Artikkelstart
Fønikisk er eit utdøydd språk som i oldtida vart snakka av fønikarane, eit kanaaneisk handelsfolk som budde i ei lang rekkje bystatar i Middelhavsområdet i oldtida. Fønikisk var eit semittisk språk, nærast i slekt med hebraisk.
Faktaboks
- Uttale
- fønˈikisk
- Språkkoder
- phn (PHN)
- ISO-639:3
- phn
Fønikisk var prestisjespråket i Levanten i mange hundre år tidleg i det siste tusenåret fvt. og hovudspråket i fønikiske koloniar og bystatar. Då Karthago vart grunnlagt som koloni i Nord-Afrika på 800-talet fvt., vart fønikisk (punisk) det offisielle språket der.
Fønikisk er berre kjent gjennom innskrifter, den eldste frå cirka 1000 fvt., størsteparten frå tida etter 500 fvt., og gjennom nokre replikkar hos den latinske diktaren Plautus (død 184 fvt.) i komedien Poenulus.
Fønikisk vart, på same måte som det eldste hebraisk, skrive med nordvestsemittiske alfabetteikn. Desse er tydelegvis utvikla i Fønikia i tida 1700–1200 fvt. Derfrå vart dei overførte til grekarane og har vorte grunnlaget for dei europeiske alfabeta (sjå alfabet).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.