akkadisk

Brev skrevet i akkadisk kileskrift på steintavle. Skriften har former og tegn som minner om kiler eller vinkler, laget ved at man presset tegnene inn i våt leire med firkantede grifler. Siden gikk man over til å lage innskrifter på stein.

Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Akkadisk er det eldste kjende semittiske språket. Det var hovudspråket i Mesopotamia, og området som omfattar dagens Syria, i nesten tre tusen år. Språket blei skrive med ei kileskrift som var overteken frå sumerisk. Nemninga akkadisk stammar frå ordet akkadu, språket til innbyggjarane i byen Akkad i Mesopotamia.

Faktaboks

Uttale
akkˈadisk
Språkkoder
akk (AKK)
ISO-639:3
akk

På 3000-talet før vår tidsrekning fanst det minoritetar i Mesopotamia som talte det semittiske språket som seinare blei kjent som akkadisk. Nokre hundre år etter 3000 fvt. blei akkadisk det dominerande språket. Akkadisk var administrasjonsspråk i fleire rike i Mesopotamia frå 2300-talet til 600-talet fvt.

Det akkadiske namnet for riket var Māt Akkadi, akkadûm 'akkadisk', Bābilim 'Babylon'.

Vitskapen som driv med studiet av akkadisk språk og litteratur, blir kalla assyriologi.

Språkfamilie

Akkadisk høyrer til den austlege greina av semittisk, som er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien. Dei andre greinene er egyptisk (utdøydd), berbersk, tsjadisk, kusjittisk (kanskje fleire greiner) og omotisk (omstridt).

Babylonsk og assyrisk var akkadiske dialektar. Det er usemje om eblaittisk – kjent frå 4500 år gamle innskrifter i oldtidsbyen Ebla (i det noverande Nordvest-Syria) – var eit eige språk eller ein gamalakkadisk dialekt.

Språkhistorie

Akkadisk er belagt tidlegast av alle semittiske språk.

I hundreåra før 3000 før vår tidsrekning var sumerisk det dominerande språket i Mesopotamia, men det fanst òg semittisktalande folk. Sumerisk døydde truleg ut som talemål litt før 2000 f.Kr. Akkadisk er påverka av sumerisk i lydsystem, grammatikk og ordtilfang.

Det er vanleg å dele akkadisk språkhistorie i fem bolkar, mest på grunnlag av mesopotamisk politisk historie:

Periode Akkadisk/assyrisk Babylonsk
1 2500–2000 fvt. gamalakkadisk
2 2000–1500 fvt. gamalassyrisk gamalbabylonsk
3 1500–1000 fvt. mellomassyrisk mellombabylonsk
4 1000–600 fvt. nyassyrisk nybabylonsk
5 600 fvt.–100 evt. seinbabylonsk

Dei første skriftlege belegga for akkadisk er namn i sumeriske tekstar frå kring 2600 f.Kr. Samanhengande tekstar på akkadisk er kjende frå kring 2350 f.Kr.

Gamalakkadisk var språket i Det akkadiske riket, 𒆳𒌵𒆠 māt Akkadi (ca. 2334–2154 fvt.), det første store riket i Mesopotamia, med hovudstaden Akkad, som kong 𒈗𒁺 Šarru-kīnum 'sann konge' (hebraisk סרגון Sargon, i Jesaja 20,1) fekk bygd kring 2300 fvt.

Kring 2000 fvt. oppstod eit dialektskilje mellom assyrisk i Nord-Mesopotamia og babylonsk i Sør-Mesopotamia.

Assyrisk

Gamalassyrisk er primært kjent frå oldtidsbyen Kaneš (i dag Kültepe i Tyrkia).

Mellomassyrisk er særleg kjent frå det mellomassyriske riket (1392–934 fvt.), med hovudstaden Aššur (Assur i norske omsetjingar av Det gamle testamentet, til dømes i Første Mosebok 2,14 – hebraisk: אשור ʔaššur).

Nyassyrisk var talemålet i det nyassyriske riket og er kjent frå innskrifter fram til dette riket gjekk under i 609 fvt.

Babylonsk

Gamalbabylonsk blei talt under det første dynastiet i Babylon (ca. 1894–1595 fvt.). Den mest vidgjetne kongen i dette dynastiet var 𒄩𒄠𒈬𒊏𒁉 Xammurapi (Hammurabi) (ca. 1792–1750 fvt.).

Babylonsk var eit internasjonalt lingua franca i Midt-Austen frå gamalbabylonsk tid og til 600–500-talet fvt., då arameisk overtok denne rolla. Babylonske tekstar er ikkje berre funne i Mesopotamia, men òg i Anatolia, Levanten og Egypt.

Mellombabylonsk blei talt under det kassittiske dynastiet (ca. 1531–1155 fvt.), då gamalbabylonsk fekk status som klassisk akkadisk, og skrivarar i både Assyria og Babylonia skreiv eit gamalbabylonsk som vi i dag kallar standardbabylonsk. Det er språkforma i kjende litterære verk som skapingseposet 𒂊𒉡𒈠𒂊𒇺 Enûma eliš og helteeposet 𒄑𒂆𒈦 Gilgameš.

Nybabylonsk blei talt fram til Assyria gjekk under på 600-talet fvt., då arameisk fortrengde akkadisk som talemål. Akkadisk blei likevel nytta som lærd og liturgisk språk til første hundreåret etter 0. Perioden då akkadisk berre var skriftspråk, kallar vi seinbabylonsk.

Tyding av kileskrifta

Både kileskrifta og sjølve språket vart gløymd, og først på slutten av 1700-talet byrja forskarar å studere kileskrifta. I 1767 presenterte den britiske arkeologen og assyriologen Carsten Niebur avskrifter av kileskrifttekstar, og ved hjelp av fleirspråklege tekstar, særleg frå oldtidas Persia, prøvde fleire forskarar å tyde teikna. Det endelege gjennombrotet kom på midten av 1800-talet, og blir tilskrive briten Henry Rawlinson.

Utgravingar i området har fått fram ei enorm mengd leirtavler med akkadisk kileskrift. Innhaldet i tekstane spenner over eit stort mangfald; som kongeinnskrifter, rekneskap, forretningsavtalar, lønningslister, vitskaplege tekstar, mytar, hymnar og dessutan personlege brev og meldingar.

Språksystem

Akkadiske substantiv har eitt av to genus (maskulinum og femininum), og dei blir bøygde i status (konstrukt og absolutt), kasus (nominativ, akkusativ og genitiv) og numerus (singularis, dualis og pluralis).

Konstrukt var overledd i genitivkonstruksjonar: ēkal šarrim 'palasset til kongen'. Ēkal er konstrukt singularis av ēkallum 'palass', og šarrim er genitiv singularis av šarrum 'konge'.

Adjektiv blei bøygde i genus, numerus og kasus. I ein substantivfrase stod adjektivet etter substantivet, som i šarrū dannūtum 'sterke kongar', og blei bøygd i samsvar med substantivet. Dannūtum 'sterke' er maskulinum, pluralis, nominativ.

Akkadisk er – på grunn av sumerisk påverknad – eit SOV-språk, der subjekt (S), objekt (O) og verb (V) har denne rekkjefølgja. SOV er uvanleg i semittisk, som frå gamalt hadde VSO. Adverbial kjem mellom objektet og verbet. Her er eit døme:

  • bēlum abam ša šarratim ina ālim is'bat 'herren greip faren til dronninga i byen'
  • bēl-um ab-am ša šarr-at-im ina āl-im is'bat
  • herrenominativ farakkusativ determinativt-relativt pronomenkongefemininum-genitiv i bygenitiv gripe3. person singularis, perfektiv

Som i andre semittiske språk er verbbøyinga omfattande og komplisert. Dei fleste verb har ei rot med tre konsonantar, som s'‑b‑t 'gripe'. I tillegg til perfektive former som is'bat 'ho/han greip' har vi mellom mykje anna imperfektive former som as'abbat 'eg grip' og perfektumformer som nis'tabat 'vi har gripe'.

Skrift

Akkadisk blei skrive med kileskrift – oftast ved å trykkje ein griffel inn i ei våt leirtavle, men òg på stein og metall. Over ein million tekstar er funne, og talet aukar stadig. Tekstane dekkjer eit stort utval av sjangrar, frå personlege brev til ekteskapskontraktar, matematiske tekstar, grammatikkar og litterære verk.

Den akkadiske kileskrifta var overteken frå sumerisk. Dei skreiv normalt frå venstre til høgre, som i dette dømet, presentert med translitterasjon, transkripsjon og omsetjing:

  • 𒁹𒄩𒄠𒈬𒊏𒉿𒈗𒆍𒀭𒊏𒆠𒄑𒈠𒅕𒅗𒀊
  • dxa-am-mu-ra-pi lugal ka.diŋir.raki gišma ir-ka-ab (translitterasjon)
  • Xammurapi šar Bābilim eleppam irkab (transkripsjon)
  • 'Hammurapi, kongen av Babylon, entra (= gjekk om bord i) båten'

Det finst tre typar teikn stavingsteikn, ordteikn og determinativ. Stavingsteikna står for vokal (V) eller ein kombinasjon av vokal og konsonant (K) før og/eller etter: V, VK, KV, KVK. Verbet irkab 'entra' blir skrive med stavingsteikn av typane VK og KV: 𒅕 ir, 𒅗 ka og 𒀊 ab. Typane V og KVK finn vi i 𒂊𒆗𒈝 e-kal-lum, ein mogleg skrivemåte av ēkallum 'palass'.

Ordteikna står for heile ord. Dei blir translitterte med den opphavlege sumeriske uttalen, skriven med store bokstavar. 𒈗 lugal 'konge' står for akkadisk šar, som er konstrukt singularis av šarrum 'konge'. Dei tre sumeriske ordteikna 𒆍𒀭𒊏 ka.diŋir.ra tyder 'porten opp til Gud' og står for akkadisk Bābilim 'Babylon'. Når fleire ordteikn står for eitt akkadisk ord, skil vi dei i translitterasjonen med punktum.

Determinativa skil seg frå stavingsteikna og ordteikna ved at dei ikkje blir uttalte. Dei blir translittererte i heva skrift. Dei står før eller etter eit ord og gir informasjon om tydinga:

  • Determinativet 𒁹 d, for sumerisk diš 'namn', står framfor mannsnamn, her Xammurapi 'Hammurapi'.
  • Determinativet 𒆠 ki, sumerisk for 'land', 'område', står etter namn på land og byar, her Bābilim 'Babylon'.
  • Determinativet 𒄑 giš, sumerisk for 'tre', 'ved', 'tømmer', står framfor substantiv som viser til ting som er laga av tre, i dette tilfellet eleppam 'båt', som blir skrive med ordteiknet 𒈠 ma, sumerisk for 'båt'.

I akkadisk skilde ein til vanleg ikkje mellom korte og lange vokalar – mutum 'husbonde' og mūtum 'død' blei begge skrivne 𒈬𒌈 mu-tum. Men lang vokal kunne markerast med eit ekstra vokalteikn: 𒈬𒌋𒌈 mu-u-tum mūtum. Kontrakte vokalar i slutten av ord blei vanlegvis merkte med eit ekstra vokalteikn: 𒉺𒉡𒌋 pa‑nu‑u panû 'først'.

Skrifta var ikkje heilt eintydig. 𒆠 stod for både ke og ki, 𒁍 stod for både bu og pu. På den andre sida fanst det fleire stavingsteikn med same uttale: sa kunne skrivast 𒊓, 𒁲, 𒈿, 𒊷, 𒉚 eller 𒉛.

Lånord

Første Mosebok 11,1–9 fortel om då Herren spreidde folk over jorda og forvirra språket deira fordi dei ville byggje ein by og eit tårn som nådde opp til himmelen. Difor kalla dei byen Babel, «for der forvirra Herren språket for heile jorda».

Namnet Babel kjem av bibelhebraisk בבל båbæl, frå seinbabylonsk Bābil, av gamalbabylonsk Bābilim. Utanfor Bibelen kallar vi byen for Babylon, av gresk Βαβυλών Babulṓn.

Hebrearane meinte at namnet Babel hang saman med det hebraiske verbet בלל bålal 'blande' eller 'forvirre' – noko som har synt seg å vere ei feiltolking.

Babylon oppstod som ein liten akkadisk by kring 2300 f.Kr. Opphavleg skal han ha heitt Babilla, med ukjend etymologi. Kort tid før år 2000 f.Kr. endra akkadarane namnet til Bāb-ilim 'Guds port', som eit resultat av etymologisk spekulasjon.

Dei byrja samstundes å skrive namnet på byen med sumeriske ordteikn som tydde 'porten opp til Gud': 𒆍𒀭𒊏𒆠 ka.diŋir.raki.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Giorgio Buccellati: «Akkadian and Amorite Phonology», i Alan S. Kaye (red.): Phonologies of Asia and Africa (Including the Caucasus), s. 3–38. Winona Lake 1997
  • Irving Finkel og Jonathan Taylor: Cuneiform. London 2015
  • John Huehnergard: A Grammar of Akkadian, 3. utg. Winona Lake 2011
  • John Huehnergard og Christopher Woods: «Akkadian and Eblaite», i Roger D. Woodard (red.): The Cambridge Encycloipedia of the World's Ancient Languages, s. 218–280. Cambridge 2004
  • Martin Worthington: Complete Babylonian. Abingdon 2010

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg