Semittiske språk er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien som har utspring i Midtausten, og som har ei rekkje felles trekk. Godt over 200 millionar menneske snakkar semittiske språk.
Faktaboks
- Uttale
- semˈittiske språk
Semittiske språk er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien som har utspring i Midtausten, og som har ei rekkje felles trekk. Godt over 200 millionar menneske snakkar semittiske språk.
Nemninga semittisk språk er henta frå den gammaltestamentlege mytiske stamtavla, der Noas tre søner Sem, Kam (Han) og Jafet er stamfedrar til dei semittiske, hamittiske (afrikanske) og jafittiske (indoeuropeiske) folkegruppene.
Lenge gjekk ein ut frå at den arabiske halvøya var utgangspunktet for det ursemittiske språket. Alle kjende semittiske folkevandringar har hatt utspring der. Alternative teoriar har søkt dei semittiske røtene i småfekulturane i randsonene langs den syriske ørkenen eller i Mesopotamia. Merksemda omkring fellestrekk i dei semittiske og hamittiske språka har dei seinare åra gjort at forskinga har retta seg mot eit felles opphav i Nord-Afrika.
Men nyare teoriar har også utfordra eit eindimensjonalt syn på eit felles opphav, eit ursemittisk, som så utvikla seg i ulike retningar til dialektar og språk. Ein reknar med at eit mykje meir komplisert samspel av samanfall og avvik (konvergens og divergens/innovasjon) og gjensidig påverknad kan forklare likskapane og forskjellane mellom dei semittiske variantane.
Dei semittiske språka blir gjerne delte i tre hovudgrupper etter geografisk spreiing og i samsvar med visse bindande og skiljande språktrekk:
Nordvestsemittisk omfattar desse språka:
Dessutan omfattar nordvestsemittisk ei rekkje historiske språk som er i slekt, og som blir rekonstruerte ved nye funn av gamle inskripsjonar og tekstrullar i området langs den syriske kysten.
Sørvestsemittisk omfattar desse språka:
Alternativt blir arabisk (med variantane sine) klassifisert som ei eiga sentralsemittisk gruppe.
Dei semittiske språka har ei rekkje fellestrekk.
Lydsystemet har ein sterk representasjon av faryngalar og laryngalar (strupelydar), ein serie med opposisjon av stemd-ustemd-emfatisk konsonant.
Når det gjeld ordstrukturen, blir til dømes tre konsonantar («rotkonsonantar») kombinerte for å gi ei grunnleggjande betydning, og kombinasjonen blir modifisert ved hjelp av eit regelmessig system av ulike vokalmønster og affiks for å danne enkeltord.
I verbalsystemet er aspektdimensjonen meir sentral enn tempus, og i syntaksen er det ein tendens til å føretrekkje sideordning framfor underordning.
Dei semittiske språka har også mykje av ordtilfanget felles. Den felles arven av tidlege «kulturord» ser ut til å spegle ein sivilisasjon i overgangen mellom nomadisk og fastbuande levesett.
Forskarar i dag understrekar at grensene mellom dei semittiske «språka» er flytande, og det gjeld også avgrensinga mot andre språkgrupper i den afroasiatiske språkfamilien.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.