Central og Wanchai.

Sidan slutten av 1800-talet har det gått føre seg ein kontinuerleg landsgjenvinningsprosess med mellom anna utfylling av hamna på begge sider av Victoria Harbour. Utviklinga av det såkalla New Territories byrja først i 1972. Sidan då er det her gjennomført omfattande utbyggingsprosjekt, mellom anna har ei rekkje satellittbyar vakse opp. Dei største er Tsuen Wan, Tuen Mun, Yuen Long og Sha Tin.

Befolkning

Hongkong
Foto frå ein parade i Hongkong omkring 1870, då staden var ein britisk kronkoloni.
Av /NTB Scanpix.
 Hongkong til Kina
Frå 1. juli 1997 blei Hongkong igjen ein del av Kina. Hendinga blei markert med festivitas og festfyrverkeri. Frå Storbritannia deltok blant andre prins Charles og statsminister Tony Blair, frå Kina president Jiang Zemin og statsminister Li Peng. På biletet er det britiske flagget nettopp firt og det kinesiske heist. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.
Av /NTB Scanpix ※.

Omtrent 98 prosent av befolkninga er hankinesarar. Cirka 90 prosent av dei har opphavet sitt i Guangdong-provinsen. Fleire små etniske minoritetssamfunn med opphav i Hongkong frå tida før den britiske overtakinga eksisterer framleis. Poonti- og hakka-folka levde i små jordbrukssamfunn i New Territories. Dei nomadiske båtfolka tanka og hoklo er fiskarar. Dei levde opphavleg heile livet i båtane sine, men mange er no busette på land. I tillegg tel befolkninga store grupper kontraktsarbeidarar frå Kina, Filippinane og andre asiatiske land, og dessutan immigrantar og etterkomarane deira frå India og andre tidlegare britiske område i Sør-Asia. Også store grupper europearar, amerikanarar og australiarar er busette i Hongkong og arbeider i handels- og finansnæringa.

I dei tre distrikta fordeler befolkninga seg per 2004 med 1,3 millionar innbyggjarar på Hongkong-øya, 2 millionar innbyggjarar i Kowloon og 3,7 millionar innbyggjarar i New Territories med øyane.

Befolkninga ber preg av å ha auka svært raskt. Nesten alle er anten sjølv fødde i Kina, eller dei er nære etterkomarar etter flyktningar og immigrantar frå Kina. Hongkong-øya hadde eit folketal på 7450 ved den britiske overtakinga i 1841. Talet steig raskt til 86 941 i 1859, 119 320 i 1861 etter overtakinga av Kowloon, og 300 660 i 1901 etter overtakinga av New Territories. Då keisardømet braut saman i 1911 og dei følgjande krigane i Kina rasa i 1920- og 1930-åra (sjå Republikken Kinas historie), kom der store flyktningstraumar til Hongkong. I 1931 talde befolkninga 880 000. Etter at Japan erobra Guangzhou i 1938, flykta ytterlegare 700 000 til Hongkong. Endå 750 000 som kom då kommunistane tok over makta i Kina i 1949, førte folketalet opp til 2,5 millionar.

Gjennom 1950- til 1970-åra kom det fleire bølgjer med nye immigrantar. Sidan 1980 har styresmaktene innført mykje strengare kontroll med innvandringa, og folkeveksten har minka.

Morsmålet til den største delen av befolkninga er kantonesisk (guangdonghua). Dei viktigaste religionane er buddhisme og taoisme. Likevel står den konfusianske lærefilosofien sterkt, som legg vekt på heidring av foreldre og minnet til forfedrane og dessutan læring, nøysemd og flid. I kombinasjon med eit britisk inspirert skuleverk har dette bidrege til å gjera Hongkong til ein utprega kosmopolitisk by som samstundes er ein av dei mest vestleg influerte (påverka) byane i Asia.

Næringsliv

Hongkong børs
Hongkong er kjent for sin sterke økonomi og for å vere eit såkalla skatteparadis.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Hongkong har ein open og fri marknadsøkonomi der styresmaktene i stor grad lèt næringslivet verka utan større inngrep og reguleringar (laissez faire). Styresmaktene involverer seg stort sett berre med sosial bustadbygging, utvikling av sosiale tenester og utbygging og drift av samferdsle og utdanningsinstitusjonar.

Dagens næringsstruktur, der dei tenesteytande næringane er dominerande, er eit resultat av Hongkongs utvikling over tid i ein region med skiftande politisk klima. Opphavleg blei Hongkong som britisk koloni først og fremst brukt som transitthamn for varehandelen. Etter etableringa av Folkerepublikken Kina utvikla industrien seg til å bli den viktigaste økonomiske sektoren. Ei oppsiktsvekkjande god evne til å tilpassa seg verdsmarknaden sikra rask økonomisk vekst gjennom eksport av enkle arbeidsintensive industrivarer. Hongkong etablerte seg som ein av dei nyleg industrialiserande økonomiane. Opninga og moderniseringa av kinesisk økonomi, som starta i 1980-åra, førte til store omstruktureringar av økonomien. Nesten all industriproduksjon blei flytta over grensa til Kina. Dei tenesteytande næringane har på nytt blitt den viktigaste økonomiske sektoren.

Dei viktigaste næringane er handel, hotell- og restaurantdrift, finansnæringar, forsikring, eigedomshandel og andre servicetenester for forretningslivet. Dei tenesteytande næringane betener også dei utanlandske marknadene i Aust- og Søraust-Asia og stillehavslanda. Hongkong er såleis eit svært viktig økonomisk senter for Asia og Stillehavet.

Den kuperte topografien legg ikkje til rette for landbruk, som stort sett berre går føre seg i elvedalar og ved Deep Bay i nordvest. Intensive driftsformer gjer likevel at Hongkong produserer mellom ein firedel og ein tredel av eige forbruk av grønsaker, svinekjøt, fjørkre og blomar. Fleire oppdrettsanlegg for både saltvass- og ferskvassfisk er etablerte i New Territories for å supplera den havgåande fiskeflåten. Bergverksdrifta er svært beskjeden; berre granittbrota er av betydning.

Samferdsel

Hongkong er ein av dei travlaste hamnebyane i verda og den største konteinarhamna i verda. Utbygginga av hamna har vore ein nøkkelfaktor i den økonomiske utviklinga av kolonien. Ei ny stor lufthamn, Chek Lap Kok, bygd på ei kunstig øy, stod ferdig i 1999 og er ei av dei travlaste lufthamnene i verda.

Vegsystemet er kraftig utbygd sidan 1970-åra og omfattar mellom anna tunnelar og eit av dei lengste brusystema i verda. I 1980-åra starta ei storstilt utbygging av kommunikasjonslinjene med Kina. Ein høgfartsjernbane knyter Hongkong saman med Guangzhou, og raske båtsamband knyter Hongkong til ei lang rekkje stader på begge sider av Perleelva (Zhuelva).

Innbyggjarane i Hongkong bruker i hovudsak offentlege transportmiddel (over 90 prosent av dagsturar). Tunnelbanen MTR med over 90 stasjonar er kjend for å vera både effektiv og presis.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer (2)

skrev Jarl Hellum

Jeg vil påpeke en gjennomgående skrivefeil i alle artikler som berører temaet Hongkong i leksikonet: På norsk skriver vi Hongkong i ett ord, ikke Hong Kong i to.Se Språkrådets offisielle liste på http://sprakrad.no/Sprakhjelp/Rettskriving_Ordboeker/Geografiske_namn/Geografiske_namn_G_H/ for verifikasjon.

svarte Redaksjonen i Store norske leksikon

Hei!Takk for innspillet! Vår praksis er følgende: Vi oversetter til norsk landnavn og navn som strekker seg på tvers av landegrensene. Når det f.eks. gjelder administrative nivåer under landnivå bruker vi ikke å oversette til norsk. Dette fører til at vi av og til avviker fra det Språkrådet anbefaler. Dette har litt sammenheng med at vi må ta hensyn til både tekstmassen og kartene, og vi mener at det er viktig å tenke systematisk mht gjenfinning. Vi oppgir imidlertid alltid den norske skrivemåten i leksikonet og derfor skulle du alltid få treff - enten du søker på Hongkong eller Hong Kong.Vennlig hilsenKirsten Halvorsen/Geored.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg