Faktaboks

Også kjend som
tibetansk Bod kinesisk Xizang
Uttale
tibˈet
Tibet (kart)

Delar av Tibets grense mot India og Pakistan er omstridd. På kartutsnittet er delen trekt med stipla linje.

Av /Store norske leksikon ※.
Tibet (plasseringskart)

Plasseringa av Tibet markert med oransje farge.

Av /Store norske leksikon ※.
Tibets flagg er offisielt det kinesiske flagget, men Tibet har òg eit eiget flagg (bildet). Dette flagget blir av kinesiske myndigheitar sett på som eit teikn på separatisme og er av den grunn ikkje lovleg å bruke i Kina (inkludert Tibet). Flagget blir imidlertid nytta av den tibetanske administrasjonen i India.
.

Tibet er sidan 1965 ein autonom region i Kina. Tibet grensar til den autonome regionen Xinjiang i nord, til India i vest og sør, til Nepal og Bhutan i sør, til Myanmar i søraust og til dei kinesiske provinsane Yunnan og Sichuan i aust og Qinghai nordaust. Tibet har eit areal på 1 228 400 kvadratkilometer og har 3 648 100 innbyggjarar (2020). Regionhovudstaden er Lhasa.

Tibet er også namnet på eit vidare geografisk område på 2 108 700 kvadratkilometer med rundt 11 millionar innbyggjarar som viser til det tibetanske folkets tradisjonelle heimland. I tillegg til den autonome regionen Tibet inngår det meste av Qinghai, delar av Gansu, den vestlege halvdelen av Sichuan og det nordvestlege Yunnan i det historiske Tibet. Det gamle Tibet var inndelt i fleire provinsar eller landskap: Ü og Tsang som omfattar dei sentrale elvedalane og er der det politiske senteret for Tibet alltid har lege, Ngari lengst i vest, Kham, som i dag i hovudsak omfattar den austlegaste delen av den autonome regionen Tibet og den vestlege halvdelen av Sichuan, og Amdo, som i dag i hovudsak omfattar Qinghai.

Natur

Tibet
Tibetanske platå, Himalaya.
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Den autonome regionen Tibet omfattar hovuddelen av det tibetanske platået (Qinghai-Tibet-platået). Regionen har ei gjennomsnittleg høgd på over 4000 moh. og blir ofte kalla for «verda sitt tak».

Topografi

Lhasa
Barkhor-plassen i hovudstaden Lhasa. Foto fra 2019.
Av .

Topografisk kan området delast i fire delar: det nordtibetanske platået, eit elvedal-landskap i Sør-Tibet, Himalaya og Hengduanfjella.

Det nordtibetanske platået (også kalla Chang Tang eller Jangtang) omfattar to tredelar av det totale arealet og har høgder på rundt 5000 moh. Platået er eit tilnærma folketomt og relativt flatt høglandsområde utan elvesystem. Tidlegare var området havbotn som no er heva opp. Området er no dekt av svært mange innsjøar, og mange er saltsjøar. Kunlunfjella strekkjer seg frå fjellplatået Pamir i vest og spring nordaustover langs grensa mellom Tibet og Xinjiang, der dei skil det nordtibetanske platået frå Tarimbekkenet. Fjellkjeda har gjennomsnittshøgder på 6000 moh. (høgaste topp er Muztagh, 7723 moh.), mange snødekte toppar og isbrear. Gangdisêfjellkjeda (Gangdisê Shan), med høgder på over 6000 moh., og den vestlege seksjonen av Nyainqêntanglhafjella (eller Nyenchen Tanglha) skil det nordtibetanske platået frå elvedal-landskapet i Sør-Tibet.

Elvedal-landskapet er eit breitt dal-landskap som for det meste ligg lågare enn 4000 moh., med Yarlung Tsangpo-dalen som hovuddal. Det strekkjer seg hovudsakleg vest–aust, og her føregår det meste av Tibets politiske, kulturelle og økonomiske aktivitetar. Den største av elveslettene omfattar hovudstaden Lhasa. Yarlungelva (Yarlung Tsangpo) har utspringet sitt frå isbrear langs midtre delar av Himalayas nordskråning, og elva renn 1940 kilometer austover i Tibet før ho vender sørover inn i India og Bangladesh, der ho heiter Brahmaputra. Også elvene Ganges, Indus og Sutlej har utspring i det vestlege Tibet.

Elvedalane blir avgrensa i sør av Himalaya, som er ei relativt ung fjellkjedefalding med komplisert struktur, og som strekkjer seg 2450 kilometer frå vest til aust i mellom 200 og 350 kilometers breidd langs Tibets sørgrense. Gjennomsnittshøgda i Himalaya er over 6000 moh., men det finst 10 toppar på over 8000 moh. Blant dei er den høgaste toppen i verda, Qomolangma (Mount Everest, 8844 moh.), på grensa mot Nepal.

Hengduanfjella i aust omfattar ein serie av parallelle, djupe elvedalar og bratte fjellkjeder som først spring vest–aust og deretter nord–sør inn i naboprovinsane Sichuan og Yunnan. Høgdeforskjellane mellom fjelltoppane og elvedalane når her opp mot 2500 meter. I nord finst det snødekte toppar og isbrear. Fjellskråningane var tidlegare dekte av tett skog som no er delvis nedhogd. Dalbotnane her er blant dei rikaste jordbruksområda i Tibet. Blant elvene som renn her, er Nuelva (kinesisk Nu Jiang, tibetansk Gyelmo Ngulchu), som seinare renn inn i Myanmar, der ho heiter Thanlwin. Andre elver er Lancang (tibetansk Dachu), som renn inn i Søraust-Asia, der ho heiter Mekong, og Changelva (Chang Jiang), som her blir kalla Jinshiaelva (kinesisk Jinshia Jiang, tibetansk Drichu).

Klima

Klimaet i Tibet er gjennomgåande tørt, og temperaturane avheng sterkt av høgda over havet. I perioden mai–september kjem fuktig pålandsvind (monsun) inn gjennom passa i det lågareliggjande Aust-Tibet, som får rikeleg med sommarregn. Nedbøren minkar mot vest og er særleg liten i regnskuggen av Himalaya i sørvest. øvre Indusdal har berre 100–200 millimeter årsnedbør. Lhasa (3600 moh.) har middelverdiar på −2 °C i januar og 15 °C i juli og 445 millimeter nedbør.

Planteliv

Plantelivet i vest og nord er tundraliknande, kalde ørkenar eller stepper med mose, lav eller nakent berg. Mot aust og sør blir plantedekket rikare, og dei austlege dalane er skogkledde.

Dyreliv

I skogområda i aust finst det stumpnaseape, asiagullkatt, gaupe, kragebjørn, villsvin, goral, takin og moskushjort. Tiger, leopard og snøleopard er sjeldne. På høgslettene og i fjelltraktene lever pipeharar, murmeldyr, revar, ulv, steppekatt, tibetantilope, blåsau, argalisau, jak og kiang (villesel). Omkring 275 fugleartar er observerte. Av karakteristiske artar og familiar kan ein nemne gribbar, tibethøne, ornat- og rubinfasan, steppehøns, lerker og fjellsporvar.

Befolkning

Tibetanarar
Tibetanske barn i tradisjonelle klede.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Tenzin Gyatso i 2006

Tenzin Gyatso, den 14. Dalai Lama, er Tibets åndelege leiar. Han har leve i eksil i India sidan 1950. Han har vore engasjert i arbeid for fred og fekk Nobels fredspris i 1989.

Tenzin Gyatso i 2006
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Tibets tradisjonelle befolkning, tibetanarane, utgjer eit homogent folk både kulturelt, religiøst og språkleg. Frå 1949 har det likevel skjedd ei styrt kinesisk innflytting til området. Innflyttinga har særleg auka sidan 1992, noko som har forsterka spenninga mellom den tradisjonelle tibetanske befolkninga og kinesarane. Det finst ingen sikre tal på kor mange han-kinesarar som i dag bur i Tibet. Det tibetanske folket i Kina tel offisielt 7 millionar (2016), og om lag halvparten av dei bur i Tibet.

Den største delen av busetjinga finst i elvedalane i sør og aust – høgsletta og høgfjellsområda er nesten aude. Det finst restar etter eit tradisjonelt kastesystem basert på religiøs og yrkesmessig tilknyting.

Den autonome regionen Tibet inkluderer også dei nasjonale minoritetane monpa-folket (eller menba-folket) og lhoba-folket, som begge lever i søraust langs grensa mot den indiske delstaten Arunachal Pradesh.

Språk

Tibetansk skrift

Tibetansk skrift har opphav i eit gammalt indisk alfabet. Øvst: trykkskrift. Nedst: handskrift.

Tibetansk skrift
Av /Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Tibetansk er det vestlegaste av dei tibeto-burmanske språka. I forskjellige dialektar som til dels er innbyrdes uforståelege, blir det snakka tibetansk av alle tibetanarar i det «etniske» Tibet, som også omfattar eit indisk område i vest (Ladakh) og aust (distriktet rundt Tawang i Arunachal Pradesh), område i Nepal (Dolpo, Mustang, sherpa-folket), Sikkim, Bhutan (der ein eigen dialekt, dzongkha, er offisielt språk) og eit mindre område i det nordlege Myanmar. Vidare blir ein tibetansk dialekt, balti, brukt i distriktet Baltistan i det nordlege Pakistan. Lhasa-dialekten blir nytta som riksspråk i store område. I det «politiske» Tibet (sidan 1951 innlemma i Folkerepublikken Kina) har kinesisk sidan 1960 vore nytta i stor utstrekning i administrasjon og undervisning.

Tibetansk blir skrive med eit indisk alfabet som blei teke i bruk i Tibet på 600-talet evt. Dette alfabetet består av 30 konsonantar og 5 vokalar. Skriftforma til orda blei fastlagd på 800-talet og har ikkje blitt endra sidan. Uttalen har derimot forandra seg, særleg i Lhasa-dialekten.

Næringsliv

Tibets økonomi har tradisjonelt hatt hovudvekt på jordbruk og fedrift, men har i seinare år blitt meir prega av kinesiske moderniseringar som kunstig vatning, vegbygging og lettindustri. Den tradisjonelle fedrifta blir delvis nomadisk driven. Nomadane held jak, sauer, geiter og hestar, og jaksmør er eit viktig meieriprodukt. Jordbruket er konsentrert til dei større dalane og lågareliggjande område i aust. Det blir dyrka bygg, soyabønner, kveite, hirse, grønsaker og frukt ved hjelp av kunstig vatning. Skogområda i søraust gir verdifullt tømmer, men avskoging har ført til store miljøøydeleggingar. Tibet har førekomstar av gull, mangan, jernmalm og krom. Tibet har eit stort vasskraftpotensial.

Industrien er lite utvikla, vesentleg tekstil- og næringsmiddelindustri. Elles er det noko produksjon av sement, lêrvarer, trevarer og dessutan tradisjonell handverksproduksjon. Det aller meste av industrien er konsentrert til Lhasa. Sidan 1990-åra har det gått føre seg ein betydeleg økonomisk vekst i dei største byane. Likevel er deltakarane i den nye økonomien hovudsakleg betre utdanna, mandarintalande han-kinesarar. Lokale tibetanarar har i hovudsak falle utanfor. Turismen er under utbygging. Særleg blir det satsa på å trekkje til seg kinesiske turistar.

Samferdsel

Transporten gjekk tidlegare føre seg med karavanar. Ein viktig tradisjonell handelsveg gjekk frå Bengal gjennom Sikkim til Lhasa. Etter den kinesiske innlemminga av Tibet i 1951 er det bygt fleire hovudvegsamband. Ei ny jernbanelinje frå Golmud i Qinghai til Lhasa blei fullført i 2006. Den einaste sivile lufthamna ligg ved Lhasa.

Kultur

Potala

Potala, Dalai Lama-ene sin residens inntil mars 1959, då den 14. Dalai Lama, Tenzin Gyatso, flykta til India som ein protest mot kinesisk undertrykking. Potala ligg på ei høgd ovanfor hovudstaden Lhasa. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Buddhistisk munk i Tibet
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Litteratur

Litteraturen i Tibet består dels av omsetjingar av buddhistiske tekstar, hovudsakleg frå sanskrit, frå 600- til 1200-talet evt. I samband med dette skapte tibetanarane eit heilt nytt ordtilfang for å gi att buddhistiske uttrykk. Desse tekstane er samla i dei to store skriftsamlingane Kanjur og Tenjur, til saman meir enn 300 bind. Frå den eldste tida (600–800-talet) finst det annalar, krøniker og rituelle og mytologiske tekstar, til dels skrive på eit svært vanskeleg og arkaisk språk.

Frå 1000-talet byrja tibetanarane å skrive sin eigen buddhistiske litteratur på «klassisk» tibetansk: historiske, biografiske og liturgiske verk, kommentarar, meditasjonstekstar, dikt, avhandlingar innan logikk, grammatikk, filosofi og så vidare. Denne litteraturen, som har prega heile den tibetanske kulturen og er av stor betydning for studiet av buddhismen, har i løpet til hundreåra blitt så omfattande at han no utvilsamt utgjer ein av dei mest omfangsrike litteraturane i Asia. Blant dei verka som er best kjende i vest, er den såkalla «Dødeboka» (sjå bardo) og einebuaren Milarepas biografi og dikt. Eposet om heltekongen Gesar må òg nemnast.

Musikk

Musikklivet er sterkt prega av dei religiøse tradisjonane. Folkemusikken er variert, med eit stort repertoar songar og dansar i regionale og lokale former. Musikkspel som minner om kinesisk opera, bygde på eldgamle legender, historiske hendingar og klassiske songar, blir framførte i friluft av omreisande truppar. Liturgisk, resitativisk song i djupt toneleie blir dyrka ved klostera og akkompagnert av trommer, dril-bu (handbjølle), rol-mo (cymbalar) og dung (opptil 3–4 meter lange metalltrompetar). Religiøse framføringar av musikk og dans kan vare i fleire dagar, med store orkester og maskerte dansarar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg