Faktaboks

hebraisk

hebraisk עברית ʿivrit

Uttale
hebrˈaisk
Språkkodar
he, heb (HE, HEB)
ISO-639:3
heb
Aleppo-kodeksen
Døme på middelalderhebraisk, her frå Aleppo-kodeksen. Prikkane og strekane rundt bokstavane er vokalmerke (nikud).
Slik les du ordet shemesh, som betyr 'sol' på hebraisk.

Hebraisk er eit semittisk språk som har vore i bruk i nær 3000 år. Blant kristne er hebraisk først og fremst kjent som språket til Det gamle testamentet (GT). For jødar er hebraisk språket til både Den hebraiske bibelen og ein stor del av dei seinare heilage skriftene.

Hebraisk blir brukt i jødiske gudstenester verda over, og alle dei daglege bønnene og velsigningane blir framførte på hebraisk. Funksjonen som heilagt språk for både jødedommen og kristendommen har gitt hebraisk ein heilt spesiell plass i Vestens kultur.

Hebraisk er offisielt språk (ved sida av arabisk) i staten Israel. Det er hovudspråket for det jødiske fleirtalet i landet, som utgjer 6,3 millionar av ei befolkning på 8,5 millionar (i 2016). Stadig fleire menneske har no språket som morsmål. Skilnaden mellom bibelhebraisk og moderne hebraisk er ikkje større enn at israelske skulebarn kan lese originaltekstane allereie i barneskulen – med litt hjelp. Å kunne moderne israelsk hebraisk har også blitt viktig i den jødiske diasporaen, der mange jødiske familiar sender ungdommane sine til Israel på kurs for å lære språket.

Hebraisk blir skrive frå høgre mot venstre, og bøker og aviser har si første side der vi forventar å finne den siste. Det hebraiske alfabetet består av 22 konsonantar, men fire av desse kan også brukast som vokalar. I tillegg kan små teikn under og over teksten, og i nokre tilfelle inne i teksten, markere uttalen. Desse teikna blei tradisjonelt brukte berre i Den hebraiske bibelen, der det var viktig å sikre ein mest mogleg korrekt uttale. I moderne hebraisk blir vokalteikn brukt i barnebøker og i litteratur berekna på lesarar med avgrensa hebraiskkunnskapar, som til dømes nye immigrantar til Israel.

Opphav

Hebraisk høyrer til dei semittiske språka i den afroasiatiske språkfamilien. Det er ein del av ei nordvestsemittisk språkgruppe, der hebraisk saman med fønikisk, moabittisk, ammonittisk og edomittisk blir rekna til dei såkalla kanaaneiske språka. Dei kanaaneiske språka utkrystalliserte seg i Syria/Palestina i kjølvatnet av dei politiske omveltingane i overgangsperioden frå sein bronsealder (rundt 1550–1150 fvt.) til tidleg jernalder (etter rundt 1200 fvt.). I bibeltekstane blir hebraisk kalla «Kanaans språk» (Jesaja 19,18) eller «judeisk» (Jesaja 36,11 og andre Kongebok 18,26).

I Det gamle Israel var hebraisk var i bruk i Nordriket (Israel) og blei også hovudspråk i Sørriket (Juda rike). På grunn av epigrafiske funn reknar ein med at det fanst ein nordleg og ein sørleg hebraisk dialekt. Etter den assyriske erobringa av Samaria i Nordriket i 722 fvt. blei hebraisk erstatta av arameisk i det erobra området. Dimed døydde den nordisraelittiske dialekten ut.

Jerusalem blei erobra av babylonarane i 586 fvt., og store delar av befolkninga blei ført i eksil (sjå eksilet i Babylon), blei hebraisk etter kvart erstatta av arameisk også i Juda. Men sjølv om hebraisk blei fortrengt av arameisk, døydde ikkje språket ut, men blei i persisk tid (rundt 539–330 fvt.) i første rekkje bevart som eit litterært og lærd språk (bønner, hymner, profetlitteratur, krøniker). Det er grunn til å tru at hebraisk i ei viss grad også må ha vore talespråk i persisk tid.

I dei næraste hundreåra før og etter byrja av vår tidsrekning gjekk språket gjennom ei utvikling til den forma vi kallar mishnahebraisk. Dei jødiske etterbibelske heilage skriftene, som Mishna og Talmud, blei skrivne på denne forma for hebraisk og på arameisk.

Etter at tempelet fall i år 70 evt., og etter Bar Kokhva-oppstandane i 132–135 evt., blei jødane eit folk som levde i diasporaen. Jødar i ulike land fekk ulike morsmål, men hebraisk spelte framleis ei viktig rolle som det spesielle og heilage språket i jødedommen. Rabbinarane heldt fram med å skrive og debattere på hebraisk, noko som gjorde kommunikasjon mellom dei lærde i ulike land mogleg. Jødiske guteskular underviste i hebraisk, som var nødvendig for å kunne delta i gudstenestene, der liturgien gjekk føre seg på hebraisk. Skrivne tekstar blei ikkje endra gjennom tidene, men uttalen blei etter kvart ulik i dei ulike områda.

Språkhistorie

I fagleg samanheng er det er vanleg å skilje mellom følgjande språkhistoriske stadium: gammalhebraisk, klassisk hebraisk, sein klassisk hebraisk, mellomhebraisk, mellomalderhebraisk og moderne hebraisk. Til saman dekkjer desse periodane nær 3000 år. Den hebraiske bibelen er den viktigaste kjelda til kunnskap om korleis språket utvikla seg i tidsrommet før vår tidsrekning. Sjølv om den tekstlege overleveringa og massoretane (jødiske skriftlærde) sine omarbeidingar førte til standardisering og språkleg uniformering, speglar Bibelen mange hundreår med diakron utvikling.

Utanombibelske epigrafiske funn representerer eit viktig korrektiv i forsøka på å datere ulike språkhistoriske lag i Bibelen. Den stadig veksande samlinga av utanombibelske hebraiske tekstar frå jernalderen består av ulike innskrifter, brev, graffiti, segl, bullae (små klumpar av leire som blei brukt til å forsegle papyrus) og gravinnskrifter.

Gammalhebraisk

Det er vanleg å gå ut frå at israelittane overtok skrivekunsten frå den kanaaneiske befolkninga i Palestina frå rundt 1100 fvt. eller seinare. Nokre få poetiske tekstar (til dømes andre Mosebok 15 og Domarane 5) gir eit alderdommeleg inntrykk, og enkelte forskarar har datert desse så tidleg som til 1100-talet fvt.

Eit utgrave ostrakon (potteskar som skrivemateriale), funne i Izbet Sarta i 1970 og som stammar frå 1100-talet fvt., har vore rekna som den eldste kjende hebraiske innskrifta, men dette er omstridd. Eit anna ostrakon, funne i 2008 i Khirbet Qeiyafa, som ligg på grensa mellom det gamle Juda og området til filistrane, er truleg frå rundt år 1000 fvt. Skriftteikna er ikkje hebraiske, men fleire forskarar meiner språket kan vere det.

Også den berømte bondekalenderen frå Gezer frå 900-talet fvt., og dessutan fleire andre tekstar frå same tid, nyttar fønikiske skriftteikn. Nokon hebraisk tekst kan ikkje daterast sikkert tidlegare enn til 800-talet fvt. Til dei mest kjende innskriftene høyrer ostraka frå Arad, innskrifter frå Kuntillet Ajrud frå 800-talet fvt., ostraka frå Samaria, potteskar frå Hazor, gravinnskrifter frå Khirbet el-Kom, Siloa-innskrifta frå 700-talet fvt., gravinnskrifter frå Khirbet Bet Layy og Jerusalem og ostraka frå Arad frå 600-talet fvt. og dessutan ostraka frå Arad og Lakish, ein sølvplakett frå Ketef Hinnom (Jerusalem) og ei rekkje bullae frå 500-talet fvt.

Klassisk hebraisk

Klassisk hebraisk, bibelhebraisk, er språket vi finn i dei prestelege og deuteronomistiske historieverka (Mosebøkene, Josva, Dommarboka, Samuelsbøkene, Kongebøkene) og dessutan i størstedelen av profetlitteraturen (Jesaja, Jeremia, Esekiel, Tolvprofetboka med nokre unntak). Det var hovudspråk i Juda gjennom heile jernalderen (kongetida i Bibelen), det vil seie fram til rundt 586 fvt. Ei viss diakron utvikling kan sporast. Det fonologiske systemet som er overlevert i Den hebraiske bibelen, er likevel mykje yngre og representerer aktiviteten til massoretane i perioden frå rundt 500 til rundt 950 evt.

Sein klassisk hebraisk / sein bibelhebraisk

Lærde jødar i persisk tid (539–330 fvt.) nytta så vel hebraisk som arameisk. Også for persisk tid er Den hebraiske bibelen hovudkjelda til kunnskap om hebraisk språk (enkelte seine delar av Salmane og dessutan Haggai, Sakarja, Malaki, Jona, Ester, Esra, Nehemja og dessutan første og andre Krønikebok). Leksikografisk og syntaktisk blir skriftspråket i perioden kjenneteikna av stor innverknad frå klassisk hebraisk, men også frå arameisk og samstundes hebraisk, med nye lånord frå arameisk, akkadisk og persisk.

Med unntak av Daniel kapittel 8–12, som alle er samde om å datere til 100-talet fvt., er det vanskeleg å seie noko sikkert om kva for nokre av bøkene i Bibelen som er forfatta i hellenistisk tid (frå 330 fvt.), og skiljet mellom sein bibelhebraisk og etterbibelsk (hellenistisk) hebraisk er flytande.

Mellomhebraisk

Språket frå rundt 100 fvt. til rundt 400 evt. blir kalla mellomhebraisk og er kjent særleg frå Dødehavsrullane, samaritansk hebraisk og som det språket Mishna (samla i siste halvdel av 100-talet evt.) blei nedskrive på (mishnahebraisk). Den babylonske og palestinske Talmud inneheld også mishnahebraisk materiale. Medan ein tidlegare gjekk ut frå at mellomhebraisk var eit kunstspråk laga av hebraisk og arameisk, meiner ein i dag at språket har hatt basis i eit talt hebraisk i Palestina. Språket er sterkt påverka av arameisk og har mange lånord frå akkadisk og persisk, og særleg frå gresk.

Mellomalderhebraisk

Gjennom heile mellomalderen heldt hebraisk fram med å vere det særmerkte språket for jødedommen, ikkje minst gjennom gudstenesteliturgien. Lærde jødar skreiv kommentarar til Bibelen, og den rabbinske litteraturen, men også filosofiske, juridiske, medisinske og andre vitskaplege verk, blei forfatta på hebraisk. Det fanst også ein rik poetisk tradisjon, så vel religiøs som verdsleg.

Sjølv om språket ikkje lenger var eit talespråk, var hebraisk i heile mellomalderen det første og i nokre tilfelle også viktigaste skriftspråket for utdanna jødar.

Moderne hebraisk

Gjenopplivinga av det hebraiske språket i Palestina rundt 1900 representerer ei eineståande etnolingvistisk og sosiolingvistisk storhending i språkhistoria. Leksikografen Eliezer Ben-Yehuda (1858–1922) fekk lenge nesten all æra for å ha gjenoppliva det gamle heilage språket for å skape eit felles talespråk for heile det jødiske folket. Han skal mellom anna ha vore den første som oppdrog barna sine med moderne hebraisk som morsmål.

I dag er ein likevel klar over at Ben-Yehuda ikkje var åleine om å vilje modernisere hebraisk. Hebraisk var i verkelegheita heller ikkje noko utdøydd språk; det var i utbreidd bruk i religiøs og lærd samanheng. Allereie forut for sionismen eksisterte det, mellom anna i Jerusalem, fleire jødar som hadde byrja å nytte hebraisk som talespråk, ikkje minst for å gjere det mogleg å kommunisere med menneske med opphav i ulike verdsdelar.

I Aust-Europa skjedde det rundt midten av 1800-talet ei sekularisering av hebraisk gjennom utgivinga av mellom anna romanar, skulebøker og aviser. Forfattaren Asher Hirsch Ginsberg (1856–1927), kjend som Ahad Ha-Am (Ein av folket) er ein av dei mest kjende forfattarane frå denne tida. I 1917 sikra Balfour-deklarasjonen hebraisk status som eit av dei offisielle språka i landet. Framveksten av eit standard israelsk-hebraisk språk skaut fart etter skipinga av den moderne staten Israel i 1948. Det blir brukt ved skular, universitet og høgskular og har i dag ein rik skjønnlitterær produksjon.

Jødar frå ulike delar av verda hadde utvikla ulike måtar å uttale språket på. Det største skiljet går mellom askenasisk og sefardisk uttale. Blant dei mange variasjonane av hebraisk uttale valde Ben-Yehuda den sefardiske, og det er denne som gjeld som standard uttale i Israel, og som også blir brukt i gudstenestene. Denne har også fått gjennomslag i mange synagogar i diasporaen. Ultraortodokse og hasidiske meinigheiter bruker sjeldan moderne hebraisk som talespråk, og bruker den askenasiske uttalen i gudstenestene sine.

Alfabet og skrift

Hebraisk
Hebraisk
Lisens: CC BY SA 3.0

Israelittane overtok det fønikiske alfabetet med 22 konsonantteikn ein gong i tidsrommet frå rundt 1100 til rundt 800 fvt. Noko eige hebraisk alfabet kan ikkje identifiserast sikkert før 800-talet fvt., då det skjedde ei utvikling til lokale variantar som gjer det mogleg å skilje mellom fønikisk, hebraisk og arameisk.

Det rår inga fagleg semje om når jødane overtok det arameiske alfabetet og utvikla dette til den karakteristiske hebraiske kvadratskrifta som er i bruk i dag. Opplysninga om tid varierer frå den seinare persartida (første halvdel av 300-talet fvt.) til 200- og 100-talet fvt. Sjølv om den opphavlege hebraiske skrifta etter kvart blei erstatta med den karakteristiske kvadratskrifta, var gammalhebraisk skrift likevel sporadisk i bruk også seinare, til dømes i hellenistisk tid på myntar og krukker, på myntar i hasmoneisk tid og i nokre manuskript frå Qumran. Det er ikkje funne bruk av gammalhebraisk skrift etter Bar-Kokhva-opprøret (132–135 evt.). Eitt unntak finn vi hos samaritanane som framleis nyttar ein variant av gammalhebraisk skrift.

Den opphavlege hebraiske skrifta bestod berre av konsonantar, men etter kvart blei fire av konsonantane (alef, heh, waw, jod) også brukt for å uttrykkje vokallydar. I dei hebraiske bibeltekstane er dette systemet berre brukt delvis og utan eit fast mønster. Tradisjonen avgjorde korleis orda skulle uttalast. Dette kunne føre til ulike lesemåtar.

I mellomalderen utvikla dei jødiske lærde, masoretane, difor eit system av tilleggsteikn (nikud), som skulle standardisere uttalen. Arbeidet gjekk føre seg både ved jeshivaene i Babylonia (dagens Irak) og i landet Israel (Eretz Israel). Vokalteikna blir plasserte under, over og inne i konsonantteksten. I nokre tilfelle bestemte masoretane også at uttalen (kere) skulle vere annleis enn det konsonantane skulle tilseie (ketiv). Også dette blir markert i teksten. Det same gjer andre kommentarar og eventuell usemje om lesemåten. Desse vokalteikna og kommentarane blir berre brukte i trykte utgåver av Tanakh og finst aldri i dei handskrivne Torarullane.

Språklege særtrekk

Fonologi

Med unntak for moderne hebraisk veit ein svært lite om hebraisk fonemikk og fonetikk i dei ulike periodane av historia til språket. Beskrivingar må baserast på det ortografiske systemet, på rekonstruksjonar og antakingar.

Det hebraiske fonologiske systemet består av konsonantar, halvvokalar, vokalar og trykk. Blant særtrekk som karakteriserer dei semittiske språka, er gutturallydar, i hebraisk khet og ayin, og bruken av emfatiske konsonantar, hebraisk tet, tsade og qof.

Spesielt for hebraisk er at dei bilabiale plosivane pe og beit i visse posisjonar opptrer som dei labiodentale frikativane f og v, til dømes ab 'far' som blir uttalt [av]. Dei ikkje-emfatiske plosivane beit, gimel, dalet, kaf, pe og taw får etter vokal frikativ uttale.

Morfologi

Hebraisk har ordklassane nomen, verb, talord, partikkel og adverb. Det er to kjønn, hankjønn og hokjønn, og tre tal: eintal, total (sjeldan) og fleirtal. Kjønn og tal blir uttrykt både i nominal- og verbalbøyingane. Hebraisk har den klassiske semittiske ordstrukturen der ein frå ei rot på som regel tre konsonantar som antydar grunnbetydninga, uttrykkjer ulike leksikalske og grammatikalske morfem ved å føye til vokalar og affiks. Frå rota ktv 'skrive' kan ein danne katav 'han skreiv', jiktov 'han skriv', ketov 'skriv', katuv 'skrive', miktav 'skrift' og så vidare.

Eit særleg problem i hebraisk er spørsmålet om dei finitte verbalformene angir tempus eller aspekt, det vil seie om det blir angitt om handlingar er vedvarande eller avslutta, eller om det dreier seg om opplysningar om fortid eller notid/framtid. Medan ein lenge har halla mot ei rein aspektforståing, meiner mange i dag at tempus er langt viktigare enn kva ein tidlegare har trudd.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (5)

skreiv Sverre Olav Lundal

"Leksikografen Eliezer Ben-Jehuda (1858–1922) er blitt gitt mye av æren for dette enestående eksempel på lingvistisk nasjonalisme, men hans rolle er i dag mer omstridt". Dette punktet i artikkelen kunne eg ønskja ei nærare utdjuping av. Eg har søkt litt rundt på nettet, men eg har ikkje greidd å finna nokon kritiske røyster.

svarte Mari Paus

Hei! Takk for kommentaren. Vi har desverre ikke noen fagansvarlig for denne artikkelen. Når en fagansvarlig er på plass vil vi kunne behandle kommentaren din. Med vennlig hilsen Mari Paus

svarte Bente Groth

Hei, fikk nettopp en E-post fra redaksjonen om denne kommentaren. Jeg har ikke selv skrevet denne formuleringen, men det som menes er nok mest at man i dag er mer klar over at Ben-Yehuda nok ikke var eneansvarlig for gjenopplivingen av hebraisk. Den såkalte "Hebrew Language Committee" som ble grunnlagt allerede i 1890, hadde for eksempel flere medlemmer (David Yellin, A. Mazia med flere). Komitéen ble oppløst etter kun ett år, men gjenopprettet i 1903. Flere andre enkeltpersoner og jødiske grupper i slutten av 1800- og begynnelsen av 1900-tallet var opptatt av å fornye det hebraiske språket, slik at det kunne benyttes om tale- og undervisingsspråk. Forfatteren Asher Ginsberg, kallt Ahad Ha-Am, er kanskje den mest kjente blant disse. Bente Groth (fagansvarlig jødedom)

skreiv Nicolai Næss-Kjennvold

« Hebraisk er offisielt språk (ved sida av arabisk) i staten Israel.» Betyr dette at både arabisk og hebraisk er offisielle språk i staten Israel? I artikkelen om staten Israel står kun hebraisk oppført som offisielt språk.

svarte Rolf Theil

Hei,
I artikkelen om Israel står det: «Offisielle språk er hebraisk og arabisk.» Eg skal med det første prøve å få til ei meir nyansert framstilling.
Som https://www.cia.gov/the-world-factbook/countries/israel/ skriv: «Hebrew (official), Arabic (special status under Israeli law)». Ei utdjuping av dette finn t.d. her: https://www.wikiwand.com/en/Arabic_language_in_Israel.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg